LEDIG STILLING VED UNIVERSITETET I BERGEN

Universitetslektor i nordisk litteratur – vikar i 50 prosent stilling

Søknadsfrist: 29.11.2020

Universitetet i Bergen

Universitetet i Bergen er ein anerkjend utdannings- og forskingsinstitusjon, organisert i sju fakultet og omlag 54 institutt og faglege senter. Campus ligg i sentrale delar av Bergen med universitetsområde på Nygårdshøyden, Haukeland, Marineholmen, Møllendalsveien og Årstad.


Det humanistiske fakultet består av fire institutt og fire senter. Les meir om fakultet og tilhøyrande institutt.

UiB - Kunnskap som formar samfunnet

Gjennom eit sterkt og tett samspel med omverda - globalt, nasjonalt og lokalt - skal vi medverke til eit samfunn bygd på kunnskap, ferdigheiter og haldningar.

Vil du vere med å forme framtida?

Universitetslektor

Ved Institutt for lingvistiske, litterære og estetiske studium er det ledig ei 50%-stilling som universitetslektor i nordisk litteratur i perioden 1.1.2021-30.6.2021.

LLE har kring 80 vitskapleg tilsette, 15 administrativt tilsette, kring 30 ph.d.-stipendiatar og 10 postdoktorar. Instituttet famner om faga allmenn litteraturvitskap, digital kultur, klassiske fag, kunsthistorie, nordisk litteratur, språk og fagdidaktikk, norrøn filologi, norsk som andrespråk, språkvitskap og teatervitskap.

Stillingsomtale:

Den som tek til i stillinga skal bidra til undervising i nordisk litteratur, og særleg ha ansvar for kurset NOLI 321: Litterært masteremne A. Våren 2021 er tema for kurset dagligspråksfilosofi og litteratur. Undervisinga omfattar rettleiing av semesteroppgåver, oppfølging av studentar på nett, og eksamensarbeid. Den tilsette må også rette øvingsoppgåver på lavare nivå (NOLI 102: Litteraturen etter 1900 og NOLI 102-F (Fjernnord)).

Den som vert tilsett har rett til 15 % forskingstid, men skal òg bidra administrativt til det daglege arbeidet ved mellom anna planleggjing og koordinering av undervisinga.

Den som blir tilsett, må rette seg etter dei retningslinene som til kvar tid gjeld for stillinga.

Ein viser til dei generelle reglane ved universitetet om at innanfor si normale arbeidsplikt og faglege kompetanse kan den som blir tilsett også bli pålagt undervisning, rettleiing og eksamensarbeid utanfor den organisasjonseininga stillinga er knytt til.

Kvalifikasjonar og eigenskapar:

Den som blir tilsett må ha minimum norsk mastergrad i nordisk eller allmenn litteratur eller tilsvarende kompetanse, og helst ha praksis frå tilsvarande undervising. Blir ein søkjar med doktorgrad tilsett, blir det tilsetjing som førstelektor med same undervisningsplikter som universitetslektor

Søkjaren må kunne dokumentere forskingskompetanse innanfor feltet dagligspråksfilosofi og litteratur.

Dei faglege kvalifikasjonane vil vege tungt, men ikkje åleine vere avgjerande for vurderinga av søkjarane. Den som blir tilsett må vere godt personleg eigna for stillinga. Gode samarbeidsevner og vilje til lagarbeid vil også bli tillagt vekt, i tillegg til evne til å arbeide sjølvstendig og strukturert

Vi tilbyr:

  • Eit godt og fagleg utfordrande arbeidsmiljø
  • Løn etter lønssteg 52-64 (kode 1009/LR24) etter tenesteansiennitet. For tida svarar dette til mellom 466 100 og 575 200 kroner årleg i full stilling før skatt. Kandidatar med norsk doktorgrad eller tilsvarande kompetanse blir tilsette som førstelektor i lønssteg 64 (kode 1198 / LR24), for tida tislvarande 575 200 kroner årleg i full stilling før skatt. Opprykk skjer etter ansiennitet i stillinga. For særskilt kvalifiserte søkjarar kan det vurderast høgare løn.
  • Medlemsskap i Statens pensjonskasse
  • Stilling i ei inkluderande arbeidslivsverksemd (IA-verksemd)
  • Gode velferdsordningar

Slik søkjer du stillinga:

Søknaden skal sendast elektronisk via link på denne sida «SØK PÅ JOBBEN». Dette må følgje søknaden:

  • Søknadsbrev
  • CV
  • Vitnemål frå universitet/høgskule og attestar (skanna originalar eller stadfeste kopiar)
  • Namn og kontaktinformasjon på tre referansar
  • Dokumentasjon på pedagogiske kvalifikasjonar (utdanning, undervisningspraksis, utviklingsarbeid, mottekne prisar eller anna pedagogisk røynsle), undervisningsopplegg og/eller evalueringar
  • Publikasjonsliste
  • Inntil fem relevante vitskaplege eller pedagogiske skriftlege arbeid

Søknad og vedlegg må lastast opp i Jobbnorge i Word- eller pdf-format. Dokumenta må vere på norsk, eit anna skandinavisk språk eller engelsk, eventuelt attesterte omsetjingar til eit av desse språka.

Aktuelle kandidatar vil bli kalla inn til intervju.

Spørsmål om den elektroniske søkjeprosessen kan ein rette til fakadm@hf.uib.no.

Generell informasjon:

Utfyllande opplysningar om stillinga kan ein få ved å vende seg til:

  • Fagkoordinator Christine Hamm, tlf. 48245260, e-post: christine.hamm@uib.no eller til
  • Instituttleder Anders Fagerjord, tlf. 55 58 36 53, e- post anders.fagerjord@uib.no

Den statlege arbeidsstyrken skal i størst mogleg grad spegle mangfaldet i befolkninga. Personar med innvandrarbakgrunn og personar med nedsett funksjonsevne blir oppmoda om å søkje stillinga.

Universitetet i Bergen nyttar meirinnsyn ved tilsetjing i vitskaplege stillingar.

Opplysningar om søkjaren kan bli gjort offentlege sjølv om søkjaren har oppmoda om ikkje å bli ført på søkjarlista. Dersom oppmodinga ikkje blir teke til følgje, skal søkjaren varslast om dette.

Nærare om tilsettingsprosessen her.

SØK PÅ JOBBEN

Powered by Labrador CMS