Universitetet i Bergen er ein anerkjend utdannings- og forskingsinstitusjon, organisert i sju fakultet og omlag 54 institutt og faglege senter. Campus ligg i sentrale delar av Bergen med universitetsområde på Nygårdshøyden, Haukeland, Marineholmen, Møllendalsveien og Årstad.
Sentraladministrasjonen gjev råd og bistand til leiing og fakultet ved Universitetet i Bergen.
Sentraladministrasjonen er organisert i sju avdelinger. Les meir om avdelingane her.
Kunnskap som formar samfunnet
Gjennom eit sterkt og tett samspel med omverda - globalt, nasjonalt og lokalt - skal vi medverke til eit samfunn bygd på kunnskap, ferdigheiter og haldningar.
Vil du vere med å forme framtida?
Bedriftsfysioterapeut med kompetanse innan psykososialt arbeidsmiljø
Bedriftshelsetjenesten ved UiB har ledig 100 % midlertidig stilling i 1 år som bedriftsfysioterapeut. Bedriftshelsetjenesten består i dag av lege, 2 sjukepleiarar, yrkeshygienikar, fysioterapeut og leder, og bistår universitetet i det systematiske HMS-arbeidet retta mot arbeidsmiljø, organisasjon og enkeltindivid. Bedriftshelsetjenesten ved UiB er organisert som ein eigen fagseksjon under HR-avdelinga, og det er lagt til rette for eit godt tverrfagleg samarbeid med fagleg bredde innan relevant helsefagleg, teknisk og organisatorisk kompetanse i eit internasjonalt arbeidsmiljø.
Vi ser etter deg som har erfaring fra helsefremjande og førebyggande arbeidsmiljøarbeid, både på organisasjonsnivå og mot enkeltindivid.
Arbeidsoppgåver:
• Kartlegging/risikovurdering av ergonomiske forhold
• Førebyggande HMS-arbeid med eit helsefremmande perspektiv
• Bistå i saker som omhandler psykososialt arbeidsmiljø, sykefraværsoppfølging og IA-arbeid
• Kurs og opplæringsverksemd• Andre arbeidsoppgåver kan bli aktuelt
Det er ei føresetnad at søkjaren, med utgangspunkt i eigne fagfelt, kan bidra til felles oppgåver i HR-avdelinga.
Kvalifikasjonar og eigenskapar:
• Autorisert fysioterapeut
• Erfaring frå bedriftshelsetjeneste og systematisk HMS-arbeid vil bli vektlagt
• Kunnskap og erfaring innan psykososialt arbeidsmiljøarbeid vil bli vektlagt
• Vidareutdanning/master innan førebyggande/ helsefremmande arbeid er ynskjeleg.
Tilsvarande kvalifikasjonar kan vere oppnådd gjennom lang og allsidig praksis saman med relevant etter- og vidareutdanning:
• Erfaring med kursverksemd er ynskjeleg
• Det er krav om god muntleg og skriftleg framstillingsevne på norsk og engelsk.
• Erfaring frå sakshandsaming
• Arbeidsoppgåvene set store krav til sjølvstende, initiativ og samarbeids- og kommunikasjonsevner.
Personlege eigenskapar vil bli tillagt vekt.
Vi kan tilby:
Spennande og utviklande arbeidsoppgåver i et sterkt fagmiljø
Stilling som bedriftsfysioterapeut (kode 1282) i lønssteg 60 - 65 (for tida kr 532 300 - 583 900) i det statlege lønsregulativet. For særleg kvalifiserte søkjarar kan det verte aktuelt å vurdere høgare løn.
Medlemsskap i Statens pensjonskasse
Gode velferdsordningar
Generell informasjon:
Utfyllande opplysningar om stillinga kan ein få ved å vende seg til:
Den statlege arbeidsstyrken skal i størst mogleg grad spegle mangfaldet i befolkninga. Personar med innvandrarbakgrunn og personer med nedsett funksjonsevne blir oppmoda om å søkje stillinga.
Universitetet i Bergen nyttar utvida dokumentinnsyn ved tilsettingar.
Opplysningar om søkjaren kan bli gjort offentlege sjølv om søkjaren har oppmoda om ikkje å bli ført på søkjarlista. Dersom oppmodinga ikkje blir teke til følgje, skal søkjaren varslast om dette.
Søknad og CV skal sendast elektronisk til Universitetet i Bergen via linken ”Søk stillinga” denne sida. Kopi av vitnemål og attestar skal berre sendast dersom du får melding om dette.