LEDIG STILLING VED UNIVERSITETET I BERGEN

Eksamenskonsulent (førstekonsulent) ved Det samfunnsvitskaplege fakultet

Søknadsfrist: 11.11.2025

Universitetet i Bergen er ein anerkjend utdannings- og forskingsinstitusjon, organisert i sju fakultet og omlag 54 institutt og faglege senter. Campus ligg i sentrale delar av Bergen med universitetsområde på Nygårdshøyden, Haukeland, Marineholmen, Møllendalsveien og Årstad.

Det samfunnsvitenskapelige fakultet består av sju institutt. Les meir om fakultet og tilhøyrande institutt.

Kunnskap som formar samfunnet

UiB skal vere blant Europas fremste universitet, internasjonalt kjent for høg kvalitet i forsking og utdanning. Som samfunnsinstitusjon skal vi bidra til ei berekraftig og demokratisk utvikling og vere ein attraktiv og inkluderande studie- og arbeidsplass.

Førstekonsulent

Vi ønskjer deg velkomen som søkjar til eit vikariat som eksamenskonsulent (førstekonsulent) ved Det samfunnsvitskaplege fakultet. 

Stillinga er tilknytt Institutt for økonomi, Institutt for geografi og Institutt for sosialantropologi for perioden 1.1.2026 – 30.06.2026.

For meir informasjon om fakultetet viser vi til: http://www.uib.no/svf/

Arbeidsoppgåver:

  • Planlegging og gjennomføring av eksamen og vurdering
  • Kontakt med interne og eksterne sensorar
  • Sakshandsaming og studentrettleiing i forbindelse med eksamen
  • Inngå i eksamensnettverk ved fakultetet og dei lokale studiemøta ved institutta

Andre arbeidsoppgåver innan studiefeltet kan og verte aktuelt.

Dei som vert tilsett vil måtte rette seg etter dei retningslinjer som for ein kvar tid gjeld for stillinga.

Kvalifikasjonar og eigenskapar:

  • Bachelorgrad. Det er ein føremon med samfunnsvitskaplege fag i fagkretsen. Relevant praksis kan i særskilte høve kompensere for manglande formell utdanning 
  • Det er ein føremon med studieadministrativ praksis
  • God administrativ IT-kompetanse. Kjennskap til universitetet sine administrative system er ein føremon
  • God evne til å kommunisere skriftleg og munnleg på norsk og engelsk
  • Gode samarbeids- og kommunikasjonsevner 
  • Trivst med detaljarbeid
  • Evne til å arbeide sjølvstendig, strukturert og nøyaktig 

Ved intervju vil det bli lagt vekt på dei personlege eigenskapane som er naudsynte for stillinga.

Vi tilbyr:

  • Eit godt og internasjonalt arbeidsmiljø og spennande arbeidsoppgåver ved eit fakultet med fagmiljø som hevdar seg godt nasjonalt og internasjonalt
  • Faglege utfordringar med gode høve for personleg utvikling og kompetanseutvikling
  • Årsløn som førstekonsulent etter kode 1408, mellom kr 540 000 – 580 000 ut frå kvalifikasjonar. Noko høgare løn kan vurderast for spesielt godt kvalifiserte søkjarar
  • Fleksibel arbeidstid
  • Medlemskap i Statens pensjonskasse 
  • Gode velferdsordningar

Generell informasjon:

Utfyllande opplysningar om stillinga kan ein få ved å kontakte administrasjonssjef Gro Aase, gro.aase@uib.no.

Søknad, CV, attestar og vitnemål sendast elektronisk via «Søk stillinga».

Søknaden skal merkast 2025/13281.

Søknadsfrist: 11.11.2025

Mangfald er ein styrke og gjer at vi kan løyse oppgåvene våre endå betre. UiB treng difor kvalifiserte medarbeidarar uavhengig av kjønn, etnisitet, religion, livssyn, funksjonsnedsetjing, seksuell orientering, kjønnsidentitet, kjønnsuttrykk og alder.

Opplysningar om søkjaren kan bli gjort offentlege sjølv om søkjaren har oppmoda om ikkje å bli ført på søkjarlista. Dersom oppmodinga ikkje blir teke til følgje, skal søkjaren varslast om dette.

Vi oppmodar søkjarar med funksjonsnedsetjing, innvandrarbakgrunn eller hól i CV-en til å søke. Dersom du kryssar av for dette i søknaden kan du bli positivt særbehandla. Vi inviterer alltid minst ein kvalifisert søkjar frå kvar av desse gruppene til intervju.Nærare om tilsettingsprosessen her.

Søk på stillingen

Powered by Labrador CMS