LEDIG STILLING VED UNIVERSITETET I BERGEN

Studiekonsulent (seniorkonsulent) ved Det samfunnsvitskaplege fakultet

Søknadsfrist: 19.11.2025

Universitetet i Bergen er ein anerkjend utdannings- og forskingsinstitusjon, organisert i sju fakultet og omlag 54 institutt og faglege senter. Campus ligg i sentrale delar av Bergen med universitetsområde på Nygårdshøyden, Haukeland, Marineholmen, Møllendalsveien og Årstad.

Det samfunnsvitenskapelige fakultet består av sju institutt. Les meir om fakultet og tilhøyrande institutt.

Kunnskap som formar samfunnet

UiB skal vere blant Europas fremste universitet, internasjonalt kjent for høg kvalitet i forsking og utdanning. Som samfunnsinstitusjon skal vi bidra til ei berekraftig og demokratisk utvikling og vere ein attraktiv og inkluderande studie- og arbeidsplass.

Førstekonsulent

Vi ønskjer deg velkomen som søkjar til eit vikariat som studiekonsulent (seniorkonsulent) for sivilingeniørprogrammet Informasjonsteknologi og økonomi (ITØK) ved Det samfunnsvitskaplege fakultet. ITØK-studiet kombinerer IKT-fag med økonomi, og gir kandidatane kompetanse til å løysa komplekse problemstillingar i kryssingspunkt mellom IT og økonomi. Vikariatet er frå 01.01.2026 til 01.07.2026, perioden kan verte forlenga.

Studiekonsulentane er viktige støttespelarar for program- og instituttleiinga i arbeidet med å sikra at sivilingeniørprogrammet held høg kvalitet. 

For meir informasjon om sivilingeniørprogrammet Informasjonsteknologi og økonomi: ITØK

Arbeidsoppgåver:

  • Leggja til rette for praktisk gjennomføring av utdanninga; frå undervisningsplanlegging til eksamen.
  • Studierettleiing.
  • Administrativt ansvar for praksisplassar knytt til ITØK-programmet.
  • Leggja til rette for praktisk gjennomføring av andre programaktivitetar som seminar og workshops.
  • Sekretærfunksjon for programstyre.
  • Administrativt ansvarleg for utveksling med saksbehandling knytt til ITØK, samt til andre utdanningsprogram ved Institutt for økonomi.
  • Kvalitetssikring og rutineutvikling.
  • Rekruttering- og informasjonsarbeid.

Dei som vert tilsett vil måtte rette seg etter dei retningslinjer som for ein kvar tid gjeld for stillinga.

Kvalifikasjonar og eigenskapar:

  • Mastergrad. Relevant praksis kan i særskilte høve kompensere for manglande formell utdanning. 
  • Det er ein føremon med studieadministrativ praksis.
  • God administrativ IT-kompetanse. Kjennskap til universitetet sine administrative system er ein føremon.
  • God evne til å kommunisere skriftleg og munnleg på norsk og engelsk
  • Gode samarbeids- og kommunikasjonsevner 
  • Evne til å vere fleksibel, ansvarleg og imøtekommande, sjølv under innslag av uvisse 
  • Evne til å arbeide systematisk og resultatorientert 

Ved intervju vil det bli lagt stor vekt på dei personlege eigenskapane som er naudsynte for stillinga.

Vi tilbyr:

  • Eit godt og internasjonalt arbeidsmiljø og spanande arbeidsoppgåver ved eit fakultet med fagmiljø som hevdar seg godt nasjonalt og internasjonalt.
  • Faglege utfordringar med gode høve for personleg utvikling og kompetanseutvikling.
  • Årsløn som seniorkonsulent etter kode 1363, mellom kr 590 000 – 610 000 ut frå kvalifikasjonar. Noko høgare løn kan vurderast for spesielt godt kvalifiserte søkjarar.
  • Fleksibel arbeidstid
  • Medlemsskap i Statens pensjonskasse 
  • Gode velferdsordningar

Generell informasjon:

Utfyllande opplysningar om stillinga kan ein få ved å kontakte administrasjonsleiar Marianne Bø Larsen, marianne.bo@uib.no tlf. +47 99 21 54 23, professor Hans Hvide, hans.hvide@uib.no.

Søknad, CV, attestar og vitnemål sendast elektronisk via «Søk stillinga».

Søknaden skal merkast 2025/13601

Søknadsfrist: 19.11.2025

Mangfald er ein styrke og gjer at vi kan løyse oppgåvene våre endå betre. UiB treng difor kvalifiserte medarbeidarar uavhengig av kjønn, etnisitet, religion, livssyn, funksjonsnedsetjing, seksuell orientering, kjønnsidentitet, kjønnsuttrykk og alder.

Opplysningar om søkjaren kan bli gjort offentlege sjølv om søkjaren har oppmoda om ikkje å bli ført på søkjarlista. Dersom oppmodinga ikkje blir teke til følgje, skal søkjaren varslast om dette.

Vi oppmodar søkjarar med funksjonsnedsetjing, innvandrarbakgrunn eller hól i CV-en til å søke. Dersom du kryssar av for dette i søknaden kan du bli positivt særbehandla. Vi inviterer alltid minst ein kvalifisert søkjar frå kvar av desse gruppene til intervju.Nærare om tilsettingsprosessen her.

Søk på stillingen

Powered by Labrador CMS