Nynorsk pressekontor (NPK) har en ledig spennende stilling!

Språkansvarleg

Søknadsfrist: 30.11.2021

Nynorsk pressekontor

Nynorsk pressekontor (NPK) er ei sjølveigande stifting som har som si fremste oppgåve å produsere og distribuere stoff på nynorsk til norske medium. Mottoet vårt er «Meir på nynorsk til fleire». Årleg sender vi ut om lag 25.000 artiklar til eit førtitals faste kundar i ulike delar av landet. NPK er finansiert dels av støtte frå Kulturdepartementet, dels av eigne kundeinntekter.


NPK samarbeider med Norsk Telegrambyrå (NTB) for å styrkje posisjonen sin som leverandør av nyheiter og redaksjonelle tenester. Medarbeidarane i NPK, for tida seks i talet, er formelt tilsette i NTB med dei rettar og plikter det fører med seg. NPK har felles lokale med NTB i Pressens Hus i Oslo. Samarbeidet mellom Stiftinga NPK og NTB er regulert i ein eigen samarbeidsavtale.

Vil du vere med og leie Nynorskroboten trygt i hamn?

Prosjektstilling som språkansvarleg

Sidan 2018 har Nynorsk pressekontor hatt i oppdrag å utvikla ei teneste som automatisk omset bokmål til nynorsk tekst – ein nynorskrobot. Det er Nynorsk pressekontor som har ansvaret for den språklege utviklinga i roboten. Den medarbeidaren som har hatt dette ansvaret sidan starten, ynskjer no å tre til side.

Vi søkjer difor etter ein sosial språknerd som kan leie arbeidet med å utvikle og forbetre språket i NPKs nynorskrobot. Du bør ha mastergrad i nordistikk eller tilsvarande og særleg interesse for nynorsk rettskriving og normering. Om du i tillegg har kjennskap til programmering og datalingvistikk, er det eit stort pluss, men ikkje eit krav.

Det er snakk om ei prosjektstilling med tilsetjing snarast og som i første omgang vil vare ut 2022.

Du kjem til å jobbe tett med ei gruppe flinke lingvistar.

Stillingsprosenten kan diskuterast, dersom du ynskjer å kombinere dette oppdraget med andre oppdrag, men vi vil ha deg i ein så høg stillingsprosent som råd.

Løn etter avtale.

Arbeidsstad Pressens hus i Skippergata 24.

For meir informasjon ta kontakt med dagleg leiar Jan Inge Fardal mobil 91310274 eller e-post [email protected]

Send søknad her.

Søknadsfrist tysdag 30. november

Søk på stillingen

Powered by Labrador CMS