Universitetet i Bergen er ein anerkjend utdannings- og forskingsinstitusjon, organisert i sju fakultet og omlag 54 institutt og faglege senter. Campus ligg i sentrale delar av Bergen med universitetsområde på Nygårdshøyden, Haukeland, Marineholmen, Møllendalsveien og Årstad.
Gjennom eit sterkt og tett samspel med omverda - globalt, nasjonalt og lokalt - skal vi medverke til eit samfunn bygd på kunnskap, ferdigheiter og haldningar.
Vil du vere med å forme framtida?
Vitskapleg assistent
Det er ledig 100 % stilling som vitskapleg assistent tilknytta Centre for Research on Discretion and Paternalism (DIPA), eit internasjonalt og tverrfagleg forskingssenter ved Institutt for politikk og forvaltning. Stillinga lysast ut for 12 månader. Samla tilsetjingstid som vitskapleg assistent kan ikkje overstige to år.
Senteret adresserer eit av kjernespørsmåla innanfor samfunnsvitskapen, nemleg relasjonen mellom stat og individ. Gjennom ulike prosjekt blir beslutningstaking, legitimitet og maktbruk i velferdsstaten undersøkt. Dei pågåande forskingsprosjekta som ligg til senteret omhandlar særleg barns vilkår i samfunnet og komparativ forsking på ulike barnevernssystem.
Vitskapleg assistent er ei rekrutteringsstilling for kandidater som ønsker å ta en doktorgrad. I stillinga som vitenskapeleg assistent vil hovudoppgåva vere å jobbe tett på og og vere ein støttespelar for prosjektleiar professor Marit Skivenes i hennar gjennomføring og leiing av forskningsprosjekta. Vi søkjer ein person som har høge ambisjonar for forskinga og som ynskjer seg ei karriere innan forsking. Sjå nettsida til Centre for Research on Discretion and Paternalism (DIPA) og tilsettsida til professor Skivenes for meir informasjon om forskinga ved senteret.
Arbeidsoppgåver:
Vil inkludere oppgåver i tilknyting til arbeid med
Koding av datamateriale
Administrere surveyundersøkingar
Praktiske oppgåver i tilknytning til prosjekt
Innhente tal- og statistisk materiale
Gjere statistiske køyringar
Bistå med å organisere konferansar og seminar
Gjennomføre litteratursøk
Andre administrative oppgåver
Kvalifikasjonar og eigenskapar:
Mastergrad i statsvitenskap eller sosiologi (andre relevante samfunnsvitskaplege fag kan bli vurdert for særs gode kandidater). Graden må vere avlagt innan søknadsfristen
Det er ein føresetnad at den som blir tilsett kan dokumentere gode kunnskapar i samfunnsvitskapleg metode, både kvalitativ og kvantitativ metode
Erfaring med bruk av statistiske analyseprogram, som Stata, SPSS eller tilsvarande, er naudsynt
Det blir sett krav til svært gode språkkunnskapar i engelsk og norsk, munnleg og skriftleg
God administrativ IT - kompetanse
Det blir lagt vekt på eksamensresultat
Evne til å arbeide systematisk og resultatorientert er viktig
Gode samarbeids- og kommunikasjonsevner
Høg arbeidskapasitet
Gode språkkunnskapar i eit anna språk tel positivt
Sterk motivasjon for forskingsområda til DIPA-senteret tel positivt
Ønsker og har ambisjonar om å ta ein doktorgrad er viktig
Vi tilbyr:
Eit godt og fagleg utfordrande arbeidsmiljø
Løn som vitskapleg assistent, st.kode 1020, kr 478 300 pr. år (lønssteg 51). For spesielt godt kvalifiserte søkjarar kan høgare løn vurderast
Den statlege arbeidsstyrken skal i størst mogleg grad spegle mangfaldet i befolkninga. Personar med innvandrarbakgrunn og personar med nedsett funksjonsevne blir oppmoda om å søkje stillinga.
Universitetet i Bergen nyttar meirinnsyn ved tilsetjing i vitskaplege stillingar.
Opplysningar om søkjaren kan bli gjort offentlege sjølv om søkjaren har oppmoda om ikkje å bli ført på søkjarlista. Dersom oppmodinga ikkje blir teke til følgje, skal søkjaren varslast om dette.