Førsteamanuensis / førstelektor / høgskulelektor i sjukepleie
Søknadsfrist: 01.06.2025
Publisert
Høgskulen på Vestlandet (HVL) er ein av dei største høgskulane i landet, med om lag 1 900 tilsette og 17 500 studentar fordelte på fem campus i Førde, Sogndal, Bergen, Stord og Haugesund.
Vi har sterke og innovative fagmiljø innan helse- og sosialvitskap, ingeniør- og naturvitskap, økonomi, samfunnsvitskap og maritime studier, og lærarutdanning, kultur og idrett. HVL tilbyr bachelor-, master- og doktorgradsutdanningar og ulike årsstudium.
HVL er tett på arbeidslivet, regionen og studentane, og har mål om å bli eit universitet med profesjons- og arbeidslivsretta profil.
Fakultet for helse- og sosialvitskap har om lag 400 tilsette og om lag 4900 studentar. Vi har eit breitt utdanningstilbod innan helse- og sosialfaglege profesjonsutdanningar, etter- og vidareutdanningar og fleire masterprogram. Fakultetet tilbyr ph.d.-utdanninga "Helse, funksjon og deltaking". I tillegg har Fakultet for helse- og sosialvitskap delansvar for forskingsområdet: "Innovasjon i offentleg sektor" i den tverrfakultære ph.d.-utdanninga Responsible Innovation and regional Development (RESINNREG).
Studentane våre får omfattande ferdigheitstrening i tillegg til praksis, mellom anna gjennom øvingar i kommunikasjon og utprøving ved eit avansert simuleringssenter, SimArena. Vi praktiserer fleksible læringsformer der studenten sjølv blir utfordra til å delta i forsking og utviklingsarbeid.
Ved institutt for helse- og omsorgsvitskap er vi om lag 210 tilsette og om lag 2400 studentar fordelte på studiestadane Førde, Bergen, Haugesund og Stord. Vi tilbyr bachelorutdanningar i sjukepleie og masterstudium i klinisk sjukepleie med sju ulike fordjupingsområde. I tillegg har vi masterstudium i jordmorfag, masterstudium i samhandling og folkehelse, masterstudium i avansert klinisk allmennsjukepleie og master i sjukepleie - kliniske spesialitetar, samt ei rekkje vidareutdanningar. Forskinga vår er retta mot å styrke kunnskapsgrunnlaget innan klinisk sjukepleie, kvalitet og innovasjon i helse- og omsorgstenester, folkehelse og livsstil samt utdanningskvalitet.
Ved Høgskulen på Vestlandet (HVL) er det ledig 100 % fast stilling som førsteamanuensis/førstelektor/høgskulelektor innan fagområde sjukepleie ved Fakultet for helse- og sosialvitskap, campus Haugesund
Stillinga er knytt til Fakultet for helse- og sosialvitskap, Institutt for helse- og omsorgsvitskap, fagseksjon for bachelor sjukepleie.
Det er er ønskjeleg med kompetanse innan komplekse og samansette lidingar - og sjukdommar spesielt retta mot kommunehelsetenesta.
Stillinga er knytt til både utdanning i bachelor sjukepleie og masterstudie ved instituttet, på tvers av campus, avhengig av søkjaren sin kompetanse.
Arbeidsstad er campus Haugesund og det vert forventa fysisk oppmøte på campus.
Ansvars- og arbeidsområde:
Undervisning, rettleiing og evaluering innan fagområdet psykisk helse, og emner knytt til fagseksjonen/instituttet sine studieprogram
Bidra til forsking knytt til fagseksjonen sine studieprogram i tillegg til fakultetet sine forskningsprofilar relatert til pasientsikkerheit eller andre relevante forskingsprofilar ved fakultetet
Bidra innan dei ulike faglege institusjonsbyggande oppgåvene, som til dømes studiekoordinering, emneansvar og utvikling av forskingsgruppene
Forsking- og utviklingsarbeid med relevans for fagområde pasientsikkerheit
Delta i utvikling av nye relevante forskingsprosjekt og utarbeide søknader om ekstern finansiering saman med kollegaer i fagmiljøet
Samarbeid om utdanning og forsking internt i høgskulen, og med nasjonale og internasjonale samarbeidspartnera
Den som blir tilsett må pårekne andre undervisning- og rettleiingsoppgåver ved instituttet
Offentleg autorisasjon som sjukepleiar frå Norden er eit krav for stillinga
For tilsetting som førsteamanuensis vert det krevd minst:
a. doktorgrad innan relevant fagområde, eller kompetanse på tilsvarande nivå dokumentert enten ved vitskapleg arbeid eller kunstnerisk arbeid av samme omfang og kvalitet
b. utdanningsfagleg kompetanse
For tilsetting som førstelektor må søkjar ha førstekompetanse i samsvar med forskrifta og for å innfri kvalifikasjonskrava til førstelektor vert det krevd minst:
a. høgre grads eksamen eller tilsvarande innan relevant fagområde
b. utdanningsfagleg kompetanse
d. relevant yrkes- eller undervisingserfaring
e. bidrag til fagleg utviklingsarbeid på høgt nivå, i samsvar med internasjonale eller nasjonale standarder innan fagområdet/yrkesfeltet.
For tilsetting som høgskulelektor vert det krevd minst:
a. høgare grads eksamen eller tilsvarande innan relevant fagområde,
b. utdanningsfagleg kompetanse
d. relevant yrkes- eller undervisingserfaring
Interesse og motivasjon for å oppnå førstekompetanse blir vektlagt
Interesse for og/eller erfaring med pedagogisk utviklingsarbeid, varierte undervisningsformer og internasjonaliseringsarbeid frå undervisning og rettleiing i høgre utdanning
Undervisningsspråket er norsk og søkjarar må beherske norsk, svensk eller dansk språk, godt munnleg og skriftleg
God munnleg og skriftleg fremstillingsevne på engelsk
God IKT-kompetanse
Ønska kvalifikasjonar
Relevant klinisk erfaring og praksisnær kompetanse
Erfaring frå relevante forskings- og utviklingsprosjekt, medrekna erfaring med å skaffe ekstern finansiering og utvikling av forskings- og utviklingsprosjekt med praksisfeltet
Erfaring med internasjonalt samarbeid og/eller arbeidserfaring
Erfaring med undervisning og rettleiing i høgre utdanning
Det er ein fordel at søkjar har erfaring med studentaktive læringsmetodar og digitale undervisningsformer
Personlege eigenskapar:
Sjølvstendig, ansvarleg og pådrivar
Positiv innstilling og god evne til å samarbeide med både studentar og kollegaer
God evne til formidling
Engasjement og interesse for fagleg utvikling
Utdanningsfagleg kompetanse
Søkjarar som ved tilsetting ikkje fylle krava til forskrifta må oppfylle desse innan to år. HVL tilbyr kurs i høgskulepedagogikk.
Send søknad og CV ved å klikke på knappen merka ”Søk stillinga” på denne sida.
Vi gjer merksam på at søknaden blir vurdert ut frå den informasjonen som ved søknadsfristen er lagt inn i www.jobbnorge.no. Det er søkjaren sitt ansvar å sørgje for at alle relevante vedlegg er lagt inn innan fristen, irekna:
Dersom vitnemål, karakterutskrifter eller anna dokumentasjon ikkje er på eit skandinavisk språk eller engelsk, må søkjaren sjølv laste opp attesterte omsettingar. Om vedlegga overstig 25 MB må dei komprimerast før opplasting eller leggjast ved som lenke.
HK-dir tilbyr automatisk godkjenning for enkelte gradar frå utvalde land. Dersom utdanninga til søkjaren er dekka av ordninga med automatisk godkjenning, vil det vere tilstrekkeleg å leggje ved dokumentasjon på dette. Du kan lese meir om ordninga med automatisk godkjenning her.
Vi gjer merksam på at søknad om vurdering gjennom den ordinære godkjenningsordninga til HK-dir kan ta tid. Du bør difor sende søknad om godkjenning så raskt som mogeleg når du veit at du vil søkje på stillinga. Dersom du ikkje har fått svar frå HK-dir innan søknadsfristen, legg du ved dokumentasjon frå HK-dir om at dei har motteke søknaden din.
Søknadane vert sendt elektronisk til det sakkunnige utvalet. På bakgrunn av utvalet si vurdering, vil aktuelle søkjarar bli kalla inn til intervju og prøveundervisning. Søknader kan ikkje sendast på e-post til enkeltpersonar ved høgskulen..
Vi tilbyr:
Gode pensjons-, forsikrings-, og låneordningar i Statens pensjonskasse
Spennande fagmiljø med moglegheit for kompetanseheving- og utvikling
Høve for trening i arbeidstida
Moglegheit for kombinert stilling med annan arbeidsgjevar
Stillinga som førsteamanuensis/førstelektor/høgskulelektor er lønna etter Statens lønnsregulativ, i stillingskode 1011 førsteamanuensis/1198 førstelektor/1008 høgskulelektor til Statens pensjonskasse.
Generell informasjon:
Vi gjer merksam på at i tråd med offentleglova, kan opplysningar om søkjaren bli gjort offentleg sjølv om søkjaren har bede om å ikkje bli oppført på søkjarlista. Søkjaren vil bli varsla dersom førespurnad om unntak for offentleggjering ikkje vert teken til følgje.
Den statlege arbeidsstyrken skal i størst mogleg grad spegle mangfaldet i befolkninga. Det er av den grunn eit personalpolitisk mål å oppnå ei balansert alders- og kjønnssamansetting og å rekruttere personar med minoritetsbakgrunn, nedsett funksjonsevne og hol i CV.
Høgskulen på Vestlandet er underlagt forskrift for eksportkontrollsystem. Forskriften kan komme til bruk i handsaming av søknadane.
Kontaktpersonar ved Høgskulen på Vestlandet:
1) Fagseksjonsleiar Astrid Fjell E-post astrid.fjell@hvl.no Tlf +47 52 70 27 45