LEDIG STILLING VED UNIVERSITETET I BERGEN

Universitetslektor i norrøn filologi – 20 % vikariat

Søknadsfrist: 20.06.2021

Universitetet i Bergen

Universitetet i Bergen er ein anerkjend utdannings- og forskingsinstitusjon, organisert i sju fakultet og omlag 54 institutt og faglege senter. Campus ligg i sentrale delar av Bergen med universitetsområde på Nygårdshøyden, Haukeland, Marineholmen, Møllendalsveien og Årstad.


Det humanistiske fakultet består av fire institutt og fire senter. Les meir om fakultet og tilhøyrande institutt.

UiB - Kunnskap som formar samfunnet

Gjennom eit sterkt og tett samspel med omverda - globalt, nasjonalt og lokalt - skal vi medverke til eit samfunn bygd på kunnskap, ferdigheiter og haldningar.

Vil du vere med å forme framtida?

Universitetslektor

Ved Institutt for lingvistiske, litterære og estetiske studium er det ledig ei 20 %-stilling som universitetslektor i norrøn filologi i perioden 1.8.2021 - 30.6.2022.

LLE har kring 80 vitskapleg tilsette, 15 administrativt tilsette, kring 30 ph.d.-stipendiatar og 10 postdoktorar. Instituttet femner om faga allmenn litteraturvitskap, digital kultur, klassiske fag, kunsthistorie, nordisk litteratur, språk og fagdidaktikk, norrøn filologi, norsk som andrespråk, språkvitskap og teatervitskap.

Arbeidsoppgåver:

Til vikariatet ligg det varierte undervisningsoppgåver i norrøn filologi, men med ei hovudtyngd innanfor den språklege delen av faget.

I haustsemesteret 2021 omfattar det emna NOFI108 (Norrøne tekstar etter handskriftene) og NOFI110 (Norrøn skriftkultur), som begge har eit omfang på 18 undervisningstimar (førelesingar og kollokvium under eitt). Dertil kjem norrøntdelen av NORD100 (Innføring i nordistikk) som omfattar 3 førelesingar, og dei obligatoriske øvingsoppgåvene i norrønt på dette emnet. Vikaren må vere emneansvarleg for NOFI108 og NOFI110 hausten 2022 og må delta i eksamensarbeidet på begge emna. Dette gjeld også innføringsemnet NORD100.

I vårsemesteret 2022 vil vikariatet omfatte undervisning på emnet NOFI101, som gir ei elementær innføring i norrønt språk gjennom grammatikkundervisning og lesing av normaliserte norrøne prosatekstar. Det vil også kunne bli aktuelt å undervise ved det vidarekomande emnet NOFI210/250/300/302/303, anten aleine eller saman med ein kollega. Dette emnet er på det nåverande tidspunkt ikkje klarlagt.

Den som blir tilsett, må rette seg etter dei retningslinene som til kvar tid gjeld for stillinga.

Ein viser til dei generelle reglane ved universitetet om at innanfor si normale arbeidsplikt og faglege kompetanse kan den som blir tilsett også bli pålagt undervisning, rettleiing og eksamensarbeid utanfor den organisasjonseininga stillinga er knytt til.

Kvalifikasjonar og eigenskapar:

Den som vert tilsett i stillinga må ha norsk mastergrad eller tilsvarande i norrøn filologi. Det er ein føremon med erfaring frå undervisning i norrøn filologi. Ein føremon er det også at søkjar har kjennskap til universitets- og høgskulesektoren.

Dei faglege kvalifikasjonane vil vege tungt, men ikkje åleine vere avgjerande for vurderinga av søkjarane. Den som blir tilsett må vere godt personleg eigna for stillinga. Gode samarbeidsevner og vilje til lagarbeid vil også bli tillagt vekt, i tillegg til evne til å arbeide sjølvstendig og strukturert.

Vi tilbyr:

  • Eit godt og fagleg utfordrande arbeidsmiljø
  • Løn etter lønssteg 56–64 (kode 1109/LR25.6) etter tenesteansiennitet. For tida gjev dette ei årsløn på mellom 507 200 og 583 100 kroner i full stilling før skatt. For særskilt kvalifiserte søkjarar kan det vurderast høgare løn.
  • Medlemsskap i Statens pensjonskasse
  • Stilling i ei inkluderande arbeidslivsverksemd (IA-verksemd)
  • Gode velferdsordningar

Søknaden skal innehalde:

Søknaden skal sendast elektronisk via link på denne sida «SØK PÅ JOBBEN». Dette må følgje søknaden:

  • CV
  • Vitnemål frå universitet/høgskule og attestar (skanna versjon)
  • Namn og kontaktinformasjon på tre referansar
  • Dokumentasjon på pedagogiske kvalifikasjonar (utdanning, undervisningspraksis, utviklingsarbeid, mottekne prisar eller anna pedagogisk røynsle), undervisningsopplegg og/eller evalueringar
  • Liste over eventuelle vitskaplege publikasjonar, med lenker til fulltekst

Søknad og vedlegg må lastast opp i Jobbnorge i Word- eller pdf-format. Dokumenta må vere på norsk, eit anna skandinavisk språk eller engelsk, eventuelt attesterte omsetjingar til eit av desse språka.

Aktuelle kandidatar vil bli kalla inn til intervju.

Spørsmål om den elektroniske søkjeprosessen kan ein rette til fakadm@hf.uib.no

Generell informasjon:

Utfyllande opplysningar om stillinga kan ein få ved å vende seg til:

  • Fagkoordinator Frode Helmich Pedersen, tlf. 55 58 25 88, e-post: frode.pedersen@uib.no eller til
  • Instituttleder Anders Fagerjord, tlf. 55 58 36 53, e-post anders.fagerjord@uib.no

Den statlege arbeidsstyrken skal i størst mogleg grad spegle mangfaldet i befolkninga. Personar med innvandrarbakgrunn og personar med nedsett funksjonsevne blir oppmoda om å søkje stillinga.

Universitetet i Bergen nyttar meirinnsyn ved tilsetjing i vitskaplege stillingar.

Opplysningar om søkjaren kan bli gjort offentlege sjølv om søkjaren har oppmoda om ikkje å bli ført på søkjarlista. Dersom oppmodinga ikkje blir teke til følgje, skal søkjaren varslast om dette.

Nærare om tilsettingsprosessen her.

SØK PÅ JOBBEN

Powered by Labrador CMS