Universitetet i Bergen er ein anerkjend utdannings- og forskingsinstitusjon, organisert i sju fakultet og omlag 54 institutt og faglege senter. Campus ligg i sentrale delar av Bergen med universitetsområde på Nygårdshøyden, Haukeland, Marineholmen, Møllendalsveien og Årstad.
Gjennom eit sterkt og tett samspel med omverda - globalt, nasjonalt og lokalt - skal vi medverke til eit samfunn bygd på kunnskap, ferdigheiter og haldningar.
Vil du vere med å forme framtida?
Universitetslektor i samtidskunst (vikariat)
Ved Kunstakademiet – Institutt for samtidskunst er det ledig ei mellombels 100 % stilling som universitetslektor for eit år med mogleg forlenging. Stillinga er knytt til fokusområdet keramikk og inneheldt derunder ein koordinerande funksjon i forhold til masterprogrammet i samtidskunst.
Vi søkjer etter ein billedkunstner som vil ha oppgåver knytt til rettleiing og undervisning innanfor fokusområdet keramikk, samt koordinering av masterprogrammet i samtidskunst. Universitetslektoren vil få delta i ei spennande fase for programmet og inngå i eit dynamisk undervisningsmiljø og få gode utviklingsmoglegheiter.
Arbeidsoppgåver:
Rettleiing og undervisning innafor fokusområdet keramikk
Koordinering av undervisningsforløp og studietilbod på Kunstakademiets masterprogram
Samarbeid med den tilsvarande programassistent på Kunstakademiets bachelorprogram
Bidra til ei vidareutvikling av programmet og i fokusområdet sine støttefunksjonar
Ha kjennskap til relevante emner som er aktuelle og viktig for KMD si utvikling på feltet
Kvalifikasjonar og eigenskapar:
Mastergrad, fortrinnsvis innan for samtidskunst
God språkkunnskap og formuleringsevne i engelsk, munnleg og skriftlig
Arbeide sjølvstendig, vere ansvarsbevisst og fleksibel
Vere serviceinnstilt og imøtekommande
Ha gode samarbeidsevner og ei strukturert arbeidsform
Undervisingsspråket er til vanleg norsk. Det vert kravd at den som vert tilsett, kan undervise på norsk eller eit anna skandinavisk språk innan to år etter tilsetjinga.
Vi tilbyr:
Spennande og utviklande arbeidsoppgåver i et sterkt fagmiljø
Faglege utfordringar med gode høve for personleg utvikling og kompetanseutvikling
Løn som universitetslektor etter lønssteg 56 - 64 (kode 1009/LR 25, alternativ 6) i det statlege lønsregulativet, avhengig av tenesteansiennitet og kvalifikasjonar. Dette utgjer for tida kr 507 600 – 583 500. For særleg kvalifisert søkjar kan det verte aktuelt å vurdere høgare løn.
Liste over kunstnarlege produksjonar som har relevans for stillinga
Søknad og vedlegg med attesterte omsetjingar til engelsk eller eit skandinavisk språk må lastast opp i Jobbnorge.
Generell informasjon:
Utfyllande opplysningar om stillinga kan ein få ved å vende seg til:
Instituttleiar Frans Jacobi, e-post: Frans.Jacobi@uib.no eller telefonnr. +47 55 58 74 88
Den statlege arbeidsstyrken skal i størst mogleg grad spegle mangfaldet i befolkninga. Personar med innvandrarbakgrunn og personar med nedsett funksjonsevne blir oppmoda om å søkje stillinga.
Universitetet i Bergen nyttar meirinnsyn ved tilsetjing i vitskaplege stillingar.
Opplysningar om søkjaren kan bli gjort offentlege sjølv om søkjaren har oppmoda om ikkje å bli ført på søkjarlista. Dersom oppmodinga ikkje blir teke til følgje, skal søkjaren varslast om dette.