LEDIG STILLING VED UNIVERSITETET I BERGEN

Universitetslektor i engelsk litteratur

Søknadsfrist: 27.09.2022

Universitetet i Bergen

Universitetet i Bergen er ein anerkjend utdannings- og forskingsinstitusjon, organisert i sju fakultet og omlag 54 institutt og faglege senter. Campus ligg i sentrale delar av Bergen med universitetsområde på Nygårdshøyden, Haukeland, Marineholmen, Møllendalsveien og Årstad.


Det humanistiske fakultet består av fire institutt og fire senter. Les meir om fakultet og tilhøyrande institutt.

UiB - Kunnskap som formar samfunnet

Gjennom eit sterkt og tett samspel med omverda - globalt, nasjonalt og lokalt - skal vi medverke til eit samfunn bygd på kunnskap, ferdigheiter og haldningar.

Vil du vere med å forme framtida?

Universitetslektor i engelsk litteratur

Institutt for framandspråk ved Universitetet i Bergen (UiB) har ledig eit vikariat i engelsk litteratur i 30 prosent stilling frå 1. januar 2023 til 30. juni 2024. Arbeidsoppgåvene er i all hovudsak konsentrert til dei to vårsemestera.

Vikaren skal undervisa på bachelornivå i britisk litteratur og kultur, og undervisninga vil normalt omfatta forelesingar, seminargrupper, oppgåveretting og eksamensarbeid, i tillegg til administrative plikter. Oppgåver på masternivå kan òg bli aktuelt.

Institutt for framandspråk (IF) har om lag 60 fast vitskapleg tilsette, kring 25 ph.d.- studentar og postdoktorar, 11 administrativt tilsette og dessutan mellombels tilsette i meir kortvarige engasjement. Instituttet tilbyr studieprogram i arabisk, engelsk, fransk, italiensk, japansk, kinesisk, russisk, tysk, spansk språk og latinamerikastudium. Engelskfaget har kring 15 fast tilsette fordelte på disiplinane språk, litteratur og kultur, fagdidaktikk.

Kvalifikasjonar og eigenskapar:

Ved tilsetjing legg instituttet vekt på følgjande kvalifikasjonar og eigenskapar:

  • Norsk mastergrad eller tilsvarande utanlandsk grad innanfor engelsk litteratur
  • Gode evner som undervisar
  • Dokumentert pedagogisk basiskompetanse
  • Svært gode kunnskapar i skriftleg og munnleg engelsk
  • Røynsle frå engelskundervisning på ulike nivå, helst inkludert universitet- og høgskulenivå.
  • Gode kunnskapar i norsk skriftleg og munnleg er ein føremon
  • Gode samarbeidsevner

Den som blir tilsett, må rette seg etter dei retningslinene som til kvar tid gjeld for stillingane.

Vi kan tilby:

  • Eit godt og fagleg utfordrande arbeidsmiljø.
  • Løn tilsvarande lønssteg 56-64 (kode 1009) etter tenesteansiennitet. For tida svarar dette til mellom 517 200 - 593 100 kroner årleg i full stilling før skatt. For særskilt kvalifiserte søkjarar kan det vurderast høgare løn.
  • Medlemskap i Statens pensjonskasse.
  • Stilling i ei inkluderande arbeidslivsverksemd (IA-verksemd).
  • Gode velferdsordningar.

Slik søkjer du stillinga:

Søknaden skal sendast elektronisk via lenka «SØK STILLINGA» på denne sida. Søkjaren må nytte det elektroniske CV-skjemaet, og søknaden skal innehalde:

1. Søknadsbrev

2. CV

3. Vitnemål frå universitet/høgskule og attestar (skanna originalar eller stadfeste kopiar)

4. Eventuelle evalueringsrapportar el.a. for eiga undervisning

5. Namn og kontaktinformasjon på tre referansepersonar (her vil det vere særleg relevant med personar som kan vurdere undervisningsarbeid og pedagogiske kvalifikasjonar)

6. Liste over eventuelle vitskaplege publikasjonar

Søknad og vedlegg må lastast opp i Jobbnorge i Word- eller pdf-format. Dokumenta må vere på norsk, eit anna skandinavisk språk eller engelsk, eventuelt attesterte omsetjingar til eit av desse språka.

Aktuelle kandidatar vil bli kalla inn til intervju og eventuelt prøveforelesing.

Generell informasjon:

Utfyllande opplysningar om stillinga kan ein få ved å vende seg til:

  • Instituttleiar Martin Paulsen på telefon 55 58 23 86 eller e-post m.paulsen@uib.no, eller til
  • Fagkoordinator på engelsk litteratur Lene M. Johannessen, på telefon 55 58 23 99 eller e-post lene.johannessen@uib.no

Den statlege arbeidsstyrken skal i størst mogleg grad spegle mangfaldet i befolkninga. Personar med innvandrarbakgrunn og personar med nedsett funksjonsevne blir oppmoda om å søkje stillinga.

Universitetet i Bergen nyttar meirinnsyn ved tilsetjing i vitskaplege stillingar. Opplysningar om søkjaren kan bli gjort offentlege sjølv om søkjaren har oppmoda om ikkje å bli ført på søkjarlista. Dersom oppmodinga ikkje blir teken til følgje, skal søkjaren varslast om dette.

Spørsmål om den elektroniske søkjeprosessen kan ein rette til fakadm@hf.uib.no.

Nærare om tilsetjingsprosessen her.

SØK STILLINGA

Powered by Labrador CMS