LEDIG STILLING VED UNIVERSITETET I BERGEN

Postdoktor - Senter for vitskapsteori

Søknadsfrist: 14.04.2021

Universitetet i Bergen

Universitetet i Bergen er ein anerkjend utdannings- og forskingsinstitusjon, organisert i sju fakultet og omlag 54 institutt og faglege senter. Campus ligg i sentrale delar av Bergen med universitetsområde på Nygårdshøyden, Haukeland, Marineholmen, Møllendalsveien og Årstad.


Det humanistiske fakultet består av fire institutt og to senter. Les meir om fakultet og tilhøyrande institutt.

Kunnskap som formar samfunnet

Gjennom eit sterkt og tett samspel med omverda - globalt, nasjonalt og lokalt - skal vi medverke til eit samfunn bygd på kunnskap, ferdigheiter og haldningar.

Vil du vere med å forme framtida?

Postdoktor

Ved Senter for vitskapsteori, Universitetet i Bergen, er det ledig ei treårig postdoktorstilling. Stillinga er knytt til det tverrfaglige forskingsprosjektet Philosophy of precision medicine in severe chronic neurological diseases ved forskingsenteret for klinisk behandling (fkb) Neuro-SysMed.

Om prosjektet

Postdoktorstillinga skal bidra til å utvikle og gjennomføre forskingsprosjektet ‘Philosophy of precision medicine in severe chronic neurological diseases’ ved Neuro-SysMed. For meir informasjon om prosjektet, kontakt Jan Reinert Karlsen (jan.karlsen@uib.no).

Postdoktorprosjektet skal artikulere, undersøke og bidra til ny forståing om grunnlagsproblem i den presisjonsmedisinske tilnærming og forståinga av alvorlige kroniske neurologiske sjukdommar, inkludert etiske og samfunnsmessige aspektar, spørsmål og dilemma knytt til slik forsking, sjukdommar og behandling. Dette skal gjerast gjennom ei tverrfagleg vitskapsteoretisk tilnærming, med særleg fokus på dynamikken mellom presisjonsmedisin, sjukdomsforståing og liding hos pasientar med dei fire sjukdommane Neuro-SysMed forskar på: Alzheimers sjukdom, Parkinsons sjukdom, amyotrofisk lateralsklerose (ALS) og multippel sklerose (MS).

Omgrepet liding vil være sentralt i den metodiske tilnærminga som heilheit og postdoktorprosjektet skal også bidra til å utvikle eit metodisk rammeverk og nytte dette til å gjennomføre ein pilotstudie om karakteristikkar ved lidinga til pasientar og pårørande.

Stillinga skal også bidra til å utvikle vitskapsteoretiske samarbeid og diskusjonar på tvers av de ulike forskargruppene ved senteret.

Om Neuro-SysMed

Neuro-SysMed, leia av professor Kjell Morten Myhr, er Norges første forskingssenter for klinisk behandling i nevrologi. Senterets visjon er å dekode dei molekylære fingeravtrykka til dei alvorlege hjernesjukdommane Alzheimers sjukdom, Parkinsons sjukdom, amyotrofisk lateralsklerose (ALS) og multippel sklerose (MS), og gjennom dette bane veg for presisjonsmedisin. Neuro-SysMed vil bruke systemmedisin-tilnærming for å overkomme to særlege begrensingar som hindrar gjennombrot i behandlinga av hjernesjukdommar, knytt til heterogenisitet og kompleksitet i sjukdomsutviklinga. Meir om Neuro-SysMed her.

Arbeidsoppgåver

Kandidaten vil, saman med prosjektgruppa, bidra til kartlegging, samanstilling og analyse av litteratur om grunnlagsproblem (inkludert etiske og samfunnsmessige aspektar), samt relevante metodar for å studere desse, innan fire overlappande områder: (1) Sjukdomsforståing meir generelt og innan alvorlege kroniske nevrologiske sjukdommar, med særleg fokus på utfordringa med kompleksitet og heterogenesitet i sjukdomsutvikling; (2) målsetningar, forventningar og grensar ved det presisjons-/systemmedisinske paradigmet innan desse sjukdommane; (3) omgrepet liding; (4) neurologiens filosofi.

Kandidaten skal også bidra med avansert kunnskap om presisjonsmedisinske metodar, modeller og tilnærmingar for ein presis medisinsk filosofisk artikulering av grunnlagsproblema, samt bidra til å danne og undersøke tilnærmingar for å forske på liding innan alvorlege kroniske nevrologiske sjukdommar, og teste denne tilnærminga gjennom ein pilot.

For fleire detaljar om arbeidsoppgåvene, kontakt leiar av forskingsprosjektet, Jan Reinert Karlsen (jan.karlsen@uib.no)

Kvalifikasjonar og eigenskaper

Prosjektet er utpreget tverrfagleg og vil derfor være særleg aktuelt for kandidatar som har gode samarbeidsevner, trivest å jobbe på tvers av fag og er i stand til å jobbe sjølvstendig med komplekse og teoretisk utfordrande problemstillingar.

  • Søkar må ha avlagt doktorgrad innan medisin eller helsefag. Det er ei føremon om søkjaren har hatt vitskapsteoretiske element i si doktorgradsavhandling og at søkjaren har kjennskap til vitskapsteori som fagfelt.
  • Søkar må ha gode norskkunnskapar slik at han/ho kan ha direkte kontakt med pasientar og pårørande i forskingsarbeidet og kunne delta på møter i Brukarrådet
  • God skriftleg og munnleg engelsk er eit krav
  • Gode samarbeidsevner og erfaring med tverrfagleg samarbeid er ei føremon då ho/han skal samarbeide tett med forskingsleiar (PI) og tvers av dei ulike forskingsgruppene ved senteret

I vurderinga av søkarane vil det bli vektlagt om søkaren både har forska på grunnlagsproblem i medisinen og har røynsle med klinisk forsking. Det er også ei føremon om søkjaren har både anvendt og teoretisk kunnskap om forskingsmetodar og modeller innan presisjonsmedisin. Erfaring med deltaking i offentleg debatt om spørsmål knytt til medisinsk forsking, teknologi og praksis vil også vere ei føremon.

Det er forventa at den som vert tilsett tar del i den daglege aktiviteten ved sentra.

Om postdoktorstillinga

Postdoktorstillinga er ei åremålsstilling og har som hovudmål å kvalifisere den som blir tilsett for arbeid i faglege toppstillingar. Åremålsperioden for denne stillinga er 3 år. Ingen kan tilsetjast i meir enn éin åremålsperiode som postdoktor ved same institusjon.

Søkjarar skal ved tilsetjing kome med framlegg til plan for kvalifiseringsarbeidet som inneheld ein framdriftsplan. Det er ein føresetnad at den som blir tilsett gjennomfører prosjektet i løpet av tilsetjingsperioden.

Vi tilbyr

  • Eit godt og fagleg utfordrande fagmiljø
  • Løn tilsvarande lønssteg 60 (kode 1352/lønsramme 24) i statens regulativ. Dette utgjer ei årsløn på kr. 534 800 brutto. Vidare opprykk skjer etter tenesteansiennitet. For særleg kvalifiserte søkjarar kan det verte aktuelt å vurdere høgare løn.
  • Medlemsskap i Statens pensjonskasse
  • Stilling i ei inkluderande arbeidslivsverksemd (IA-verksemd)
  • Gode velferdsordningar

Slik søkjer du stillinga

Søknaden skal sendast elektronisk innan oppgitt frist via lenke på denne sida «SØK STILLINGA».

  • Ei utgreiing på engelsk om søkjaren sine forskingsinteresser, kvalifikasjonar og motivasjon for å søkje stillinga (maks 3 sider)
  • Prosjektskisse (maks 3000 ord) m. framdriftsplan
  • Karakterutskrifter og vitnemål, samt stadfesting på at doktorgradsavhandlinga er levert
  • Relevante attestar

  • Ei fullstendig liste over publikasjonar og eventuelle andre faglege arbeid du vil det skal takast omsyn til

  • Samandrag av ph.d./doktorgradsavhandling (maksimum 5 sider)
  • Inntil 3 publikasjonar (pdf)
  • To referansar (namn og kontaktinformasjon)

Søknad og vedlegg med attesterte omsetjingar til engelsk eller eit skandinavisk språk må lastast opp i JobbNorge.

Generell informasjon

Utfyllande opplysningar om stillinga kan ein få ved å vende seg til:

Den statlege arbeidsstyrken skal i størst mogleg grad spegle mangfaldet i befolkninga. Det er eit personalpolitisk mål å få ei balansert alders- og kjønnssamansetning. Personar med innvandrarbakgrunn og personar med nedsett funksjonsevne blir oppmoda om å søkje stillinga.

Universitetet i Bergen nyttar meirinnsyn ved tilsetjing i vitskaplege stillingar. Opplysningar om søkjaren kan bli gjort offentlege sjølv om søkjaren har oppmoda om ikkje å bli ført på søkjarlista. Dersom oppmodinga ikkje blir teke til følgje, skal søkjaren varslast om dette.

Nærare om tilsettingsprosessen her.

Søknadsfrist: 14. april 2021

UiB-ID: 21/1644

SØK STILLINGA

Powered by Labrador CMS