LEDIG STILLING VED UNIVERSITETET I BERGEN

Leiar for UiB læringslab - 100 % (seniorrådgjevar / kode 1364)

Søknadsfrist: 15.08.2021

Universitetet i Bergen

Universitetet i Bergen er ein anerkjend utdannings- og forskingsinstitusjon, organisert i sju fakultet og omlag 54 institutt og faglege senter. Campus ligg i sentrale delar av Bergen med universitetsområde på Nygårdshøyden, Haukeland, Marineholmen, Møllendalsveien og Årstad.


Sentraladministrasjonen gjev råd og bistand til leiing og fakultet ved Universitetet i Bergen.

Sentraladministrasjonen er organisert i sju avdelinger. Les meir om kommunikasjonsavdelinga her.

Kunnskap som formar samfunnet

Gjennom eit sterkt og tett samspel med omverda - globalt, nasjonalt og lokalt - skal vi medverke til eit samfunn bygd på kunnskap, ferdigheiter og haldningar.

Vil du vere med å forme framtida?

Leiar for UiB læringslab - 100 % (seniorrådgjevar, kode 1364)

UiB læringslab er ei drivande kraft i utviklinga av digital undervising, vurdering og formidling ved UiB. Her er kompetanse på studiekvalitet, læringsmiljø, etter- og vidareutdanning, bruk av digitale verktøy, universitetspedagogikk, medieproduksjon og formidling samla.

UiB læringslab er ei matriseorganisasjon der omlag 25 tilsette som organisatorisk høyrer til i andre einingar har UiB læringslab som arbeidsfellesskap.

Vi søkjer vi no etter ein leiar i 100 % stilling (1364 seniorrådgjevar) til å koordinere arbeidet i UiB læringslab.Stillinga som leiar vil høyre til i Kommunikasjonsavdelinga, og vil rapportere til direktør for digitalisering. Tilhøyring og rapporteringslinje vil kunne verte endra.

Arbeidsoppgåver:

Vi søkjer ein person som finn motivasjon i å samarbeide med eit vidt spekter av tilsette – frå leiarar til operativt ansvarlege, og med oppgåver frå policy-utforming til praktisk hjelp og støtte i fagleg og administrativt utviklingsarbeid.

Som leiar for UiB læringslab vil du ha ansvar for dagleg drift i arbeidsfellesskapet. Du vil vere eit viktig bindeledd for medarbeidarane og for å samle og gje retning til det vide spekteret av aktivitetar og satsingar som UiB læringslab handterar på vegne av universitetet. Du skal koordinere og samordne arbeidsprosessane og ha ansvar for rutineutvikling og kvalitetssikring, i tett samarbeid med fagmiljøa og dei administrative einingane ved UiB.

UiB læringslab er fysisk plassert i medieklynga Media City Bergen. Som dagleg leiar vil du òg ha eit særskilt ansvar for kontakt og utforsking av moglege samarbeid med eksterne samarbeidspartnarar, både i og utanfor klynga.

Kvalifikasjonar og eigenskapar:

  • Mastergrad eller tilsvarande kvalifikasjonar oppnådd ved relevant praksis og/eller etter- og vidareutdanning.
  • Erfaring med leiing med av team / matriseorganisasjonar
  • Erfaring frå faglege utviklingsprosessar
  • Solid erfaring med administrativt støttearbeid for undervisning og formidling i høgare utdanning
  • Interesse for digital formidlingsteknologi
  • God skriftleg og munnleg framstillingsevne i bokmål, nynorsk og engelsk
  • Gode samarbeidsevner
  • Sjølvstendig, initiativrik, samarbeids- og løysingsorientert, kommunikativ og positiv

Ved vurdering av søkjaren vil vi legge stor vekt på dei personlege eigenskapane som er naudsynte for stillinga.

Vi kan tilby:

  • Utviklande arbeidsoppgåver i eit sterkt fagmiljø
  • Stilling som seniorrådgjevar i ltr. 69-73 (for tida kr. 637 900 - 689 600 brutto). For særs kvalifisert søkjar kan høgare løn vurderast
  • Medlemsskap i Statens pensjonskasse
  • Gode velferdsordningar

Generell informasjon:

Utfyllande opplysningar om stillinga kan ein få ved å vende seg til:

  • Direktør for digitalisering, Mathilde Holm: mathilde.holm@uib.no, tlf 45515304

Den statlege arbeidsstyrken skal i størst mogleg grad spegle mangfaldet i befolkninga. Personar med innvandrarbakgrunn og personer med nedsett funksjonsevne blir oppmoda om å søkje stillinga.

Opplysningar om søkjaren kan bli gjort offentlege sjølv om søkjaren har oppmoda om ikkje å bli ført på søkjarlista. Dersom oppmodinga ikkje blir teke til følgje, skal søkjaren varslast om dette.

Nærare om tilsettingsprosessen her.

Søk på stillingen

Powered by Labrador CMS