LEDIG STILLING VED UNIVERSITETET I BERGEN

Universitetslektor ved Institutt for informasjons- og medievitenskap

Søknadsfrist: 30.11.2022

Universitetet i Bergen

Universitetet i Bergen er ein anerkjend utdannings- og forskingsinstitusjon, organisert i sju fakultet og omlag 54 institutt og faglege senter. Campus ligg i sentrale delar av Bergen med universitetsområde på Nygårdshøyden, Haukeland, Marineholmen, Møllendalsveien og Årstad.


Det samfunnsvitenskapelige fakultet består av sju institutt. Les meir om fakultet og tilhøyrande institutt.

UiB - Kunnskap som formar samfunnet

Gjennom eit sterkt og tett samspel med omverda - globalt, nasjonalt og lokalt - skal vi medverke til eit samfunn bygd på kunnskap, ferdigheiter og haldningar.

Vil du vere med å forme framtida?

Universitetslektor

Ved Institutt for informasjons- og medievitskap, Universitetet i Bergen, er det ledig ein midlertidig 50%-stilling som universitetslektor knytt til "TekLab - Innovasjonspedagogikk for medieutdanningar" og HCI-miljøet på instituttet. Oppstart snarast og varigheit er 1 år.

TekLab er eit tiltak for innovasjonspedagogikk i medieutdanningar, og det er finansiert med tildeling frå HK-dir. TekLab støttar opp under teknologiutforsking på bachelor og master ved medieutdanningar ved Universitetet i Bergen, Universitetet i Stavanger og Høgskulen i Volda. TekLab har kontorlokale i Media City Bergen, i fagmiljøet til Institutt for informasjons- og medievitskap, SV-fakultetet ved Universitetet i Bergen.

For meir informasjon om instituttet: https://www.uib.no/en/infomedia

Arbeidsoppgåver:

  • Rettleiing av studentar innan interaksjonsdesign, programvareutvikling og entreprenørskap.
  • Rådgivar og prosjektutviklar for bachelor- og masterprogram.
  • Rettleiing av studentar og arbeid med hardware og software knytt til HCI laboratoriet.
  • Koordinator og rettleiar for bruk av HCI-utstyr og laboratoriet.
  • Vedlikehald og vidareutvikling av nettstaden til Teklab.
  • Stillinga har eit særleg fokus på ny teknologi knytt til augmented reality, virtual reality and etableringa av eit MakerSpace for utforsking av slik teknologi.
  • Teknisk planlegging, støtte, innkjøp og vedlikehald knytt til HCI laboratoriet.

Kvalifikasjonar og eigenskapar:

  • Master i medie- og interaksjonsdesign eller tilsvarande.
  • Dokumentert erfaring med undervisning i AR og/eller VR og bruk av utstyr knytt til dette.
  • Erfaring med programvareutvikling, interaksjonsdesign og entreprenørskap, samt kunne rettleie innan dette.
  • Gode språkkunnskapar i norsk, munnleg og skriftleg.
  • Teknisk erfaring med moderne interaktive teknologiar og forsking
  • Kjennskap til universitetssektoren og bakgrunn frå miljøet ved Instituttet er ein føremon.

Ved intervju vil det blir lagt stor vekt på dei personlege eigenskapane som er naudsynte for stillinga.

Vi tilbyr:

  • Eit godt og fagleg utfordrande arbeidsmiljø.
  • Løn som universitetslektor etter kode 1009 tilsvarende 520 000 – 550 000 etter hovudtariffavtalene i staten (tilsvarande lønstrinn 56-60). For spesielt godt kvalifiserte søkjarar kan høgare løn vurderast.
  • Medlemskap i Statens pensjonskasse
  • Stilling i ei inkluderande arbeidslivsverksemd (IA-verksemd).
  • Fleksibel arbeidstid
  • Gode velferdsordningar

Søknaden skal innehalde:

  • Ei kort utgreiing om søkjaren sin motivasjon for å søkje stillinga
  • CV
  • Vitnemål, attestar og pedagogiske kvalifikasjonar
  • To referansar (namn og kontaktinformasjon)

Søknad og vedlegg med attesterte omsetjingar til engelsk eller eit skandinavisk språk må lastast opp i Jobbnorge.

Søknaden skal merkast 22/17157

Søknadsfrist: 30.11.2022

Generell informasjon:

Utfyllande opplysningar om stillingane kan ein få ved å kontakte seniorkonsulent HR Pernille Hole: pernille.hole@uib.no.

Den statlege arbeidsstyrken skal i størst mogleg grad spegle mangfaldet i befolkninga. Personar med innvandrarbakgrunn og personar med nedsett funksjonsevne blir oppmoda om å søkje stillinga.

Universitetet i Bergen nyttar meirinnsyn ved tilsetjing i vitskaplege stillingar.

Opplysningar om søkjaren kan bli gjort offentlege sjølv om søkjaren har oppmoda om ikkje å bli ført på søkjarlista. Dersom oppmodinga ikkje blir teke til følgje, skal søkjaren varslast om dette.

Nærare om tilsettingsprosessen her.

Søk på stillingen

Powered by Labrador CMS