Ledig stilling ved Universitetet i Bergen

Stipendiat i medievitskap

Søknadsfrist: 20.08.2020

Universitetet i Bergen

Universitetet i Bergen er ein anerkjend utdannings- og forskingsinstitusjon, organisert i sju fakultet og omlag 54 institutt og faglege senter. Campus ligg i sentrale delar av Bergen med universitetsområde på Nygårdshøyden, Haukeland, Marineholmen, Møllendalsveien og Årstad.


Det samfunnsvitenskapelige fakultet består av sju institutt og tre senter. Les meir om fakultet og tilhøyrande institutt.

UiB - Kunnskap som formar samfunnet

Gjennom eit sterkt og tett samspel med omverda - globalt, nasjonalt og lokalt - skal vi medverke til eit samfunn bygd på kunnskap, ferdigheiter og haldningar.

Vil du vere med å forme framtida?

Stipendiat i medievitskap

Vi ønsker deg velkommen som søker til ei stilling som stipendiat ved Institutt for informasjons- og medievitskap. Stillinga er knytt til den medievitskaplege delen av instituttet, og gjeld for ei åremålsperiode på 4 år. I alt 25 % av samla tilsetjingstid er arbeidsplikt som skal utførast ved instituttet.

Dette er ei ope utlysing, og vi ber deg relatere deg til ei eller fleire av dei relevante forskingsgruppene:

  • Forskingsgruppe for mediebruk og publikumsforsking: Forskar på korleis menneske – som publikum, brukarar og borgarar – relaterer seg til media, og korleis ein gjennom media relaterer seg til kvarandre og til samfunnet.
  • Forskingsgruppe for retorikk, demokrati og offentlig kultur: Forskar på korleis ein brukar kommunikasjon til å argumentere, overtyde, og skape eller uttrykke identitet og identifikasjon – som individ, i organisasjonar og i samfunn.
  • Gruppe for journalistikkforsking: En bred tilnærming til nyheiter, journalistikk og sosiale media sin rolle i offentligheita
  • Medieestetikk: Søkjer å skape større forståing rundt medieestetiske uttrykk. Ein orienterer seg breitt mot samtidige og historiske sjangrar, medieteknologiar og interaksjonsformer.

For meir informasjon om forskingsgruppene og instituttet, sjå instituttet si heimeside: https://www.uib.no/infomedia . Ta gjerne kontakt med leiar for aktuell(e) forskingsgruppe(r).

Prosjektet:

Ei kortfatta prosjektskildring (5-8 sider) skal ligge føre saman med søknaden. Prosjektskildringa skal gjere greie for tema, problemstilling(ar) og val av teori og metode. Skildringa skal innehalde framdriftsplan for dei ulike delane av forskingsarbeidet. Ved tilsetjing vil prosjektskildringa vere grunnlaget for opptak til ph.d.-utdanninga.

Kvalifikasjonar og eigenskapar:

  • Mastergrad i medievitskap eller tilsvarande utanlandsk utdanning. Graden må vera oppnådd innan fristen for søknaden.
  • Minstekravet for søkjarane skal normalt vere B, eller betre, både på masteroppgåva og for mastergraden som heilskap.
  • Kunne arbeide sjølvstendig, ha stor arbeidskapasitet og entusiasme for forsking
  • Nytte engelsk skriftleg og munnleg

Aktuelle kandidatar vil bli innkalla til intervju.

Undervisningsspråket er til vanleg norsk, men noko av undervisninga blir og gjeven på engelsk

For stillinga gjeldt følgande:

Om stipendiatstillinga:

Samla stipendiatperiode er 4 år, der 25 % av tida er pliktarbeid, knytt til forsking, undervisning og formidling. Om du tidligare har vore tilsett i rekrutteringsstilling, kan det bli gjort frådrag i tilsetjingsperioden.

Om ph.d.-utdanninga:

Som stipendiat skal du delta i ph.d.-utdanninga ved Det samfunnsvitskaplege fakultet, UiB. Utdanninga har ei normert tidsramme på 3 år, og leiar fram til ein ph.d.-grad. For opptak må du ha fullført mastergrad. Omfanget av mastergraden må normalt vere på 120 studiepoeng og bygge på ein bachelorgrad på 180 studiepoeng (normalt 2+3 år), eller ein integrert mastergrad av 300 studiepoeng (5 år). I mastergraden skal det normalt inngå eit sjølvstendig arbeid av eit omfang på minimum 30 studiepoeng. Mastergraden skal normalt vere innan det fagområdet det vert søkt om opptak til.

Vi tilbyr:

  • Løn etter lønssteg 54 (st. kode 1017) ved tilsetjing. Dette utgjer ei årsløn på kr. 479.600 brutto. Vidare opprykk skjer etter tenesteansiennitet i stillinga
  • Godt fagleg og sosialt miljø med høg kvalitet på forsking og undervising
  • Medlemsskap i Statens pensjonskasse
  • Gode velferdsordningar

Søknaden skal innehalde:

  • Ei kort utgreiing om søkjaren sine forskingsinteresser og motivasjon for å søkje stillinga
  • Tilknytting til aktuell(e) forskingsgruppe(er)
  • Namn og kontaktopplysningar til to referansepersonar, ein av desse må vere hovudrettleiaren frå masteroppgåva eller tilsvarande oppgåve
  • Prosjektskildring
  • CV
  • Karakterutskrifter og vitnemål for bachelor- og mastergrad
  • Relevante attestar
  • Eventuell liste over vitskaplege arbeid (publikasjonsliste)
  • Eventuelle publikasjonar
  • Dersom du har mastergrad frå utanlandsk lærestad, eller 2-årig disiplinbasert mastergrad (eller tilsvarande) innan eit anna fagområde enn du vil bli knytt til, kan du verte bede om å sende inn ei oversikt over pensum til den mastergraden du har oppnådd

Søknad og vedlegg med attesterte omsetjingar til engelsk eller eit skandinavisk språk må lastast opp i Jobbnorge.

Generell informasjon:

Søknadsfrist: 20. august 2020.

Søknaden må merkast: 20/6145.

Søknader utan prosjektskildring eller søknader som vert sende på e-post vil ikkje verte vurderte. Berre vedlagte dokument vil bli lagt til grunn for sakkyndig vurdering.

Utfyllande opplysningar om stillinga kan ein få ved å vende seg til:

Praktiske spørsmål kring søknadsprosessen kan rettast til seniorkonsulent Bodil Hægland, e-post: bodil.hagland@uib-no eller tlf. 55 58 90 53.

Den som vert tilsett vil bli tatt opp i fakultetet si ph.d.-utdanning. Eventuelle spørsmål om ph.d.-utdanninga kan rettast til rådgjevarHanne.Gravermoen@uib.no.

Den statlege arbeidsstyrken skal i størst mogleg grad spegle mangfaldet i befolkninga. Personar med innvandrarbakgrunn og personar med nedsett funksjonsevne blir oppmoda om å søkje stillinga.

Universitetet i Bergen nyttar meirinnsyn ved tilsetjing i vitskaplege stillingar. Opplysningar om søkjaren kan bli gjort offentlege sjølv om søkjaren har oppmoda om ikkje å bli ført på søkjarlista. Dersom oppmodinga ikkje blir teke til følgje, skal søkjaren varslast om dette.

Nærare om tilsettingsprosessen her.

Søk på stillingen

Powered by Labrador CMS