LEDIG STILLING VED UNIVERSITETET I BERGEN

Overingeniør - Institutt for biovitskap (BIO)

Søknadsfrist: 05.04.2021

Universitetet i Bergen

Universitetet i Bergen er ein anerkjend utdannings- og forskingsinstitusjon, organisert i sju fakultet og omlag 54 institutt og faglege senter. Campus ligg i sentrale delar av Bergen med universitetsområde på Nygårdshøyden, Haukeland, Marineholmen, Møllendalsveien og Årstad.


Det matematisk-naturvitenskapelige fakultet består av sju institutt og en rekke sentre. Les meir om fakultet og tilhøyrande institutt.

Kunnskap som formar samfunnet

Gjennom eit sterkt og tett samspel med omverda - globalt, nasjonalt og lokalt - skal vi medverke til eit samfunn bygd på kunnskap, ferdigheiter og haldningar.

Vil du vere med å forme framtida?

Overingeniør

Ved Institutt for biovitskap (BIO) er det ledig ei fast stilling (100 %) som overingeniør knytt til faggruppa Evolusjon og Økologi. Eit av hovudtema for forskinga som stillinga vert knytt opp mot er korleis, og kvifor, økosystem endrar seg over tid, og kva rolle menneske har for denne endringa. . Vi er særskilt opptatt av å forstå dei samla effektane av økologisk variasjon og menneskeleg påverknad på økosystema, og korleis desse effektane varierer i tid og rom. I forskinga nytter vi eit bredt spekter av vitskaplege metodar, frå økologiske feltstudiar og eksperiment, via paleoøkologiske teknikkar, til datafangst frå digitale kjelder, modellering og intervju til å undersøke desse samanhengane.

Faggruppa har til saman om lag 40 tilsette. Forskinga er prosjektbasert, og aktiviteten inn mot spesifikke problemstillingar, metodar, organismegrupper, økologiske miljø og geografiske område varierer derfor over tid, basert på fagleg utvikling i gruppa og tilgang på ekstern forskingsfinansiering inn mot ulike forskingsfelt og tema. For ei oversikt over pågåande prosjekt, sjå heimesida til BIO.

Stillinga som overingeniør vil være knytt til dei pågåande eksternt finansierte forskingsprosjekta i gruppa, i fyrste omgang TradMod (NFR, til 2023), CULTIVATE (EU, 2021-2024) og BIOSPHERE (NFR, 2021-2025). Sentrale oppgåver vil vere forskjellig typar av økologisk/sosial-økologisk felt- og laboratoriearbeid, handsaming av innsamla materiale, prosjektdrift, kommunikasjonsarbeid, og kontakt med lokale aktørar.

Aktuelle arbeidsoppgåver er:

  • Det fyrste året vil hovuddelen av arbeidet vere knytt til NFR-prosjektet «TradMod», inneberande drifting av feltarbeid, datafangst og behandling av innsamla prøvar/intervju i samarbeid med ph.d.-kandidatar og andre prosjektmedlemmar.
  • Dei påfølgande 3-4 åra vil hovuddelen av arbeidet vere knytt til prosjekta «BIOSPHERE» og «CULTIVATE», inneberande drift av prosjektarbeid, datafangst og handsaming av innsamla data (her under og intervju-data), opparbeiding av data, inkludert enkle analysar og databasearbeid.
  • Feltarbeid, inkludert leiing og drift av eksperiment, innsamling og identifisering av plantemateriale, gjennomføring av intervju og spørjeundersøkingar, innsamling av prøvar og data frå landbaserte system.
  • Laboratoriearbeid, inkludert igangsetjing og gjennomføring av økologiske eksperiment, opparbeiding av biologisk materiale, bruk av standard økologiske laboratoriemetodar.
  • Dagleg prosjektdrift av eksterne prosjekt.
  • Kommunikasjons- og formidlingsarbeid knytt til forsking på sosial-økologiske system på Vestlandet og internasjonalt.
  • Assistere i undervisninga ved instituttet, særleg i forbindelse med felt- og laboratoriekurs.

Kvalifikasjonar:

  • Søkjarar må ha høgre utdanning på masternivå frå universitet eller høgskule innan økologi, paleoøkologi, geografi eller tilsvarande relevant utdanning. Relevant praksis kombinert med etter- og vidareutdanning kan i særskilte høve kompensere for manglande formell utdanning.
  • Erfaring frå relevant økologisk felt- og/eller laboratorie-arbeid er eit krav.
  • Kunnskap om og interesse for identifisering av plantar, først og fremst av skandinaviske karplantar, men kunnskap om andre plante- og dyregrupper i tillegg vil vere ein føremon.
  • Ferdigheiter i bruk av databasar, enkle statistiske analysar, GIS eller andre relevante dataverktøy vil og være ein føremon.
  • Det er ein føremon med erfaring frå eit eller fleire av følgjande område: gjennomføring av økologisk og/eller sosial-økologisk feltarbeid eller eksperiment og bruk av standard økologiske laboratoriemetodar.
  • Det er ein føremon med kjennskap til Vestlandet og dei sosiale, kulturhistoriske og geografiske forhold.
  • Det er ein føremon med førerkort til personbil.

Personlege eigenskapar:

  • Evne til å arbeide sjølvstendig og løysings- og resultatorientert.
  • Positiv innstilling til arbeid i felt under varierande forhold.
  • Nøyaktigheit i arbeidet i felt, med formidling og på laboratoriet.
  • Evne og vilje til å tileigne seg ny kunnskap.
  • Gode kommunikasjons- og samarbeidsevner.

Språk - både skriftleg og munnleg

Gode ferdigheiter i norsk og engelsk er eit føremonn

Vi kan tilby:

  • Spennande og varierte arbeidsoppgåver i eit internasjonalt anerkjent fagmiljø.
  • Moglegheiter for deltaking i feltarbeid, både lokalt og internasjonalt.
  • Arbeid i ei fagleg god og sosialt velfungerande faggruppe.
  • Moglegheit til fagleg og personleg utvikling og utstrekt kontakt med andre fagmiljø.
  • Overingeniørar (kode 1087) vert løna etter lønssteg 53 - 58 (for tida kr 474 500- 516 400) etter tenesteansiennitet og kvalifikasjonar. For spesielt kvalifiserte søkjarar kan høgare løn vurderast.
  • Medlemsskap i Statens pensjonskasse.
  • Gode velferdsordningar.

Generell informasjon:

Utfyllande opplysningar om stillinga kan ein få ved å vende seg til:

  • Professor John-Arvid Grytnes, tlf. 41160708/ e-post: Jon.Grytnes@uib.no

Den statlege arbeidsstyrken skal i størst mogleg grad spegle mangfaldet i befolkninga. Personar med innvandrarbakgrunn og personer med nedsett funksjonsevne blir oppmoda om å søkje stillinga.

Opplysningar om søkjaren kan bli gjort offentlege sjølv om søkjaren har oppmoda om ikkje å bli ført på søkjarlista. Dersom oppmodinga ikkje blir teke til følgje, skal søkjaren varslast om dette.

Nærare om tilsettingsprosessen her.

Søk på stillingen

Powered by Labrador CMS