LEDIG STILLING VED UNIVERSITETET I BERGEN

Vikariat som overingeniør treverkstad (50%)

Søknadsfrist: 28.05.2024

Universitetet i Bergen

Universitetet i Bergen er ein anerkjend utdannings- og forskingsinstitusjon, organisert i sju fakultet og omlag 54 institutt og faglege senter. Campus ligg i sentrale delar av Bergen med universitetsområde på Nygårdshøyden, Haukeland, Marineholmen, Møllendalsveien og Årstad.

Fakultet for kunst, musikk og design består av tre institutt. Les meir om fakultet og tilhøyrande institutt.

Kunnskap som formar samfunnet

Gjennom eit sterkt og tett samspel med omverda - globalt, nasjonalt og lokalt - skal vi medverke til eit samfunn bygd på kunnskap, ferdigheiter og haldningar.

Vil du vere med å forme framtida?

Overingeniør 

Ved Fakultet for kunst, musikk og design (KMD) er det ledig vikariat som overingeniør (50%) i treverkstaden, hovudsakleg knytt til fagmiljøet ved Institutt for design. Vikariatet er ledig i perioden 01.08.2024 til 31.07.2025 med moglegheit for forlenging. 

Fakultetet har kunstnarleg utviklingsarbeid, forsking, utdanning og formidling innan kunst, musikk og design som sitt hovudformål. For tida har fakultetet 180 tilsette og kring 630 studentar fordelt på bachelor- og masternivå. Meir informasjon finn du her.

Stillinga vil inngå i eit kollegium på KMD i Seksjon for verkstader og tekniske tenester, som i dag har verkstadar mellom anna innan fagfelta grafikk, tre og metall, fotografi, modell, keramikk, tekstil, modell, digitale media, gips og maleri. Primær arbeidsstad for stillinga er treverkstaden, som ligg i fakultetet sine lokalar i Møllendalsveien. Stillinga rapporterer til verkstadleiar/seksjonsleiar under fakultetsdirektøren.

Arbeidsoppgåver:

Overingeniøren har ansvar for drift, vedlikehald og organisering av treverkstaden, og skal i samarbeid med kunstnarleg/vitskapleg stab legge til rette for høg kvalitet i utdanningstilbodet til studentane ved fakultetet.

Treverkstaden samarbeider med Institutt for design, innan fagområdet møbeldesign.

I stillinga inngår drift og ansvar for utstyr, samt HMS, medrekna: 

  • Drift, vedlikehald og organisering av verkstaden 
  • Teknisk rettleiing og støtte til studentar og fagpersonale. 
  • Innkjøp og sal av materialar.
  • Bidra til utvikling og oppgradering av verkstaden i samarbeid med professorar, fagstab og verkstadleiar. 
  • Planlegge og strukturere tilgang på verkstaden i samarbeid med fagstab på instituttet. 

Kvalifikasjonar og eigenskapar:

  • Søkar bør ha utdanning på minimum bachelornivå, men relevant realkompetanse/utdanning kombinert med relevant etter- og vidareutdanning kan kompensera for manglande formelle krav.
  • Søkar må ha dokumentert erfaring med maskinar ein nyttar i ein moderne treverkstad.
  • Søker må ha erfaring med handverktøy, metodar og teknikkar, samt ulike tresortar og kva eigenskapar dei har.
  • Det er ein fordel med erfaring frå opplæring/undervisning. 
  • Søkar bør ha god evne til å kommunisere skriftleg og munnleg både på norsk og engelsk.
  • God administrativ IT-kompetanse og generell kompetanse i data. 

Personlege eigenskapar: 

  • Serviceinnstilt, omgjengeleg og fleksibel.
  • Evne til å arbeida effektivt, nøyaktig og ryddig. 
  • Vere flink til å handtere fleire utfordringar samtidig.
  •  Kvalitetsbevisst og resultatorientert. 
  • Vere løysings- og samarbeidsorientert, men samtidig kunne arbeide planmessig og sjølvstendig.
  • Bidra til eit godt arbeidsmiljø og samarbeidsklima.

Ved vurdering av kandidatane vil vi leggje vekt på personlege eigenskapar som er naudsynte for stillinga. 

Vi tilbyr:

  • Varierte og utfordrande arbeidsoppgåver i eit spanande og internasjonalt fagmiljø.
  • Moglegheit for vidareutvikling og kompetanseheving.
  • Stilling som overingeniør (kode 1087) i lønssteg 60 -62. (for tida kr 584 500- 604 900) etter kvalifikasjoner. For særleg godt kvalifiserte søkjarar kan det vuderast høgare løn.
  • Medlemsskap i Statens pensjonskasse med god tenestepensjonsordning, mogleg bustadlån til gunstig rente, yrkesskade- og gruppelivsforsikring.
  • Stilling i ei inkluderande arbeidslivsverksemd (IA-verksemd).
  • Gode velferdsordningar

Søknaden skal innehalde: 

  • Søknadsbrev der du seier noko om din motivasjon for stillinga, kvifor du søker og kvifor du passar til stillinga. 
  • CV
  • Attestert kopi av vitnemål og relevante attestar
  • To referansar (namn og kontaktinformasjon)

Søknadane vert vurdert med den informasjonen og dokumentasjonen som ligg i JobbNorge når søknadsfristen går ut

Generell informasjon:

Utfyllande opplysningar om stillinga kan ein få ved å vende seg til:

  • Seksjonssjef Heine Bringe, e-post: heine.bringe@uib.no, mobil: (+47) 92 45 41 44 

Mangfald er ein styrke og gjer at vi kan løyse oppgåvene våre endå betre. UiB treng difor kvalifiserte medarbeidarar uavhengig av kjønn, etnisitet, religion, livssyn, funksjonsnedsetjing, seksuell orientering, kjønnsidentitet, kjønnsuttrykk og alder.

Vi oppmodar kvinner om å søkje. Dersom fleire søkjarar har tilnærma like kvalifikasjonar, gjeld reglane for moderat kjønnskvotering.

Opplysningar om søkjaren kan bli gjort offentlege sjølv om søkjaren har oppmoda om ikkje å bli ført på søkjarlista. Dersom oppmodinga ikkje blir teke til følgje, skal søkjaren varslast om dette.

Vi oppmodar søkjarar med funksjonsnedsetjing, innvandrarbakgrunn eller hól i CV-en til å søke. Dersom du kryssar av for dette i søknaden kan du bli positivt særbehandla. Vi inviterer alltid minst ein kvalifisert søkjar frå kvar av desse gruppene til intervju. Nærare om tilsettingsprosessen her.

Søk på stillingen

Powered by Labrador CMS