LEDIG STILLING VED UNIVERSITETET I BERGEN

Overingeniør ved Geofysisk institutt (utvikling av vassisotopteknologi)

Søknadsfrist: 07.12.2022

Universitetet i Bergen

Universitetet i Bergen er ein anerkjend utdannings- og forskingsinstitusjon, organisert i sju fakultet og omlag 54 institutt og faglege senter. Campus ligg i sentrale delar av Bergen med universitetsområde på Nygårdshøyden, Haukeland, Marineholmen, Møllendalsveien og Årstad.


Det matematisk-naturvitenskapelige fakultet består av sju institutt og en rekke sentre. Les meir om fakultet og tilhøyrande institutt.

Kunnskap som formar samfunnet

Gjennom eit sterkt og tett samspel med omverda - globalt, nasjonalt og lokalt - skal vi medverke til eit samfunn bygd på kunnskap, ferdigheiter og haldningar.

Vil du vere med å forme framtida?

Overingeniør

Ved Geofysisk institutt er det ledig ei fast stilling som overingeniør for utvikling av vassisotopteknologi. Dei første 3,5 årene er stillinga knytt til oppgåver innan forskingsprosjekt finansiert av EU-midlar (prosjekt LEMON, ISLAS og VISOR). Vi leitar etter ein høgt motivert person til å støtte arbeidet med vår breie portefølje av leiande forsking innan meteorologi og klimavitskap. Stillinga vil ha fokus på utvikling og bruk av moderne og avansert teknologi som nyttast både i laboratoria og på meteorologiske feltmålingar, med spesiell fokus på målingar av stabile vassisotopar.

Geofysisk institutt har 140 tilsette frå 26 ulike nasjonar fordelt på om lag 130 årsverk. Stillinga er plassert innan Meteorologigruppa og er ei del av den tekniske staben ved instituttet.

Arbeidsoppgåver

Stillinga omfattar mellom anna følgande arbeidsoppgåver:

  • Utvikle, iverksette og støtte ved installasjonar for meteorologiske målingar av stabile vassisotopar og andre variablar på laboratorium, i undervising ved feltarbeid og på tokt.
  • Utvikle og bruke instrumentering som inneheld fuktig luft med trykk opp til 5 bar, typisk massestraum mindre enn 100 liter per minutt og temperaturar mellom -80 og 150 grader Celsius.
  • Oppsett og vedlikehald av komplekse meteorologiske installasjonar samt dei tilhøyrande arbeidsgangane, spesielt for infraraud laserspektroskopi, inkludert anvendingar i laboratoria og i felt, relevant etterprosessering, dokumentasjon, og lagring av endelege kalibrerte datafiler i databasar.
  • Design, testing og laging av prototypar av komponentar ved hjelp av 3D-skrivarteknologi og mikrokontrollerkort (f.eks. Arduino, Raspberry Pi eller BeagleBone)
  • Interaksjon med eksterne produsentar i forbindelse med produktval og innkjøp
  • Systematisk testing, vedlikehald og dokumentasjon med tanke på instrumentering og oppsett på laboratoria i form av brukarmanualar, prosjektrapportering til forskingsagentur, og liknande.
  • Koordinasjon, aktivt samarbeid og deltaking i arbeid med kollegaer og føresette i vitskapelege og tekniske stillingar

Arbeidsoppgåvene kan utvikle seg over tid som følge av nye forskingsprosjekt og behov frå instituttet si side.

Kvalifikasjonar og eigenskapar

  • Søkjaren må ha utdanning på mastergradnivå innan ingeniørvitskap eller eit relevant naturvitskapeleg fag. Lang relevant praksis kombinert med relevant etter- og vidareutdanning kan i særskilde høve kompensere for manglande formell utdanning.
  • Erfaring med programmering (Python, MATLAB) og med skall-programmering er ein føresetnad.
  • Erfaring med feltarbeid på land, på forskingstokt, eller med forskingsfly i utfordrande omgivnadar er ein føresetnad.
  • Evne og motivasjon til å lære nye ferdigheiter, og begeistring for å fortløpande følge med i nye behov og problemstillingar i eit dynamisk internasjonalt forskingsmiljø er ein føresetnad.
  • Erfaring med 3D-design, 3D-skrivarar og med mikrokontrollerkort er ein fordel.
  • Erfaring innan meteorologi, atmosfærisk vitskap og oseanografi er ein fordel.
  • Kunnskap og erfaring med stabile vassisotopar og dei tilhøyrande målemetodane er ein føresetnad.
  • Erfaring med dataformatet netCDF og CF-konvensjonane er ein fordel.
  • Gode kommunikasjons- og samarbeidsevner, samt evne til å arbeide både sjølvstendig og i samarbeid med kollegar er ein fordel.
  • Evne til å arbeide strukturert, ansvarsfullt og løysings- og resultatorientert er ein fordel.
  • Demonstrasjon av en proaktiv tilnærming til pålagde arbeids­oppgåver, og utvikling av eigarskap til ansvarsområde er ein fordel.
  • Grunnleggande skriftleg og munnleg kunnskap i norsk og gode ferdigheiter i engelsk, både skriftleg og munnleg, er ein føresetnad. Kvalifikasjonen i norsk må dokumenterast innan 2 år etter tilsettinga.

Vi kan tilby

  • eit godt og fagleg stimulerande arbeidsmiljø
  • stilling som overingeniør (kode 1087) i lønnssteg 55 - 62 (for tiden kr 509 500 - 573 900) i det statlege lønnsregulativet. For særskilt kvalifiserte søkjarar kan høgare løn vurderast.
  • medlemskap i Statens pensjonskasse
  • gode velferdsordningar

Generell informasjon

Utfyllande opplysningar om stillinga kan ein få ved å vende seg til:

  • Professor Harald Sodemann (harald.sodemann@uib.no) og
  • Førsteamanuensis Hans Christian Steen-Larsen (hans.christian.steen-larsen@uib.no)

Den statlege arbeidsstyrken skal i størst mogleg grad spegle mangfaldet i befolkninga. Det er eit personalpolitisk mål å få ei balansert alders- og kjønnssamansetning. Personar med innvandrarbakgrunn og personar med nedsett funksjonsevne blir oppmoda om å søkje stillinga.

Opplysningar om søkjaren kan bli gjort offentlege sjølv om søkjaren har oppmoda om ikkje å bli ført på søkjarlista. Dersom oppmodinga ikkje blir teke til følgje, skal søkjaren varslast om dette.

Nærare om tilsettingsprosessen her.

Søk på stillingen

Powered by Labrador CMS