Innstruktørtannlege (40%) - Institutt for klinisk odontologi
Søknadsfrist: 29.05.2025
Publisert
Universitetet i Bergen er ein anerkjend utdannings- og forskingsinstitusjon, organisert i sju fakultet og omlag 54 institutt og faglege senter. Campus ligg i sentrale delar av Bergen med universitetsområde på Nygårdshøyden, Haukeland, Marineholmen, Møllendalsveien og Årstad.
Gjennom eit sterkt og tett samspel med omverda - globalt, nasjonalt og lokalt - skal vi medverke til eit samfunn bygd på kunnskap, ferdigheiter og haldningar.
Vil du vere med å forme framtida?
Instruktørtannlege (faste)
Ved Det medisinske fakultet, Institutt for klinisk odontologi, er det ledig ei fast stilling 40% som instruktørtannlege med arbeidsstad for tida ved Seksjon for Pedodonti. Ved særskilde høve kan det vere mogleg å dele stillinga.
Søkjar må opplyse kva stillingsprosent ein ønskjer, og kva arbeidsdagar som er aktuelle. Ein gjer merksam på at sjølv om ein tilsett har arbeid ved ein spesiell seksjon, så kan ein måtte flytte til anna seksjon etter behov ved klinikken.
Ved tilsetting kreves det politiattest etter helsepersonelloven §20 a)
Arbeidsoppgåver:
Arbeidet omfattar klinisk og teoretisk undervisning av kandidatar og studentar, delta i behandling av institusjonen sine pasientar, og rettleiing og vurdering av kandidatar og studentar både praktisk og teoretisk. I tillegg vil det vere aktuelt å vere med på å utvikle instituttet ved deltaking i prosjekt og utval. Det vil vere høve til å delta i faglege fora.
Kvalifikasjonar og personlege eigenskapar:
Norsk autorisasjon som tannlege ved tilsetjingsdato.
Det er krav om to års klinisk erfaring frå barnetannpleie i nordiske land.
Det er ønskeleg med undervisnings- eller rettleiingserfaring.
Den som vert tilsett må kunne arbeide sjølvstendig, verdsette og like å arbeide med barn, vere ansvarsmedviten, fleksibel og ha gode kommunikasjons- og samarbeidsevner.
Lystgasslisens er ønskeleg.
Det er ein føremon at søkjar har anna ekstern stilling for å oppretthalde eigne kliniske ferdigheiter
Den som vert tilsett må ha god kunnskap i norsk. Ved vurderinga vert det lagt vekt på personlege eigenskapar.
Spanande og utviklande arbeidsoppgåver i eit sterkt fagmiljø
Løn for tida kr 700 000 (kode 1015) i lønsregulativet i staten, eller kr 720 000 for søkjarar som har spesial-/spesialistkompetanse (kode 1353). For særleg kvalifisert søkjar kan det verte aktuelt å vurdere høgare løn.
Søknadsbrev der du seier noko om din motivasjon for stillinga, kvifor du søkjer og kvifor du passar til stillinga
Kva stillingsbrøk du ønskjer, og kva dagar du kan arbeide
Oversikt over utdanning og arbeidserfaring (CV)
Kopi av vitnemål, autorisasjon og relevante attestar
Søkjarar med utanlandsk utdanning må legge ved sertifisert omsetjing til engelsk eller skandinavisk dersom originalvitnemålet og karakterutskriftene ikkje er på eit av desse språka
To referansar (namn og kontaktinformasjon).
Generell informasjon:
Utfyllande opplysningar om stillinga kan ein få ved å vende seg til:
Professor Athanasia Bletsa, Seksjon for Pedodonti, nancy.bletsa@uib.no eller
Overtannlege Astrid Halle, Klinikk for Barnetannpleie, astrid.halle@uib.no
Ved tilsetjing må politiattest som ikkje er eldre enn 3 månader leggjast fram, etter helsepersonelloven §20 a
Mangfald er ein styrke og gjer at vi kan løyse oppgåvene våre endå betre. UiB treng difor kvalifiserte medarbeidarar uavhengig av kjønn, etnisitet, religion, livssyn, funksjonsnedsetjing, seksuell orientering, kjønnsidentitet, kjønnsuttrykk og alder.
Vi oppmodar menn om å søkje. Dersom fleire søkjarar har tilnærma like kvalifikasjonar, gjeld reglane for moderat kjønnskvotering
Opplysningar om søkjaren kan bli gjort offentlege sjølv om søkjaren har oppmoda om ikkje å bli ført på søkjarlista. Dersom oppmodinga ikkje blir teke til følgje, skal søkjaren varslast om dette.
Søknad, CV og vedlegg sendes elektronisk via lenke på denne sida.
Ved tilsettjing må politiattest som ikkje er eldre enn 3 md. leggjas fram, etter Helsepersonelloven § 20 a).
Vi oppmodar søkjarar med funksjonsnedsetjing, innvandrarbakgrunn eller hól i CV-en til å søke. Dersom du kryssar av for dette i søknaden kan du bli positivt særbehandla. Vi inviterer alltid minst ein kvalifisert søkjar frå kvar av desse gruppene til intervju.