Ledig stilling ved Universitetet i Bergen

Overingeniør - Klinisk Institutt 2

Søknadsfrist: 31.05.2020

Universitetet i Bergen

Universitetet i Bergen er ein anerkjend utdannings- og forskingsinstitusjon, organisert i sju fakultet og omlag 54 institutt og faglege senter. Campus ligg i sentrale delar av Bergen med universitetsområde på Nygårdshøyden, Haukeland, Marineholmen, Møllendalsveien og Årstad.


Det medisinske fakultet består av fem institutt og sju senter. Les meir om fakultet og tilhøyrande institutt.

Kunnskap som formar samfunnet

Gjennom eit sterkt og tett samspel med omverda - globalt, nasjonalt og lokalt - skal vi medverke til eit samfunn bygd på kunnskap, ferdigheiter og haldningar.

Vil du vere med å forme framtida?

Overingeniør

Ved Det medisinske fakultet, Klinisk Institutt 2, er det ledig ei fast stilling som overingeniør (100%). Stillinga er knytt til Forskingsgruppa for presisjonsonkologi. Ved behov kan det være aktuelt med arbeidsoppgåver utanfor forskingsgruppa, enten for instituttet eller for andre forskingsgruppar.

Arbeidsoppgåver:

  • Stillinga inneber kvalifiserte spesialoppgåver/utviklingsoppgåver knytt til forsking på leukemi og kreft, bistand til rekruttering og opplæring av master- og PhD-studentar.
  • Stillinga vil inngå i eit team og laboratorium på Klinisk institutt 2. Forskingsprosjekta er for tida samarbeid med Centre for Cancer Biomarkers CCBIO, og omfattar mellom anna samarbeid med universitetet sine kjernefasilitetar og kliniske studiar på pasientar med blodkreft.

Det kan verte aktuelt å leggje andre oppgåver til stillinga.

Kvalifikasjonar og eigenskapar:

  • søkjar må mastergrad innanfor relevant fagområde som medisinsk cellebiologi, molekylærbiologi, eksperimentell immunologi/hematologi og proteomikk.
  • omfattande relevant praksis er eit krav, og erfaring innan prøvehåndtering av biologisk materiale og biobanking vil bli vektlagt.
  • det er krav om gode språkkunnskapar og god evne til å kommunisere munnleg og skriftleg på norsk og engelsk. Norsk må mestrast flytande munnleg og skrifteleg grunna publikums- og pasientkontakt kan påreknast i nokre prosjekt.
  • evne og interesse for å organisere laboratoriedrift og bestillingsrutinar er eit krav
  • gode samarbeidsevner og dokumentert evne til sjølvstendig arbeid er eit krav

Vi søkjer ein person som:

  • har gode kommunikasjons- og samarbeidsevner
  • har digital kompetanse og evne til å tileigne seg nye ferdigheiter
  • er serviceinnstilt og positiv

Ved vurdering av søkjaren vil vi leggje stor vekt på dei personlege eigenskapane som er naudsynte for stillinga.

Vi tilbyr:

  • eit spanande og utviklande arbeidsoppgåver i eit sterkt arbeidsmiljø
  • stilling som overingeniør (kode 1087) i lønssteg 53-57 (for tida kr 472 000 - 504 700). For særs kvalifisert søkjar kan høgare løn vurderast.
  • medlemsskap i Statens pensjonskasse
  • gode velferdsordningar

Generell informasjon:

Utfyllande opplysningar om stillinga kan ein få ved å vende seg til:

  • Professor Bjørn Tore Gjertsen, bjorn.gjertsen@uib.no, Mobil: 415 66 248

Den statlege arbeidsstyrken skal i størst mogleg grad spegle mangfaldet i befolkninga. Personar med innvandrarbakgrunn og personar med nedsett funksjonsevne blir oppmoda om å søkje stillinga.

Opplysningar om søkjaren kan bli gjort offentlege sjølv om søkjaren har oppmoda om ikkje å bli ført på søkjarlista. Dersom oppmodinga ikkje blir teke til følgje, skal søkjaren varslast om dette.

Nærare om tilsettingsprosessen her.

Søk på stillingen

Powered by Labrador CMS