Universitetet i Bergen er ein anerkjend utdannings- og forskingsinstitusjon, organisert i sju fakultet og omlag 54 institutt og faglege senter. Campus ligg i sentrale delar av Bergen med universitetsområde på Nygårdshøyden, Haukeland, Marineholmen, Møllendalsveien og Årstad.
Gjennom eit sterkt og tett samspel med omverda - globalt, nasjonalt og lokalt - skal vi medverke til eit samfunn bygd på kunnskap, ferdigheiter og haldningar.
Vil du vere med å forme framtida?
Overingeniør (mellombels stilling)
Ved Det medisinske fakultet, Influensasenteret ved Klinisk institutt 2, er det ledig ei mellombels stilling (100 %) som overingeniør frå 01.06.2021 til 28.02.2024. Stillinga er knytt til hovudprosjektet: ”Vaccelerate”, finansiert av EU.
Influensasenteret har som overordna mål å styrke norsk vaksine-, influensa- og Covid-19 forsking, særskilt i samband med pandemiberedskap. Influensasenteret er deltakar i fleire eksternt finansierte prosjekt (NFR, TMS, EU prosjekt) som tek sikte på å auke den medisinske forståinga av immunsvar etter influensa og Covid-19 vaksinasjon og infeksjon. Forskinga ved Influensasenteret fokuserer på prekliniske og humankliniske utprøvingar av influensa- og Covid-19 vaksiner med mål om å auke forståinga av immunresponsen etter vaksinasjon.
Influensasenteret søkjer ein erfaren og dyktig overingeniør til varierte arbeidsoppgåver i eit internasjonalt og dynamisk arbeidsmiljø som består til ein kvar tid av rundt ti forskarar og studentar.
Arbeidsoppgåver:
utvikling og etablering av metodar for måling av immunrespons
stillinga som overingeniør vil involvere hovudansvar for drift av EU VACCELERATEprosjekt, derunder ansvar for organisering, oppdatering og vedlikehald av biobankar
prosjektet kan innebere pasientkontakt
personen vil vere involvert i opplæring av studentar og tilsette i metodar og bidra til analyseav store datamengder frå prosjekt
Det kan verte aktuelt å leggje andre oppgåver til stillinga.
Kvalifikasjonar og eigenskapar:
søkjar må ha mastergrad innanfor relevant fagområde, som immunologi/vaksinologi, molekylærbiologi, virologi, cellebiologi, eller bioingeniørfag eller ha anna relevant laboratorieerfaring
erfaring innan immunologi, virologi og frå proteinarbeid vil vere ein føremon
gode engelskkunnskapar er ein føremon ettersom Influensasenteret har eit internasjonaltarbeidsmiljø
i tilsetjinga vil det bli lagt avgjerande vekt på personlege eigenskapar, erfaring frå laboratoriedrift og innan arbeid med biobankar og store datasett
Vi søkjer ein person som:
kan arbeide både sjølvstendig og som del av ei gruppe
har gode kommunikasjonseigenskapar
er strukturert og som har evna til å halde oversikt og vere ansvarsmedviten og initiativrik
er serviceinnstilt og har god arbeidskapasitet
Ved vurdering av søkjaren vil vi leggje stor vekt på dei personlege eigenskapane som er naudsynte for stillinga.
Vi tilbyr:
spanande og utviklande arbeidsoppgåver i eit sterkt arbeidsmiljø
stilling som overingeniør (kode 1087) i lønssteg 53-57 (for tida kr 474 500 - 507 400). For særs kvalifisert søkjar kan høgare løn vurderast
Utfyllande opplysningar om stillinga kan ein få ved å vende seg til:
Professor Rebecca Cox, leiar av Influensasenteret, e-post: Rebecca.Cox@uib.no, tlf.: +47 55 97 46 68 / +47 452 42 974
Den statlege arbeidsstyrken skal i størst mogleg grad spegle mangfaldet i befolkninga. Personar med innvandrarbakgrunn og personer med nedsett funksjonsevne blir oppmoda om å søkje stillinga.
Opplysningar om søkjaren kan bli gjort offentlege sjølv om søkjaren har oppmoda om ikkje å bli ført på søkjarlista. Dersom oppmodinga ikkje blir teke til følgje, skal søkjaren varslast om dette.