Ledig stilling ved Universitetet i Bergen

Ph.d -stipendiat på CanCode - prosjektet

Søknadsfrist: 10.05.2020

Universitetet i Bergen

Universitetet i Bergen er ein anerkjend utdannings- og forskingsinstitusjon, organisert i sju fakultet og omlag 54 institutt og faglege senter. Campus ligg i sentrale delar av Bergen med universitetsområde på Nygårdshøyden, Haukeland, Marineholmen, Møllendalsveien og Årstad.


Det humanistiske fakultet består av fire institutt og fire senter. Les meir om fakultet og tilhøyrande institutt.

UiB - Kunnskap som formar samfunnet

Gjennom eit sterkt og tett samspel med omverda - globalt, nasjonalt og lokalt - skal vi medverke til eit samfunn bygd på kunnskap, ferdigheiter og haldningar.

Vil du vere med å forme framtida?

Ph.d.-stipendiat på CanCode-prosjektet

Ved Institutt for framandspråk er det ledig ei stipendiatstilling knytt til CanCode-prosjektet. Planlagt start er 1. januar 2021 eller etter avtale. Stillinga er for ein åremålsperiode på 4 år. CanCode prosjektet er finansiert av Trond Mohn Stiftelse og Universitetet i Bergen.

Institutt for framandspråk har ni ulike språkfag: arabisk, engelsk, fransk, italiensk, japansk, kinesisk, russisk, spansk språk og latinamerikastudium og tysk. Det blir undervist og forska innan disiplinane språk/lingvistikk, litteratur, kulturkunnskap og fagdidaktikk (http://www.uib.no/fremmedsprak). Instituttet har rundt seksti fast vitskapleg tilsette, tretti i rekrutteringsstillingar og ti administrativt tilsette. Arabiskfaget ved instituttet tilbyd eit bachelorprogram og eit vidareutdanningstilbod, og programmet har per i dag to faste stillingar.

Om Cancode-prosjektet og PhD-stillinga:

CanCode-prosjektet (2020-2024) skal studera og teoretisera endring i tekstane i islamsk lov over tid. Utgangspunktet er dei to hovudomgrepa "kanonisering" og "kodifisering", som blir studert på tvers av skiljet mellom det før-moderne og moderne.

Det er fire arbeidspakkar i prosjektet:

A: Kanoniseringsprosessar på den før-moderne og koloniale Swahili-kysten.

B: Kanoniseringsprosessar i islamsk lov og normer i det samtidige Skandinavia

C: Kodifisering av islamsk lov i før-moderne Zaydi Jemen

D: Kodifisering av islamsk lov i det samtidige Egypt og Israel

Ein femte arbeidspakke (E) er det samanbindande hovudfokuset til prosjektet, der empiriske data frå arbeidspakke A-D blir samanlikna og kontrastert med teoribygging som mål.

Den utlyste PhD-stillinga er knytt til arbeidspakke C, kodifisering av islamsk lov i det før-moderne Zaydi Jemen. Det er forventa av kandidaten at ho eller han arbeider med eit prosjekt som passar inn i denne arbeidspakken. Tema skal vere innan rammene av historiske utviklingar av Zaydi lov og rettsvitskap (fiqh) i tida før 1962. Tema må dekkje eit visst tidsspenn og vidare prosessar av endring, og ikkje berre ha fokus på ein enkelt forfattar eller eitt verk. Det vil vera ein føremon med fokus på "tradisjonell" Zaydi fiqh, og på tema i lova som truleg vart brukte i domstolar, slik som det meste av lova om transaksjonar (muʿāmalāt).

Søkjarar må kontakte prosjektleiar Eirik Hovden på eirik.hovden@uib.no for å få tilsendt ein omtale av prosjektet.

Kvalifikasjonar og eigenskapar:

  • Søkjarar må ha norsk mastergrad eller tilsvarande i eit fag som er relevant for prosjektet, slik som islamsk lov, islamske studiar, Jemens historie, arabisk litteratur eller rettsantropologi. Det er ein føresetnad at mastergraden er oppnådd før søknadsfristen går ut. Søkjarar som ikkje har norsk mastergrad, blir vurderte etter krav frå Nasjonalt organ for kvalitet i utdanninga (NOKUT). Dokumentasjon av utanlandsk utdanning vil kunne bli sendt til NOKUT for å vurdere om utdanningsgrunnlaget er likeverdig med norsk mastergrad.
  • Søkjaren må kunne arbeide med arabiske kjelder, òg i form av manuskript.
  • Søkjarar må kunne arbeide sjølvstendig og strukturert, og ha gode samarbeidsevner.
  • Søkjar må meistre engelsk, skriftleg og munnleg.
  • Søkjar må kunne undervise i arabisk språk på lågare grad.

Ved vurderinga av søknadene blir det lagt vekt både på den vitskaplege kvaliteten i prosjekta og dei faglege grunnkvalifikasjonane hjå søkjarane.

Ved tilnærma like kvalifikasjonar mellom dei rangerte søkjarane blir det lagt vekt på fagstrategiske omsyn, motivasjon og kor personleg eigna søkjarane er.

For stillinga gjeld følgjande:

Om stipendiatstillingaStipendiatstillingar har som hovudmål å leie fram til ein ph.d.-grad, som kvalifiserer for sjølvstendig forskingsverksemd og for anna arbeid i samfunnet som krev særleg kompetanse. Samla stipendperiode er 4 år, der 25 % av tida er pliktarbeid knytt til undervisning, formidling og administrasjon. Plan for denne delen av stillinga blir avtalt med instituttet ved tilsetjing.

Kandidatar som tidlegare har hatt doktorgradsstipend ved Universitetet i Bergen, kan ikkje søkje.

Tilsetjingsperioden kan bli redusert dersom den som blir tilsett, tidlegare har vore tilsett i rekrutteringsstilling.

Tilsetjing i stillinga krev at ein har sin daglege arbeidsplass ved Universitetet i Bergen og rettar seg etter dei retningslinene som til kvar tid gjeld for stillinga.

Om forskarutdanninga Stipendiaten skal delta i eit godkjent utdanningsprogram for ein ph.d.-grad innanfor ei ramme på 3 år. Det er ein føresetnad at søkjaren fyller krava for opptak til ph.d.-program ved Universitetet i Bergen.

Vi tilbyr:

  • Eit godt og fagleg utfordrande arbeidsmiljø.
  • Løn tilsvarande lønssteg 54 (kode 1017/LR20, alternativ 10) i det statlege lønsregulativet. Dette utgjer for tida ei årsløn på kr. 479 200,- brutto. Vidare opprykk etter tenesteansiennitet i stillinga.
  • Medlemskap i Statens pensjonskasse.
  • Stilling i ei inkluderande arbeidslivsverksemd (IA-verksemd).
  • Gode velferdsordningar.

Slik søkjer du stillinga:

Søknaden skal sendast elektronisk via lenkja «SØK STILLINGEN» på denne sida. Søkjaren må nytte det elektroniske CV-skjemaet.

Søknaden skal innehalde:

  • Ei kort utgreiing om søkjaren sine forskingsinteresser og motivasjonen for å søkje stillinga
  • CV
  • Namn og kontaktinformasjon til to referansepersonar, ein av desse må vere hovudrettleiaren frå masteroppgåva eller tilsvarande oppgåve
  • Karakterutskrift og vitnemål for bachelor- og mastergrad
  • Eit kort samandrag av masteroppgåva eller tilsvarande oppgåve (inntil 3 sider)
  • Relevante attestar
  • Prosjektomtale (inntil 5 sider/12.000 teikn)
  • Framdriftsplan for prosjektet
  • Litteraturliste for prosjektomtalen
  • Liste over eventuelle faglege publikasjonar (publikasjonsliste)
  • Eventuelle vitskaplege arbeid (inntil 3)
  • Stadfesting frå hovudrettleiar ved instituttet.

Søkjar må ha etablert kontakt med prosjektleiar Eirik Hovden, som vil vera hovudrettleiar for ph.d.-prosjektet.

Søknad og vedlegg med attesterte omsetjingar til engelsk eller eit skandinavisk språk må lastast opp i Jobbnorge. Vedlegga kan vere i Word- eller pdf-format.

Generell informasjon:

Utfyllande opplysningar om stillinga kan ein få ved å vende seg til:

Den statlege arbeidsstyrken skal i størst mogleg grad spegle mangfaldet i befolkninga. Personar med innvandrarbakgrunn og personar med nedsett funksjonsevne blir oppmoda om å søkje stillinga.

Universitetet i Bergen nyttar meirinnsyn ved tilsetjing i vitskaplege stillingar. Opplysningar om søkjaren kan bli gjort offentlege sjølv om søkjaren har oppmoda om ikkje å bli ført på søkjarlista. Dersom oppmodinga ikkje blir teke til følgje, skal søkjaren varslast om dette.

Aktuelle søkjarar blir kalla inn til intervju.

Spørsmål om elektronisk søknadsprosedyre kan sendast på e-post til Det humanistiske fakultet: fakadm@hf.uib.no.

Nærare om utforming av søknad her.

Nærare om tilsettingsprosessen her.

SØK STILLINGEN

Powered by Labrador CMS