LEDIG STILLING VED UNIVERSITETET I BERGEN

Universitetslektor i arabisk

Søknadsfrist: 15.08.2021

Universitetet i Bergen

Universitetet i Bergen er ein anerkjend utdannings- og forskingsinstitusjon, organisert i sju fakultet og omlag 54 institutt og faglege senter. Campus ligg i sentrale delar av Bergen med universitetsområde på Nygårdshøyden, Haukeland, Marineholmen, Møllendalsveien og Årstad.


Det humanistiske fakultet består av fire institutt og fire senter. Les meir om fakultet og tilhøyrande institutt.

UiB - Kunnskap som formar samfunnet

Gjennom eit sterkt og tett samspel med omverda - globalt, nasjonalt og lokalt - skal vi medverke til eit samfunn bygd på kunnskap, ferdigheiter og haldningar.

Vil du vere med å forme framtida?

Universitetslektor i arabisk

Institutt for framandspråk ved Universitetet i Bergen (UiB) har ledig ei fast stilling i 30 prosent som universitetslektor på vidareutdanningstilbodet Nettarabisk. Tilsetjing frå 1. oktober eller etter avtale.

Nettarabisk er eit vidareutdanningstilbod i arabisk språk og kultur, bygd opp av to kurs på 15 studiepoeng kvar: innføringskurset ARA621 Arabisk språk og kultur og påbyggingskurset ARA622 Grunnkurs i moderne arabisk språk. Undervisninga er i hovudsak nettbasert, men med innslag av samlingar og med aktiv bruk av digitale læremiddel.

Institutt for framandspråk (IF) har om lag seksti fast vitskapleg tilsette, kring 25 ph.d.- studentar og postdoktorar, ti administrativt tilsette og dessutan mellombels tilsette i meir kortvarige engasjement. Instituttet tilbyd studieprogram i arabisk, engelsk, fransk, italiensk, japansk, kinesisk, russisk, tysk, spansk språk og latinamerikastudium. Arabiskfaget har to fast tilsette. I tillegg har arabisk eit større eksternstøtta prosjekt (CanCode) i samarbeid med Institutt for arkeologi, historie, kultur- og religionsvitskap.

Den som vert tilsett i lektorstillinga, skal undervisa på Nettarabisk-kursa. Undervisningsstillingar ved UiB inkluderer òg administrative oppgåver, og lektoren kan dessutan få oppgåver knytte til vidareutvikling av kurset. Andre oppgåver på arabiskfaget ved IF kan òg bli lagt til stillinga

Kvalifikasjonar og eigenskapar:

Ved tilsetjing legg instituttet vekt på følgjande kvalifikasjonar og eigenskapar:

  • Norsk mastergrad i arabisk eller tilsvarande kompetanse
  • Gode evner som undervisar
  • Dokumentert pedagogisk basiskompetanse
  • Svært gode kunnskapar i skriftleg og munnleg arabisk og norsk
  • Røynsle frå arabiskundervisning på ulike nivå
  • Erfaring med bruk av digitale verktøy i undervisninga og eventuelt utvikling av slikehjelpemiddel
  • Røynsle frå nettbasert undervisning
  • Gode samarbeidsevner

Den som blir tilsett, må rette seg etter dei retningslinene som til kvar tid gjeld for stillingane.

Vi kan tilby:

  • Eit godt og fagleg utfordrande arbeidsmiljø
  • Løn etter lønssteg 56-64 (kode 1009/ LR25) etter tenesteansiennitet. For tida svarar dette til mellom 507 200,- og 583 100,- kroner i full stilling før skatt, avhengig av tenesteansiennitet. For særskilt kvalifiserte søkjarar kan det vurderast høgare løn.
  • Medlemskap i Statens pensjonskasse
  • Stilling i ei inkluderande arbeidslivsverksemd (IA-verksemd)
  • Gode velferdsordningar

Søknaden skal innehalde:

Søknaden skal sendast elektronisk via lenke på denne sida «SØK PÅ JOBBEN».

Dette må følgje søknaden:1. Søknadsbrev2. CV3. Vitnemål frå universitet/høgskule og attestar (skanna originalar eller stadfeste kopiar)4. Eventuelle evalueringsrapportar el.a. for eiga undervisning5. Namn og kontaktinformasjon på tre referansepersonar (her vil det vere særleg relevantmed personar som kan vurdere undervisningsarbeid og pedagogiske kvalifikasjonar)6. Liste over eventuelle vitskaplege publikasjonar

Søknad og vedlegg må lastast opp i Jobbnorge i Word- eller pdf-format. Dokumenta må vere på norsk, eit anna skandinavisk språk eller engelsk, eventuelt attesterte omsetjingar til eit av desse språka.

Aktuelle kandidatar vil bli kalla inn til intervju og prøveforelesing.

Spørsmål om den elektroniske søkjeprosessen kan ein rette til fakadm@hf.uib.no. Nærare om tilsetjingsprosessen her.

Generell informasjon:

Utfyllande opplysningar om stillinga kan ein få ved å vende seg til:

  • Instituttleiar Åse Johnsen på telefon 55 58 22 90 eller e-post ase.johnsen@uib.no, eller til
  • Esmira Nahri, førsteamanuensis i arabisk, på telefon 55 58 48 44 eller e-post esmira.nahri@uib.no

Den statlege arbeidsstyrken skal i størst mogleg grad spegle mangfaldet i befolkninga. Personar med innvandrarbakgrunn og personar med nedsett funksjonsevne blir oppmoda om å søkje stillinga.

Universitetet i Bergen nyttar meirinnsyn ved tilsetjing i vitskaplege stillingar.

Opplysningar om søkjaren kan bli gjort offentlege sjølv om søkjaren har oppmoda om ikkje å bli ført på søkjarlista. Dersom oppmodinga ikkje blir teke til følgje, skal søkjaren varslast om dette.

Nærare om tilsettingsprosessen her.

SØK PÅ JOBBEN

Powered by Labrador CMS