LEDIG STILLING VED UNIVERSITETET I BERGEN

Førstelektor i vitskapsteori – 50 % vikariat

Søknadsfrist: 12.12.2020

Universitetet i Bergen

Universitetet i Bergen er ein anerkjend utdannings- og forskingsinstitusjon, organisert i sju fakultet og omlag 54 institutt og faglege senter. Campus ligg i sentrale delar av Bergen med universitetsområde på Nygårdshøyden, Haukeland, Marineholmen, Møllendalsveien og Årstad.


Det humanistiske fakultet består av fire institutt og fire senter. Les meir om fakultet og tilhøyrande institutt.

UiB - Kunnskap som formar samfunnet

Gjennom eit sterkt og tett samspel med omverda - globalt, nasjonalt og lokalt - skal vi medverke til eit samfunn bygd på kunnskap, ferdigheiter og haldningar.

Vil du vere med å forme framtida?

Førstelektor

Senter for vitskapsteori ved Universitetet i Bergen (UiB) har ledig ei 50 prosent stilling som førstelektor frå 1. januar 2021 til 31. desember 2022. Den som blir tilsett, skal undervise i senterets emneportefølje i vitskapsteori og etikk på Det humanistiske fakultet.

Om senteret

Senter for vitskapsteori (SVT) er eit tverrfagleg interfakultært senter ved Universitetet i Bergen med ansvar for forsking, utdanning og formidling innanfor fagfeltet vitskapsteori. Vidare har senteret ansvar for opplæring i vitskapsteori og etikk i forskarutdanningane ved fleire fakultet ved Universitetet i Bergen. Senteret har og ansvar for Danningsemna "Sentrale spørsmål i forsking og samfunn" som er valfrie studieemne med eit tverrfagleg fokus. Senteret har eit utstrekt samarbeid med andre fagmiljø ved og utanfor Universitetet i Bergen. Senteret leier og deltek i ei rekkje eksternfinansierte forskingsprosjekt.

Arbeidsoppgåver:

  • Ansvar for planlegging, organisering og oppfølging av undervisning knytt til ph.d.-kursa i vitskapsteori og etikk ved HF.
  • Det kan verte aktuelt med undervisning på andre vitskapsteoretisk emne ved senteret.
  • Deltaking i dei daglege aktivitetane i kollegiet ved SVT.

Kvalifikasjonar og eigenskapar:

Ved tilsetjing legg senteret vekt på følgjande kvalifikasjonar og eigenskapar:

  • Norsk doktorgrad eller tilsvarande kompetanse innan vitskapsteori og etikk.
  • Må ha røynsle med undervisning og rettleiing på ph.d.-nivå i tverrfaglege samanhengar.
  • Må kunne undervise både på norsk og engelsk.
  • Må ha gode samarbeidsevner og vilje til lagarbeid.
  • Praktisk-pedagogisk utdanning eller tilsvarande er ei føremon.

Vi tilbyr:

  • Eit godt og fagleg utfordrande arbeidsmiljø.
  • Løn etter lønssteg 64 ( Kode 1198/ LR 24), kode ) avhengig av tenesteansiennitet. For tida tilsvara dette 675 200 i full stilling før skatt. For særskilt kvalifiserte søkjarar kan det vurderast høgare løn. Opprykk skjer etter ansiennitet i stillinga.
  • Medlemskap i Statens pensjonskasse.
  • Stilling i ei inkluderande arbeidslivsverksemd (IA-verksemd).
  • Gode velferdsordningar. desse språka.

Søknaden skal innehalde:

Søknaden skal sendast elektronisk via link på denne sida «SØK PÅ JOBBEN»

Søknaden skal innehalde:

  • Søknadsbrev.
  • CV.
  • Vitnemål frå universitet/høgskule og attestar(skanna originalar eller stadfesta kopiar).
  • Eventuelle evalueringsrapportar el.a. for eiga undervisning.
  • Namn og kontaktinformasjon på tre referansepersonar (her vil det vere særleg relevant med personar som kan vurdere undervisningsarbeid og pedagogiske kvalifikasjonar).
  • Liste over vitskaplege publikasjonar.

Søknad og vedlegg må lastast opp i Jobbnorge i Word- eller pdf-format. Dokumenta må vere på norsk, eit anna skandinavisk språk eller engelsk, eventuelt attesterte omsetjingar til eit av desse språka. Publikasjonar i papirformat skal sendast Universitetet i Bergen, Senter for vitskapsteori, postboks 7805, 5020 Bergen. Alt skal sendast i tre eksemplar.

Spørsmål om den elektroniske søkjeprosessen kan ein rette til fakadm@hf.uib.no.

Generell informasjon:

Utfyllande opplysningar om stillinga kan ein få ved å vende seg til:

  • Professor Rasmus Slaattelid, senterleiar ved SVT, tlf. 55 58 24 93, e-post: rasmus.slaattelid@uib.no

Den statlege arbeidsstyrken skal i størst mogleg grad spegle mangfaldet i befolkninga. Personar med innvandrarbakgrunn og personar med nedsett funksjonsevne blir oppmoda om å søkje stillinga.

Universitetet i Bergen nyttar meirinnsyn ved tilsetjing i vitskaplege stillingar.

Opplysningar om søkjaren kan bli gjort offentlege sjølv om søkjaren har oppmoda om ikkje å bli ført på søkjarlista. Dersom oppmodinga ikkje blir teke til følgje, skal søkjaren varslast om dette.

Nærare om tilsettingsprosessen her.

SØK PÅ JOBBEN

Powered by Labrador CMS