LEDIG STILLING VED UNIVERSITETET I BERGEN

Universitetslektor i norsk som andrespråk (Norskkursa)

Søknadsfrist: 28.04.2024

Universitetet i Bergen

Universitetet i Bergen er ein anerkjend utdannings- og forskingsinstitusjon, organisert i sju fakultet og omlag 54 institutt og faglege senter. Campus ligg i sentrale delar av Bergen med universitetsområde på Nygårdshøyden, Haukeland, Marineholmen, Møllendalsveien og Årstad.

Det humanistiske fakultet består av fire institutt og fire senter. Les meir om fakultet og tilhøyrande institutt.

UiB - Kunnskap som formar samfunnet

Gjennom eit sterkt og tett samspel med omverda - globalt, nasjonalt og lokalt - skal vi medverke til eit samfunn bygd på kunnskap, ferdigheiter og haldningar.

Vil du vere med å forme framtida?

Universitetslektor i norsk som andrespråk (Norskkursa)

Velkomen som søkjar til eit ledig vikariat som universitetslektor i norsk som andrespråk i 100 % frå 1. august 2024 til 31. mars 2025 ved Institutt for lingvistiske, litterære og estetiske studium (LLE). Universitetslektoren skal undervise utanlandske studentar og tilsette ved UiB i munnleg og skriftleg norsk innanfor rammene av Norskkursa.

Norskkursa ved LLE har for tida 13 fast tilsette universitetslektorar og har eit nært samarbeid med dei som arbeider i vitskaplege stillingar med norsk som andrespråk som ordinært studietilbod. Det blir gitt undervisning på ulike nivå, frå nybegynnarkurs til kurs med meir fokus på akademisk skriving. Undervisningsspråket er norsk. Norskkursa gir også ei innføring i norsk kultur og samfunnsliv. I tillegg til undervisning kjem eksamensarbeid (sensur, utarbeiding av eksamensoppgåver og plasseringsprøver) og anna undervisningsrelatert arbeid. Ved Norskkursa arbeider ein også med å utvikle ulike nettbaserte læringstilbod.

Stillingsomtale:

I stillinga ligg det undervisning og undervisningsrelatert arbeid, i tillegg til noko administrasjon. Delar av undervisninga kan bli lagt til sein ettermiddag eller kveld. 

Utfyllande opplysningar om stillinga kan ein få ved å vende seg til:

  • Fagkoordinator Marianne van Baar, Norskkursa ved LLE, tlf.: 55 58 30 54 eller epost: marianne.baar@uib.no 

Den som blir tilsett, må rette seg etter dei retningslinene som til kvar tid gjeld for stillinga.

Ein viser til dei generelle reglane ved universitetet om at innanfor si normale arbeidsplikt og faglege kompetanse kan den som blir tilsett også bli pålagt undervisning, rettleiing og eksamensarbeid utanfor den organisasjonseininga stillinga er knytt til.

Kvalifikasjonar:

Den som blir tilsett, må ha norsk mastergrad i norsk som andrespråk, nordisk språk og litteratur eller tilsvarande. Ved vurdering av søkjarar vil det bli lagt stor vekt på dokumentert kompetanse i norsk som andrespråk. Dersom det ikkje melder seg kvalifiserte søkjarar for stilling som universitetslektor, kan det bli aktuelt å tilsette søkjarar med relevant bachelorgrad i norsk som andrespråk, nordisk språk og litteratur eller tilsvarande samt erfaring som øvingslærar. Søkjarar må ha morsmålskompetanse eller tilnærma morsmålskompetanse i norsk og kunne dokumentere kompetanse i både bokmål og nynorsk. Språkkompetansen vil i tillegg til innsendt dokumentasjon bli vurdert under praktisk prøve og intervju. Vi legg vidare vekt på personlege eigenskapar, gode samarbeidsevner og motivasjon for stillinga.

Då dette er ei undervisningsstilling, blir det lagt spesielt vekt på erfaring frå undervisning i norsk som andrespråk/framandspråk, særleg på universitets- og høgskulenivå. Andre relevante kvalifikasjonar er pedagogisk utviklingsarbeid, erfaring frå digital undervisning og vitskapleg arbeid i fagfeltet norsk som andrespråk.

Aktuelle kandidatar må rekne med å bli kalla inn til praktisk prøve og intervju. Ein vil ved tilsetjing leggje vekt på at søkjarane er skikka til å drive undervisningsarbeid.

Vi kan tilby:

  • Eit godt og fagleg utfordrande arbeidsmiljø.
  • Løn etter lønssteg 60-65 (kode 1009) for stilling som universitetslektor. For tida svarar dette til mellom 584 500 - 635 400 kroner årleg i full stilling før skatt. For stilling som øvingslærar vert løn tilsvarande lønssteg 48 (kode 1007). For tida svarar dette til 487 800,- kroner årleg i full stilling før skatt. For særskilt kvalifiserte søkjarar kan det vurderast høgare løn.
  • Medlemskap i Statens pensjonskasse.
  • Stilling i ei inkluderande arbeidslivsverksemd (IA-verksemd).
  • Gode velferdsordningar.

Slik søkjer du stillinga:

Søknad med CV skal sendast elektronisk via lenka på denne sida ”SØK STILLINGA”. Søknaden skal innehalde ei kort utgreiing om søkjaren sin motivasjon for å søkje stillinga.

Dette må følgje søknaden:

  • Søknadsbrev.
  • CV.
  • Vitnemål frå universitet/høgskule og attestar (skanna versjon eller stadfeste kopiar).
  • Namn og kontaktinformasjon på tre referansepersonar.
  • Dokumentasjon på pedagogiske kvalifikasjonar (utdanning, undervisningspraksis, utviklingsarbeid, mottekne prisar eller anna pedagogisk røynsle), undervisningsopplegg og/eller evalueringar.
  • Liste over eventuelle vitskaplege publikasjonar, med lenker til fulltekst.

Vedlegga kan vere i Word- eller PDF-format og må lastast opp i Jobbnorge innan søknadsfristen.

NB: Søknadene vert vurderte ut frå den informasjonen som er tilgjengeleg i Jobbnorge når søknadsfristen går ut. Søkjaren har sjølv ansvaret for å sjå til at all informasjon er lasta opp før fristen.

Generell informasjon:

Utfyllande opplysningar om stillinga kan ein få ved å vende seg til:

Den statlege arbeidsstyrken skal i størst mogleg grad spegle mangfaldet i befolkninga. Personar med innvandrarbakgrunn og personar med nedsett funksjonsevne blir oppmoda om å søkje stillinga.

Universitetet i Bergen nyttar meirinnsyn ved tilsetjing i vitskaplege stillingar.

Opplysningar om søkjaren kan bli gjort offentlege sjølv om søkjaren har oppmoda om ikkje å bli ført på søkjarlista. Dersom oppmodinga ikkje blir teke til følgje, skal søkjaren varslast om dette.

Aktuelle kandidatar vil bli kalla inn til intervju.

Spørsmål om den elektroniske søkjeprosessen kan ein rette til fakadm@hf.uib.no.

Nærare om tilsettingsprosessen her.

SØK STILLINGA

Powered by Labrador CMS