LEDIG STILLING VED UNIVERSITETET I BERGEN

Seksjonssjef - nytt lektorsenter

Søknadsfrist: 26.11.2021

Universitetet i Bergen

Universitetet i Bergen er ein anerkjend utdannings- og forskingsinstitusjon, organisert i sju fakultet og omlag 54 institutt og faglege senter. Campus ligg i sentrale delar av Bergen med universitetsområde på Nygårdshøyden, Haukeland, Marineholmen, Møllendalsveien og Årstad.


Sentraladministrasjonen gjev råd og bistand til leiing og fakultet ved Universitetet i Bergen.

Sentraladministrasjonen er organisert i sju avdelinger. Les meir om studieadministrativ avdeling her.

Kunnskap som formar samfunnet

Gjennom eit sterkt og tett samspel med omverda - globalt, nasjonalt og lokalt - skal vi medverke til eit samfunn bygd på kunnskap, ferdigheiter og haldningar.

Vil du vere med å forme framtida?

Seksjonssjef

Ved studieavdelinga er det ei ledig ei mellombels stilling som seksjonssjef.

Administrativ koordinering av nytt lektorsenter – 2-års engasjementLektorutdanninga er under omorganisering og det er vedteke oppretting av eit felles lektorsenter som skal ha det fagleg-administrative ansvaret for lektorutdanninga ved UiB. Lektorsenteret skal bidra til å styrke lektorutdanninga gjennom å gje den ein heilskapleg representasjon, og skal imøtekomme forventningar om profesjonsfagleg kompetanseutvikling, FoU-samarbeid, samordning og utvikling av praksis, betre koordinering av undervisingstilbod og vidare utvikling av grenseflata mot skulesektoren. Senteret har sekretariatsansvar for styringsgruppa og felles programstyre for lektorutdanninga, og følgjer opp vedtak fatta i desse organa.

Lektorsenteret er organisert som ei eiga eining ved studieavdelinga. Seksjonssjefen rapporterer til fagleg leiar ved senteret.Stillinga er nyoppretta og skal ha ei sentral rolle i oppbygginga og utviklinga av senteret. Lektorsenteret er ei prøveordning som skal evaluerast i løpet av ein to-årsperiode

Arbeidsoppgåver:

  • Støtte fagleg leiar i omstillinga av lektorutdanninga og leiinga av lektorsenteret
  • Personalansvar for administrativt tilsette ved lektorsenteret, for tida 2 stillingar
  • Arbeidskoordinatoransvar for praksisadministrasjonen knytt til lektorutdanninga, og for dei administrative lektorkoordinatorane ved fakulteta
  • Sikre den daglege drifta ved senteret
  • Følgje opp sekretariatsarbeidet ved senteret
  • Utarbeide årsplan og budsjett
  • Følgje ressursbruken i lektorutdanninga
  • Organisere og drifte praksis og samarbeidet med universitets-, praksis- og partnarskular

Kvalifikasjonar og eigenskapar:

Kvalifikasjonar:

  • Høgare utdanning frå universitet eller høgskule, minimum tilsvarande masternivå. Relevant realkompetanse kombinert med relevant etter- og videreutdanning kan i noen tilfeller kompensere for utdanningskravet.
  • Røynsle med utviklingsorientert arbeid
  • Røynsle med koordinering og prioritering av ressursar
  • God skriftleg og munnleg framstillingsevne Røynsle frå arbeid i universitets- og høgskulesektoren, kjennskap til rammeplanar og nasjonale retningsliner for lektorutdanninga og røynsle frå samarbeid mellom fagleg/politisk- og administrativ leiing vil vera ein føremon

Personlege eigenskapar:

Vi ser etter deg som

  • Er glad i å arbeide med folk og trivst med å bidra til gode prioriteringar
  • Er ein lagspelar som er opptatt av gode prosessar og godt samspel med andre
  • Liker å jobbe tverrfagleg, er samarbeidsorient, pragmatisk og god til å kommunisere
  • Arbeider strukturert og trivst med utvikling av system og rutinar
  • Har høg arbeidskapasitet, er avgjerdsdyktig og har god gjennomføringsevne

Vi tilbyr:

  • Ein stimulerande og utfordrande arbeidskvardag ved ein anerkjend utdannings- og forskingsinstitusjon
  • Moglegheiter for fagleg utvikling
  • Stilling som seksjonssjef (kode 1211) i lønssteg 74- 80 for tida kr. 702.100 – 825.900 i det statlege lønsregulativet. For særleg kvalifiserte søkjarar kan det verte aktuelt å vurdere høgare løn.
  • Fleksibel arbeidstidsordning.
  • Medlemsskap i Statens pensjonskasse
  • Gode velferdsordningar

Generell informasjon:

Utfyllande opplysningar om stillinga kan ein få ved å vende seg til:

  • Avdelingsdirektør Christen Soleim, christen.soleim@uib.no, telefon: +47 414 79 181

Den statlege arbeidsstyrken skal i størst mogleg grad spegle mangfaldet i befolkninga. Personar med innvandrarbakgrunn og personer med nedsett funksjonsevne blir oppmoda om å søkje stillinga.

Universitetet i Bergen arbeider målbevisst for økt likestilling og vektlegger kjønnsbalanse og mangfold i ledergruppene. Kunnskap om og resultater fra aktivt likestillings- og mangfoldsarbeid tillegges vekt ved rekruttering av ledere.

Opplysningar om søkjaren kan bli gjort offentlege sjølv om søkjaren har oppmoda om ikkje å bli ført på søkjarlista. Dersom oppmodinga ikkje blir teke til følgje, skal søkjaren varslast om dette.

Nærare om tilsettingsprosessen her.

Søk på stillingen

Powered by Labrador CMS