Universitetet i Bergen er ein anerkjend utdannings- og forskingsinstitusjon, organisert i sju fakultet og omlag 54 institutt og faglege senter. Campus ligg i sentrale delar av Bergen med universitetsområde på Nygårdshøyden, Haukeland, Marineholmen, Møllendalsveien og Årstad.
Gjennom eit sterkt og tett samspel med omverda - globalt, nasjonalt og lokalt - skal vi medverke til eit samfunn bygd på kunnskap, ferdigheiter og haldningar.
Vil du vere med å forme framtida?
Instruktørtannlege - Seksjon for Pedodonti
Ved Det medisinske fakultet, Institutt for klinisk odontologi, er det ledig 30 % stilling som instruktørtannlege. Stillingane er ved Seksjon for Pedodonti. Tiltreding medio august.
Søkjar må opplyse kva arbeidsdagar som er aktuelle.
Ein gjer merksam på at sjølv om ein tilsett har arbeid ved ein spesiell seksjon, så kan ein måtte flytte til anna seksjon etter behov ved klinikken.
Ved tilsetting kreves det politiattest etter helsepersonelloven §20 a).
Arbeidsoppgåver:
Arbeidet omfattar sjølvstendig klinisk og teoretisk undervisning av kvalifiseringskandidatar og studentar (tannlege- og tannpleier), behandling av institusjonen sine pasientar, supervisjon og rettleiing og vurdering av kandidatar og studentar både praktisk og teoretisk. Den sjølvstendige teoretiske undervisninga kan vere i form av seminar og demonstrasjonar.
I tillegg må ein vere budd på å vere aktivt med på å utvikle nye undervisingsopplegg, samt vere forplikta til å delta i etterutdanningsopplegg som vert tilbudd t.d. innan pedagogikk. I tillegg vil det vere aktuelt å vere med på å utvikle instituttet ved deltaking i prosjekt og utval. Det vil vere høve til å delta i faglege fora.
Kvalifikasjonar og personlege eigenskapar:
Norsk autorisasjon som tannlege ved tilsetjingsdato
Meistrar norsk språk, skriftleg og munnleg, på tilsetjingstidspunkt
Det er krav om to års klinisk erfaring frå barnetannpleie i nordiske land og ønskeleg med undervisnings– eller rettleiingserfaring.
Den som vert tilsett må kunne arbeide sjølvstendig, verdsette og like å arbeide med barn, vere ansvarsmedviten, fleksibel og ha gode kommunikasjons- og samarbeidsevner. Lystgasslisens er ønskeleg.
Det er ein føremon at søkjar har anna ekstern klinisk stilling for å oppretthalde eigne kliniske ferdigheiter
Ved vurderinga vert det lagt vekt på personlege eigenskapar
Spanande og utviklande arbeidsoppgåver i eit sterkt fagmiljø
Løn for tida kr 590 000 (kode 1015, lønssteg 63-64) i lønsregulativet i staten, eller kr 615 000 for søkjarar som har spesial-/spesialistkompetanse (kode 1353, lønssteg 66). For særleg kvalifisert søkjar kan det verte aktuelt å vurdere høgare løn.
Søknadsbrev der du seier noko om din motivasjon for stillinga, kvifor du søkjer og kvifor du passar til stillinga
Oversikt over utdanning og arbeidserfaring (CV)
Kopi av vitnemål, autorisasjon og relevante attestar
Søkjarar med utanlandsk utdanning må legge ved sertifisert omsetjing til engelsk eller skandinavisk dersom originalvitnemålet og karakterutskriftene ikkje er på eit av desse språka
To referansar (namn og kontaktinformasjon)
Søknadane vert sendt elektronisk til nemnda som skal vurdere desse.Søknadane vert vurdert med den informasjonen som ligg i Jobbnorge ved søknadsfristens utløp.
Generell informasjon:
Utfyllande opplysningar om stillinga kan ein få ved å vende seg til:
Ved tilsettjing må politiattest som ikkje er eldre enn 3 månader leggjas fram, etter helsepersonelloven §20 a)
Den statlege arbeidsstyrken skal i størst mogleg grad spegle mangfaldet i befolkninga. Personar med innvandrarbakgrunn og personar med nedsett funksjonsevne vert oppmoda om å søkje stillinga.
Opplysningar om søkjaren kan bli gjort offentlege sjølv om søkjaren har oppmoda om ikkje å bli ført på søkjarlista. Dersom oppmodinga ikkje blir teke til følgje, skal søkjaren varslast om dette.
Søknad, CV og vedlegg sendes elektronisk via lenke på denne sida.