Høgskulen på Vestlandet (HVL) er ein av dei største høgskulane i landet, med om lag 1 900 tilsette og 17 500 studentar fordelte på fem campus i Førde, Sogndal, Bergen, Stord og Haugesund.
Vi har sterke og innovative fagmiljø innan helse- og sosialvitskap, ingeniør- og naturvitskap, økonomi, samfunnsvitskap og maritime studier, og lærarutdanning, kultur og idrett. HVL tilbyr bachelor-, master- og doktorgradsutdanningar og ulike årsstudium.
HVL er tett på arbeidslivet, regionen og studentane, og har mål om å bli eit universitet med profesjons- og arbeidslivsretta profil.
Fakultet for helse- og sosialvitskap har om lag 400 tilsette og om lag 4900 studentar. Vi har eit breitt utdanningstilbod innan helse- og sosialfaglege profesjonsutdanningar, etter- og vidareutdanningar og fleire masterprogram. Fakultetet tilbyr ph.d.-utdanninga "Helse, funksjon og deltaking". I tillegg har Fakultet for helse- og sosialvitskap delansvar for forskingsområdet: "Innovasjon i offentleg sektor" i den tverrfakultære ph.d.-utdanninga Responsible Innovation and regional Development (RESINNREG).
Studentane våre får omfattande ferdigheitstrening i tillegg til praksis, mellom anna gjennom øvingar i kommunikasjon og utprøving ved eit avansert simuleringssenter, SimArena. Vi praktiserer fleksible læringsformer der studenten sjølv blir utfordra til å delta i forsking og utviklingsarbeid.
Ved institutt for helse- og omsorgsvitskap er vi om lag 210 tilsette og om lag 2400 studentar fordelte på studiestadane Førde, Bergen, Haugesund og Stord. Vi tilbyr bachelorutdanningar i sjukepleie og masterstudium i klinisk sjukepleie med sju ulike fordjupingsområde. I tillegg har vi masterstudium i jordmorfag, masterstudium i samhandling og folkehelse, masterstudium i avansert klinisk allmennsjukepleie og master i sjukepleie - kliniske spesialitetar, samt ei rekkje vidareutdanningar. Forskinga vår er retta mot å styrke kunnskapsgrunnlaget innan klinisk sjukepleie, kvalitet og innovasjon i helse- og omsorgstenester, folkehelse og livsstil samt utdanningskvalitet.
Stipendiat knytt til ph.d.-programmet Helse, funksjon og deltaking
Ved Høgskulen på Vestlandet (HVL), Fakultet for helse- og sosialvitskap, er det ledig ei mellombels stilling i 100 % som stipendiat innan fagområde digital hjartehabilitering
Stipendiaten skal inngå i eit godkjent opplegg for ph.d.-utdanning innanfor ei tidsramme på 4 år, der 25 % av tida vil utgjere anna karrierefremjande arbeid i form av undervisning, utviklingsarbeid eller administrasjon ved HVL.
Stipendiaten vil inngå i forskingsgruppa PROCARD (Patient-Reported Outcomes in Cardiology), som er leiande innan forskingsbasert kunnskap og implementering av kompetanse tett knytt til det kliniske fagfeltet. Som forskingsgruppe kan ein vise til ei breitt samansett plattform av nasjonalt og internasjonalt anerkjende forskarar som samarbeider tett i både prosjekt og publikasjonar. Dette sikrar at forskinga er forankra i kliniske, dagsaktuelle problemstillingar og bidreg med publikasjonar av høg internasjonal kvalitet for å fremje HVL som ein profesjons- og arbeidslivsretta forskingsinstitusjon.
Det er ein føresetnad at den som vert tilsett har arbeidsplass ved Institutt for helse- og omsorgsvitskap ved campus Førde, campus Bergen, campus Stord eller campus Haugesund i tilsettingsperioden, og at karrierefremjande arbeid vert utført ved HVL.
Stipendiatstillinga er en rekrutteringsstilling som skal bidra til et aktivt forskingsmiljø ved HVL. Det er ønskjeleg med oppstart i 1. september 2025.
Ansvars- og arbeidsområde:
Årleg blir om lag 12 000 pasientar behandla med perkutan koronar intervensjon (PCI), og det har vore ei pågåande utvikling innan behandlinga som har gjort at sjukehusopphaldet har blitt stadig kortare. I den samanhengen er det viktig at pasienten får eit tilbod om fleksible og tilgjengelege løysingar for sekundæroppfølging.
Forskingsgruppa PROCARD har utvikla eit digitalt heimebasert rehabiliteringsprogram i prosjektet eHjerteRehab. Prosjektet har hovudfinansiering frå Norges forskingsråd og forskings- og innovasjonsmidlar frå Helse Vest. Prosjektet har ulike arbeidspakkar der ein arbeider med forskjellige tematikkar, og denne stipendiatstillinga er knytt til kontinuitet og samanhengande helsetenestetilbod. Stipendiaten vil ved hjelp av kvalitative og kvantitative metodar bidra med kunnskap om korleis eHjerteRehab, kan integrerast i eksisterande behandlingsforløp for pasientar etter PCI. Les meir om prosjektet her.
Etter tilsetting vil kandidaten saman med rettleiar utarbeide ein detaljert plan for prosjektet og forskarutdanninga som skal knytast til opptak ved ph.d.- utdanninga «Helse, funksjon og deltaking ved HVL. Sjå omtale, studieplan og opptakrav for programmet her: Ph.d. i Helse, funksjon og deltaking - Høgskulen på Vestlandet
Interesserte søkarar kan ta kontakt med hovudrettleiar Irene Valaker for å få tilsendt førebels prosjektplan. Professor Tone M. Norekvål, som leiar forskingsgruppa PROCARD og er prosjektleiar for eHjerteRehab, vil vere medrettleiar til stipendiaten. Det øvrige teamet rundt stipendiaten vil bli etablert ved tilsetting.
Kvalifikasjonskrav:
Krav til stillinga:
Relevant mastergrad innan helsefag eller andre fagområde som er relevante for arbeidsoppgåvene i prosjektet t.d. samhandling, organisasjon og leiing.
Mastergradsoppgåva må vere levert til vurdering innan søknadsfristen, og mastergraden (120 studiepoeng eller tilsvarande) må vere godkjend seinast fire veker etter søknadsfristen. Mastergrada må innehalde ei masteroppgåve med eit omfang på minimum 30 studiepoeng.
Normalt karakter B eller betre på masteroppgåva og gjennomsnittskarakteren for studiedelen skal normalt vere B eller betre.
Gode ferdigheiter både skriftleg og munnleg i norsk, dansk eller svensk, i tillegg til engelsk
Ønska kvalifikasjonar:
Faglege kvalifikasjonar innan temaområdet i prosjektet
Relevant metodekompetanse
Tidlegare publikasjonar med relevans for utlysinga
Erfaring med prosjektarbeid, formidling og rettleiing
God IKT-kompetanse
Personlege eigenskapar:
Gode kommunikasjons- og samarbeidsevner
God evne til å arbeide effektivt og systematisk
Evne til å ta initiativ og ansvar
Trivast med å arbeide i tverrfagleg team
Evne til nytenking og gjennomføring
Kunne arbeide sjølvstendig og samtidig bidra til fellesskapet i fagmiljøet generelt og i forskingsgruppa spesielt.
Høgt etisk medvit i forskingsarbeidet
Tilleggskrav:
Skal leggast ved søknaden:
Søkaren må leggje ved eit refleksjonsnotat på inntil 3 sider, som tek utgangspunkt i tankar, perspektiv og metodiske tilnærmingar innan digital hjarterehabilitering, relatert til temaet kontinuitet og samanhengande helsetenester. I tillegg må det liggje føre ein plan for gjennomføringa av stipendiatprosjektet, samt motivasjonen for å søkje.
Masteroppgåva
Inntil 3 vitskaplege publikasjonar søkjar vil ha vurdert
Vitnemål og attestar
Komplett publikasjonsliste
Korleis søke på stillinga
Send søknad og CV ved å klikke på knappen merka ”Søk stillinga” på denne sida.
Vi gjer merksam på at søknaden blir vurdert ut frå den informasjonen som ved søknadsfristen er lagt inn i www.jobbnorge.no. Det er søkjaren sitt ansvar å sørgje for at alle relevante vedlegg er lagt inn innan fristen, irekna:
masteroppgåve/hovudfagsoppgåve
inntil tre vitskaplege arbeid ein ønskjer å ha med i vurderinga
fullstendig publikasjonsliste
prosjektbeskriving
attestar og vitnemål
Dersom vitnemåla, karakterutskrifter eller annen dokumentasjon ikkje er på eit skandinavisk språk eller engelsk, må søkjaren sjølv laste opp attesterte omsettingar. Dersom vedlegga overskrid 25 MB må desse komprimerast før opplasting eller leggjast ved som lenkje.
HK-dir tilbyr automatisk godkjenning for enkelte gradar frå utvalde land. Dersom utdanninga til søkjaren er dekka av ordninga med automatisk godkjenning, vil det vera tilstrekkeleg å leggje ved dokumentasjon på dette. Du kan lese meir om ordninga med automatisk godkjenning her.
Vi gjer merksam på at søknad om vurdering gjennom den ordinære godkjenningsordninga til HK-dir kan ta tid. Du bør difor sende søknad om godkjenning så raskt som mogeleg når du veit at du vil søkje på stillinga. Dersom du ikkje har fått svar frå HK-dir innan søknadsfristen, legg du ved dokumentasjon frå HK-dir om at dei har motteke søknaden din.
Søkjarar til vitskaplege stillingar blir vurdert av ein sakkunnig komité. Vurderinga skjer på bakgrunn av dokumentert kompetanse. Med grunnlag i komiteen si innstilling, vil aktuelle søkjarar bli kalla inn til intervju og prøveførelesing. Tilsettingsutvalet ved Fakultet for helse- og sosialvitskap er tilsettingsorgan.
Søknad om opptak til doktorgradsprogrammet skal fyrst sendast etter ei eventuell tilsetting. Ein skal normalt søkje om opptak til ph.d.-utdanning innan tre (3) månader etter oppstart. Jf. Forskrift for graden ph.d. ved HVL § 2-4.
Søknadane blir sendt elektronisk til den sakkunnige komitéen. Søknader kan ikkje sendast på e-post til enkeltpersonar ved høgskulen.
Vi tilbyr:
Gode pensjons-, forsikrings-, og låneordningar i Statens pensjonskasse
Spennande fagmiljø med moglegheit for kompetanseheving – og utvikling
Moglegheiter for trening i arbeidstida
Stillinga er lønna i stillingskode 1017 stipendiat - startlønn kr 536 200 .Vidare opprykk skjer etter tenesteansiennitet i stillinga.
Frå løna blir det trekt 2 % innskot til Statens pensjonskasse. Den som blir tilsett, må rette seg etter dei retningslinjer som til ei kvar tid gjeld for stillinga.
Generell informasjon:
Vi gjer merksam på at i tråd med offentleglova, kan opplysningar om søkjaren bli gjort offentleg, sjølv om søkjaren har bede om å ikkje bli ført opp på søkjarlista. Søkjar blir varsla dersom førespurnad om unntak for offentleggjering ikkje vert teken til følgje. Den statlege arbeidsstyrken skal i størst mogleg grad spegle mangfaldet i befolkninga. Det er av den grunn eit personalpolitisk mål å oppnå ei balansert alders- og kjønnssamansetting, og å rekruttere personar med minoritetsbakgrunn, nedsett funksjonsevne og hol i CV.
Høgskolen på Vestlandet er underlagt forskrift for eksportkontrollsystem. Forskriften kan komme til anvending i behandlingen av søknadane.