LEDIG STILLING VED UNIVERSITETET I BERGEN

Overingeniør - Institutt for Biomedisin

Søknadsfrist: 13.06.2021

Universitetet i Bergen

Universitetet i Bergen er ein anerkjend utdannings- og forskingsinstitusjon, organisert i sju fakultet og omlag 54 institutt og faglege senter. Campus ligg i sentrale delar av Bergen med universitetsområde på Nygårdshøyden, Haukeland, Marineholmen, Møllendalsveien og Årstad.


Det medisinske fakultet består av fem institutt og sju senter. Les meir om fakultet og tilhøyrande institutt.

Kunnskap som formar samfunnet

Gjennom eit sterkt og tett samspel med omverda - globalt, nasjonalt og lokalt - skal vi medverke til eit samfunn bygd på kunnskap, ferdigheiter og haldningar.

Vil du vere med å forme framtida?

Overingeniør

Ved Det medisinske fakultet, Institutt for Biomedisin, er det ledig ei 100% fast stilling som overingeniør med tilsetjing snarast.

Laboratorieverksemda omfattar mellom anna metodar innan biokjemi, molekylærbiologi, cellebiologi og dyreforsøk, og forsking innan mekanismar knyta til kreft og andre kroniske sjukdommar.

Instrumentparken består av instrument og fasilitetar for celle- og vevsdyrking, og utstyr for generelle og spesielle biomedisinske analysar. Videre er dyreforsøk og preparering av celle- og vevsprøver er viktige metodar. Ulike formar for mikroskoper og anna avansert og spesialisert utstyr er ofte nytta.

Personen i denne stillinga vil ha ei rolle som kontaktperson og koordinator («lab manager») ved forskingsgruppas laboratorium. Laboratoriet vert nytta av forskarar, stipendiatar og studentar.

Arbeidsoppgåver:

  • Stillinga inneber ansvar for daglege kjernefunksjonar og driftsoppgåver ved gruppas laboratorier i samhøve med gjeldande rutinar og regelverk. Dette inkluderer oppsyn med instrument og laboratorieareal, sikkerhetsrutinar, avfallshandtering, nødvendig opplæring og rapportering
  • Personen skal ha ansvar for bestilling via UiB sitt innkjøpssystem
  • Arbeidsoppgåvene inneber generell støtte til heile spekteret av forskingsgruppa sine aktivitetar frå celle- og molekylærbiologi til dyreforsøk
  • Personen skal ha særleg ansvar for eit utval av gruppas spesialmetodar
  • Personen skal ha ansvar for teknisk vedlikehald ved gruppas cellelaboratorier og spesiallaboratorier
  • Personen skal delta i tilrettelegging og utføring av arbeid knyta til gruppas forskingsprosjekter
  • Personen skal bidra i utvikling av forskingsgruppas driftsstruktur, inkludert omlegging frå analoge til digitale system for labdrift, journaler og data

Det kan verte aktuelt å leggje andre oppgåver til stillinga.

Kvalifikasjonar og eigenskapar:

  • Søkjar må ha mastergrad innanfor relevant fagområde. Spesialutdanning kan vere eit krav dersom dette er nødvendig i forhold til dei oppgåvene som skal løysast. Lang relevant praksis kombinert med relevant etter- og vidareutdanning i særskilte høve kompensere for manglande formell utdanning
  • Det er eit krav med brei kompetanse og erfaring innan forskingsgruppas standardutstyr og metodar. Dette inkluderer vanlege biomedisinske metodar som celle- og vevskultur, preparering av prøvar til analyser (f.eks DNA, DNA, protein, metabolittar), immunohistokjemi, elektroforese og western blot. I tillegg kreves ein brei bakgrunn innan molekylærbiologiske metodar som, plasmidrensing, DNA modifikasjon og transfeksjon/transduksjon
  • Felasa C sertifikat er eit krav, men kurs og prøve kan også takast etter tilsetjing
  • Det er krav om gode språkkunnskapar og god evne til å kommunisere munnleg og skriftleg på norsk og engelsk
  • Godkjent strålevernskurs er eit krav, men kurs og prøve kan også takast etter tilsetjing.
  • Søkjar må vere omstillingsvillig, og vise evne til å ta opp nye metodar og endrande behov som følger utviklinga av forskingsprosjekta og staben
  • Søkjar må dokumentere evne til å arbeide sjølvstendig og kreativt, men samstundes kunne arbeide i team
  • Relevant kompetanse og erfaring innan sentrale avanserte metodar vil vera vektlagt, slik som mikroskopering (vanlig og fluorescence), flow cytometri, samt metabolske analyser som extracellulær fluksanalyser («Seahorse» instrument) og isotope-flux assays
  • Relevant erfaring med dyreforsøk vil verte vektlagt, inkludert avlsarbeid, tumor modeller, medisinering (IP/IV/sonde) og smådyr imaging (optisk/PER/ultralyd)
  • God IT-kompetanse og god kunnskap i engelsk
  • Det vil bli lagt stor vekt på personlege eigenskapar. Søkjar må ha stor arbeidskapasitet, interesse for forsking og vere ansvarsmedviten

Vi søkjer ein person som:

  • har gode kommunikasjons- og samarbeidsevner
  • har digital kompetanse og evne til å tileigne seg nye ferdigheiter
  • har en har bred relevant erfaring
  • er sjølvstendig og ansvarsbevisst

Ved vurdering av søkjaren vil vi leggje stor vekt på dei personlege eigenskapane som er naudsynte for stillinga.

Vi tilbyr:

  • Eit spanande og utviklande arbeidsoppgåver i eit sterkt arbeidsmiljø
  • Stilling som overingeniør (kode 1087) i lønssteg 53-57 (for tida kr 474 500 - 507 400). For særs kvalifisert søkjar kan høgare løn vurderast.
  • Medlemsskap i Statens pensjonskasse
  • Gode velferdsordningar

Generell informasjon:

Utfyllande opplysningar om stillinga kan ein få ved å vende seg til:

Den statlege arbeidsstyrken skal i størst mogleg grad spegle mangfaldet i befolkninga. Personar med innvandrarbakgrunn og personer med nedsett funksjonsevne blir oppmoda om å søkje stillinga.

Opplysningar om søkjaren kan bli gjort offentlege sjølv om søkjaren har oppmoda om ikkje å bli ført på søkjarlista. Dersom oppmodinga ikkje blir teke til følgje, skal søkjaren varslast om dette.

Nærare om tilsettingsprosessen her.

Søk på stillingen

Powered by Labrador CMS