LEDIG STILLING VED UNIVERSITETET I BERGEN

Universitetslektor i retorikk og munnleg formidling

Søknadsfrist: 24.05.2021

Universitetet i Bergen

Universitetet i Bergen er ein anerkjend utdannings- og forskingsinstitusjon, organisert i sju fakultet og omlag 54 institutt og faglege senter. Campus ligg i sentrale delar av Bergen med universitetsområde på Nygårdshøyden, Haukeland, Marineholmen, Møllendalsveien og Årstad.


Det samfunnsvitenskapelige fakultet består av sju institutt og tre senter. Les meir om fakultet og tilhøyrande institutt.

UiB - Kunnskap som formar samfunnet

Gjennom eit sterkt og tett samspel med omverda - globalt, nasjonalt og lokalt - skal vi medverke til eit samfunn bygd på kunnskap, ferdigheiter og haldningar.

Vil du vere med å forme framtida?

Universitetslektor i retorikk og munnleg formidling

Ved Institutt for informasjons- og medievitskap, Universitetet i Bergen, er det ledig ei stilling som universitetslektor i retorikk og munnleg formidling.

Forskningsgruppen for retorikk, demokrati og offentleg kultur ved Institutt for Informasjons- og medievitskap (Universitetet i Bergen) organiserer talekonkurransen Ta ordet!, der elever i vidaregåande skole konkurrerer i å holde den beste talen.

I forbindelse med Ta ordet! arrangerer retorikarane ved instituttet kurs og workshops i retorikk og talekunst for deltakande lærarar og elever, og avholder kvar haust talekonkurransens finale i Universitetsaulaen i Bergen.

Til dette søker vi ein dyktig, sjølvstendig og pliktoppfyllande universitetslektor for tilsetting i ein 50 prosent fast stilling. Hovudoppgåva vil være å lede prosjektet Ta ordet!, samt å lede og bidra med kursing og undervisning.

Tiltreding er ønsket frå 1. september 2021.

Arbeidsoppgåver:

Arbeidet vil vere mangearta, men vil hovudsakleg innebere undervisning og kursing og ha praktisk og organisatorisk karakter. Den tilsette må holde kontakt med alle aktørar tilknytt prosjektet, utvikle undervisningsmateriell, stå for markedsførings- og kommunikasjonsarbeid via nettsider, sosiale medier, samt koordinere og arrangere alle kurs, workshops, finalen og øvrige arrangement som er tilknytt Ta ordet!. Den som ansettes skal gi retorisk veiledning til deltakerne, innhente støttemidler til prosjektet og stå for rapportering til våre samarbeidspartnere, samt lage budsjetter for kommende år og sikre deltakelsen til neste sesong av Ta ordet!

Stillinga kan også komme til å inkludere annet arbeid for Forskningsgruppen for retorikk, demokrati og offentleg kultur ved Institutt for informasjons- og medievitskap.

Kvalifikasjonar og eigenskapar:

  • ha mastergrad innan retorikk eller tilsvarande kompetanse.
  • ha undervisningserfaring i retorikk og munnleg kommunikasjon
  • ha evne til å arbeide sjølvstendig, strukturert og ha gode samarbeidsevner
  • kunne administrere og koordinere effektivt samt utføre enkelt budsjettarbeid
  • være i stand til å utvikle, organisere og gjennomføre undervisningsopplegg og større arrangement.
  • kandidatar med erfaring frå tilsvarande arbeid vil bli foretrukket

Undervisingsspråket er til vanleg norsk. Det vert kravd at den som vert tilsett, kan undervise på norsk eller eit anna skandinavisk språk innan to år etter tilsetjinga.

Vi tilbyr:

  • Godt fagleg og sosialt miljø med høg kvalitet på forsking og utdanning
  • Løn som universitetslektor etter lønssteg 56 (kode 1009/LR 25 ) i det statlege lønsregulativet. Dette utgjer for tida kr 498 800,-. For særleg kvalifisert søkjar kan det verte aktuelt å vurdere høgare løn
  • Gode trenings- og velferdstilbod
  • Medlemsskap i Statens pensjonskasse
  • Gode velferdsordningar

Søknaden skal innehalde:

  • Følgjebrev
  • CV (fullstendig oversikt over utdanning, praksis og faglig arbeid)
  • Godkjente kopiar av vitnemål, attester og pedagogiske kvalifikasjonar
  • To referansar (namn og kontaktinformasjon)

Søknad og vedlegg med attesterte omsetjingar til engelsk eller eit skandinavisk språk må lastast opp i Jobbnorge.

Generell informasjon:

Utfyllande opplysningar om stillinga kan ein få ved å vende seg til:

  • Professor Jens Kjeldsen, e-post: jens.kjeldsen@uib.no

Praktiske spørsmål kring søknadsprosessen kan rettast til rådgiver Bodil Hægland, e-post: bodil.hagland@uib.no.

Kvinner vert spesielt oppmoda om å søkje. Dersom dei sakkunnige finn at fleire søkjarar har tilnærma like kvalifikasjonar, vil reglane om kjønnskvotering i Personalreglementet for vitskaplege stillingar verte følgde.

Den statlege arbeidsstyrken skal i størst mogleg grad spegle mangfaldet i folket. Det er difor eit personalpolitisk mål å få ei balansert alders- og kjønnssamansetjing og rekruttere personar med innvandrarbakgrunn. Personar med innvandrarbakgrunn vert oppmoda om å søkje stillinga.

Universitetet i Bergen nyttar meirinnsyn ved tilsetjing i vitskaplege stillingar.

Opplysningar om søkjaren kan bli gjort offentlege sjølv om søkjaren har oppmoda om ikkje å bli ført på søkjarlista. Dersom oppmodinga ikkje blir teke til følgje, skal søkjaren varslast om dette.

Nærare om tilsettingsprosessen her.

Søk på stillingen

Powered by Labrador CMS