Mellombels prosjektleiarstilling - Det psykologiske fakultet
Søknadsfrist: 08.08.2021
Publisert
Universitetet i Bergen
Universitetet i Bergen er ein anerkjend utdannings- og forskingsinstitusjon, organisert i sju fakultet og omlag 54 institutt og faglege senter. Campus ligg i sentrale delar av Bergen med universitetsområde på Nygårdshøyden, Haukeland, Marineholmen, Møllendalsveien og Årstad.
Kunnskap som formar samfunnet
Gjennom eit sterkt og tett samspel med omverda - globalt, nasjonalt og lokalt - skal vi medverke til eit samfunn bygd på kunnskap, ferdigheiter og haldningar.
Vil du vere med å forme framtida?
Prosjektleder
Ved fakultetsadministrasjonen ved Det psykologiske fakultet er det ledig ei stilling som prosjektleiar (100 %). Stillinga er mellombels til 01.08.22, og kan bli forlenga.
Fakultet har fem institutt og to senter som er grunneiningane for forsking, undervisning og formidling. Det er vedtatt at administrasjonen ved tre av institutta skal samordnast.
Prosessen for å få samordninga implementert vert organisert som eit eige prosjekt med klare målsetjingar:
I større grad samordne den administrative ressursbruken for å støtte opp under institutta sine kjerneoppgåver (undervisning, forsking og formidling)
Desentralisere ressursar og kompetanse frå fakultetsnivå til institutt og dei vitskapelege miljøa
Redusere sårbarheit ved små administrasjonar på fleire institutt
Forenkle og samordne saksflyt og kommunikasjon internt på fakultetet
Arbeidsoppgåver:
Stillinga inngår i fakultetsadministrasjon, og vil i det daglege samarbeid tett med leiarar på alle nivå på fakultetet. Spesielt vil dette gjelde instituttleiarar/administrasjonssjefar og seksjonsleiarar. Næraste leiar vil vere fakultetsdirektør.
Døme på oppgåver:
Ha eit særleg ansvar for å drive omorganiseringsprosessen
Konkretisere ein plan for prosjektet
Sakshandsaming, utgreiing og rådgjeving til ulike råd og utval (IDU, FU, Fakultetsstyret)
Koordinere og sikre saksflyt til instituttråda
Samordne årshjul mellom fagområda og institutta
Vere diskusjonspartnar for den faglege leiinga ved institutt og fakultet
Kunne assistere fakultetsdirektør/dekanat i endringsprosessane
Kvalifikasjonar og eigenskapar:
Prosjektet har ei konkret og praktisk tilnærming knytt til drift og tenester for institutt og fakultetsadministrasjon. Vi søkjer difor etter ein person med god erfaring og kompetanse frå begge desse organisasjonsnivåa.
Kvalifikasjonar:
Høgare utdanning på masternivå. Lang erfaring kan kompensere for utdanningsnivå
Det er ein føremon med organisasjons- og leiingsfag i fagkrinsen
Kjennskap til og erfaring frå både fakultets- og instituttadministrasjon, gjerne i rolle som administrasjonssjef
Erfaring frå leiing og medverknad i endringsprosessar er ein føremon
God administrativ IT-kompetanse
God skriftleg framstillingsevne på bokmål, nynorsk og engelsk
Personlege eigenskapar:
Ein motiverande, samlande og inkluderande leiarstil
Gode kommunikasjons- og samarbeidsevner, fleksibilitet og serviceinnstilling
Evne og vilje til raskt å setje seg inn i nye saksfelt og vere kvalitetsbevisst
Evne til å arbeide strategisk, strukturert og målretta innanfor fristar
I vurderinga av søkjarane vil ein leggje stor vekt på dei personlege eigenskapane og kvalifikasjonane som er naudsynte for stillinga.
Vi kan tilby:
spennande og utviklande arbeidsoppgåver i et sterkt fagmiljø
eit godt arbeidsmiljø
stilling som prosjektleiar (stillingskode 1113) i lønssteg 65-71. Dette utgjer for tida brutto årslønn kr 594 300 -
665 700. For særleg kvalifiserte søkjarar kan vi vurdere høgare løn
Den statlege arbeidsstyrken skal i størst mogleg grad spegle mangfaldet i befolkninga. Personar med innvandrarbakgrunn og personer med nedsett funksjonsevne blir oppmoda om å søkje stillinga.
Opplysningar om søkjaren kan bli gjort offentlege sjølv om søkjaren har oppmoda om ikkje å bli ført på søkjarlista. Dersom oppmodinga ikkje blir teke til følgje, skal søkjaren varslast om dette.