LEDIG STILLING VED UNIVERSITETET I BERGEN

Karriererettleiar

Søknadsfrist: 22.03.2021

Universitetet i Bergen

Universitetet i Bergen er ein anerkjend utdannings- og forskingsinstitusjon, organisert i sju fakultet og omlag 54 institutt og faglege senter. Campus ligg i sentrale delar av Bergen med universitetsområde på Nygårdshøyden, Haukeland, Marineholmen, Møllendalsveien og Årstad.


Sentraladministrasjonen gjev råd og bistand til leiing og fakultet ved Universitetet i Bergen.

Sentraladministrasjonen er organisert i sju avdelinger. Les meir om HR-avdelinga her.

Kunnskap som formar samfunnet

Gjennom eit sterkt og tett samspel med omverda - globalt, nasjonalt og lokalt - skal vi medverke til eit samfunn bygd på kunnskap, ferdigheiter og haldningar.

Vil du vere med å forme framtida?

Karriererettleiar

Universitetet i Bergen skal etablere eit karriererettleiingssenter for yngre forskarar. Vi ser etter ein dyktig medarbeidar som kan leie arbeidet med å drifte dette viktige tenesteområdet. Stillinga er lagt til Seksjon for arbeidsmiljø og organisasjonsutvikling ved HR-avdelinga, men vil inngå i eit tett samarbeid med andre einingar på UiB.

Arbeidsoppgåver:

  • Leie etablering av eit karriererettleiingssenter for yngre forskarar
  • Utvikle framtidsretta rådgjevingstenester i fleire format
  • Forankre senterideen hjå viktige interessentgrupper
  • Sikre kvaliteten av senterets tenester og leveransar, og sikre at desse utviklar seg i takt med universitetets behov
  • Utvikle samarbeidsløysingar med aktørar i offentleg og privat sektor
  • Være ansvarleg for dagleg drift og kontinuerleg utvikling av senteret
  • Sikre nødvendige samarbeid med relevante einingar

Kvalifikasjonar og eigenskapar:

  • Høgare relevant utdanning på minimum masternivå. Doktorgrad vil være ein fordel.
  • God kjennskap til UH-sektoren og forskarkvardagen
  • God kunnskap om søknadslandskapet (NFR, EU m.fl.)
  • Erfaring frå karriererettleiing som tenesteområde
  • Internasjonal erfaring er ein fordel
  • Prosjektleiarerfaring
  • Gode norsk- og engelskkunnskapar – skriftleg og munnleg
  • Gode IT kunnskapar

Vi ser etter ein person som:

  • Evner å skape eit godt samspel på tvers av faglege og organisatoriske grenser
  • Forstår brukarbehov
  • Kan arbeide sjølvstendig, strukturert og målretta
  • Evner å prioritere og ha orden i periodar med stort arbeidspress
  • Er motivert, fleksibel og serviceinnstilt

Vi kan tilby:

  • Interessante og utviklande oppgåver
  • Gode samarbeidsrelasjonar, inkluderande arbeidsmiljø og eit spanande fagmiljø
  • Stilling som seniorrådgjevar (kode 1364) i lønssteg 70 -76 (for tida kr 643 000– 726 400) i det statlege lønsregulativet. For særleg kvalifiserte søkjarar kan det verte aktuelt å vurdere høgare løn.
  • Medlemsskap i Statens pensjonskasse
  • Gode velferdsordningar

Generell informasjon:

Utfyllande opplysningar om stillinga kan ein få ved å vende seg til:

  • Seksjonssjef Ingve Bergheim, tlf. 948 04 075, eller
  • HR-direktør Sonja Irene Dyrkorn , tlf. 481 62 687

Den statlege arbeidsstyrken skal i størst mogleg grad spegle mangfaldet i befolkninga. Personar med innvandrarbakgrunn og personer med nedsett funksjonsevne blir oppmoda om å søkje stillinga.

Opplysningar om søkjaren kan bli gjort offentlege sjølv om søkjaren har oppmoda om ikkje å bli ført på søkjarlista. Dersom oppmodinga ikkje blir teke til følgje, skal søkjaren varslast om dette.

Nærare om tilsettingsprosessen her.

Søk på stillingen

Powered by Labrador CMS