Overingeniør (50 %) - Institutt for klinisk odontologi
Søknadsfrist: 11.10.2020
Publisert
Universitetet i Bergen
Universitetet i Bergen er ein anerkjend utdannings- og forskingsinstitusjon, organisert i sju fakultet og omlag 54 institutt og faglege senter. Campus ligg i sentrale delar av Bergen med universitetsområde på Nygårdshøyden, Haukeland, Marineholmen, Møllendalsveien og Årstad.
Gjennom eit sterkt og tett samspel med omverda - globalt, nasjonalt og lokalt - skal vi medverke til eit samfunn bygd på kunnskap, ferdigheiter og haldningar.
Vil du vere med å forme framtida?
Overingeniør
Ved Det medisinske fakultet, Institutt for klinisk odontologi, er det ledig ei 50% fast stilling som overingeniør frå 1. oktober 2020
Laboratorieverksemda omfattar mellom anna metodar innan kunstig vevsbygging og forsking innan odontologiske biomaterialar og relevante metodar som kan nyttast i klinisk odontologisk forsking.
Instrumentparken inneheld instrument og fasilitetar for celle- og vevsdyrking, utstyr for biomekanisk karakterisering (biomekanikk-plattforma). Preparering av prøver frå mjuk- og hardvev er aktuell metode. Ulike formar for mikroskopi er mykje nytta. Dette kan vere gjennomlys, pålys, sekvensfoto mm.
Laboratoriet vert nytta av forskarar, stipendiatar, studentar og til kliniske forskingsprosjekt som treng ulike laboratoriemetodar.
Arbeidsoppgåver:
Cellekulturar
Forskjellige biologiske analysemetodar
Protein analysar (Multiplex, Western Blotting, ELISA)
Snitting av hardvev (udekalsinert) og bløtvev
Forskjellige immunhistokjemiske metodar
PCR/RT-PCR
Histologi for lys-, fluorescence- og elektronmikroskopi
Flow cytometri
Dyreforsøk
Ansvar for delar av instrumentparken kan verte lagt til stillinga
I tillegg må den som vert tilsett kunne læra opp master- og doktorgradsstudentar i ulike laboratorietekniske metodar.
Forefallande laboratoriearbeid vil også vere ein del av oppgåvene.
Det kan verte aktuelt å leggje andre oppgåver til stillinga.
Kvalifikasjonar og eigenskapar:
Søkjar må ha mastergrad innanfor relevant fagområde. Lang relevant praksis kombinert med relevant etter- og vidareutdanning i særskilte høve kompensere for manglande formell utdanning
Omfattande relevant praksis er eit krav
Gode språkkunnskapar og god evne til å kommunisere munnleg og skriftleg på norsk og engelsk, er ein føresetnad.
I tillegg må ein ha god IT-kompetanse.
Søkjarar må ha erfaring frå celle- og molekylærbiologi, isolering og dyrking av mesenkymale stamceller og cellekulturar.
Søkjar må ha erfaring med parafin- og kryosnitting av vev.
Erfaring frå arbeid med proteinanalyser (Western Blotting, ELISA), forskjellige biologiske analysemetodar, 3D-printing samt prekliniske eksperimentelle dyreforsøk, vil bli føretrekt. Søkjar må ha god erfaring med å arbeide i forskingslaboratorium.
Søkjarar kan ikkje ha allergi mot kjemikal som vert handsama med vanlege sikringstiltak. Kunnskap om handsaming av relevante forsøksdyr (smågnagarar) er ein føremon. Dersom den som vert tilsett, ikkje frå før har kurs i forsøksdyrlære (kategori C etter dei norske myndigheitene sine krav), vil ein bli pålagt å gå gjennom slik opplæring, samt eventuelle andre relevante kurs.
Vi søkjer ein person som:
har gode kommunikasjons- og samarbeidsevner
har digital kompetanse og evne til å tileigne seg nye ferdigheiter
Det vil bli lagt stor vekt på personlege eigenskapar. Søkjar må ha stor arbeidskapasitet, interesse for forsking og vere ansvarsmedviten.
Søkjar må dokumentere evne til å arbeide sjølvstendig og kreativt, men samstundes kunne arbeide i team.
Ved vurdering av søkjaren vil vi leggje stor vekt på dei personlege eigenskapane som er naudsynte for stillinga.
Vi tilbyr:
eit spanande og utviklande arbeidsoppgåver i eit sterkt arbeidsmiljø
stilling som overingeniør (kode 1087) i lønssteg 53-57 (for tida kr 472 000 - 504 700). For særs kvalifisert søkjar kan høgare løn vurderast.
Den statlege arbeidsstyrken skal i størst mogleg grad spegle mangfaldet i befolkninga. Personar med innvandrarbakgrunn og personer med nedsett funksjonsevne blir oppmoda om å søkje stillinga.
Opplysningar om søkjaren kan bli gjort offentlege sjølv om søkjaren har oppmoda om ikkje å bli ført på søkjarlista. Dersom oppmodinga ikkje blir teke til følgje, skal søkjaren varslast om dette.