Ledig stilling ved Universitetet i Bergen

Seksjonsleiar / Verkstadleiar

Søknadsfrist: 20.10.2020

Universitetet i Bergen

Universitetet i Bergen er ein anerkjend utdannings- og forskingsinstitusjon, organisert i sju fakultet og omlag 54 institutt og faglege senter. Campus ligg i sentrale delar av Bergen med universitetsområde på Nygårdshøyden, Haukeland, Marineholmen, Møllendalsveien og Årstad.


Fakultet for kunst, musikk og design består av tre institutt. Les meir om fakultetet og tilhøyrande institutt.

Kunnskap som formar samfunnet

Gjennom eit sterkt og tett samspel med omverda - globalt, nasjonalt og lokalt - skal vi medverke til eit samfunn bygd på kunnskap, ferdigheiter og haldningar.

Vil du vere med å forme framtida?

Seksjonsleiar/Verkstadleiar

Ved Fakultet for kunst, musikk og design er det ledig ei fast stilling som seksjonsleiar i 100% stilling. Vi søkjer ein seksjonsleiar som er oppteken av utvikling, med gode samhandlingsevner og ein inkluderande leiarstil. Seksjonen har i dag verkstader og tenester innan fagfelta kunst, musikk og design.

Seksjonen er organisert som ein fellesfunksjon for heile fakultetet, og har lokasjon i Møllendalsveien 61 (Kunstakademiet – Institutt for samtidskunst og Institutt for design) og i Nygård Skole (Griegakademiet – Institutt for musikk). Arbeidsstad vil kunne variere mellom dei to lokasjonane. Seksjonsleiar vil ha personalansvar for 9 årsverk i sin stab.

Seksjonsleiar er sentral i direktøren si leiargruppe og skal samarbeide tett med fagmiljø og andre funksjonar i fakultetsadministrasjonen. Seksjonsleiar rapporterer til fakultetsdirektør.

Arbeidsoppgåver:

Hovudfokus i stillinga vil vere å drifte og utvikle verkstadane i tett samarbeid med fagmiljø og dei fagansvarlege ved institutta.

  • Ansvarleg for organisering og planlegging av drift, samt tilsyn ved maskinpark ved verkstadane.
  • Legge til rette for utdanning, kunstnarleg utviklingsarbeid og vitskapleg forsking, i tett samarbeid med fagmiljøa.
  • Pådrivar for miljø- og effektiviseringsarbeid.
  • Sørge for at gjeldande HMS-regelverk vert følgt og sakshandsaming knytt til dette.
  • Arealoppfølging.
  • Iverksetting og oppfølging av prosedyrar og rutinar knytt til verkstadfunksjonar og infrastruktur ved fakultetet.
  • Følgje opp strategi gjennom planarbeid, prosjektleiing, koordinering, utgreiings- og utviklingsoppgåver.
  • Andre oppgåver kan bli pålagt stillinga.

Kvalifikasjonar og eigenskapar:

Søkjarar må ha:

  • Høgare relevant utdanning på masternivå. Lang, relevant praksis kombinert med relevant etter- og vidareutdanning kan i særskilte høve kompensera for manglande formell utdanning.
  • Strategisk og operativ leiarerfaring med personalansvar.
  • Ein involverande og motiverande leiarstil prega av gode samarbeidsevner og dialog.
  • Evne til å finne løysingar og skape engasjement.
  • Kunne planlegge, prioritere og sikre gjennomføring i prosessar.
  • Evne til å skape eit godt samspel på tvers av faglege og organisatoriske grenser.
  • Gode kunnskapar i norsk skriftleg og munnleg, i tillegg til engelsk.
  • God økonomiforståing og IKT kompetanse.

I tillegg vil det bli lagt vekt på:

  • Serviceinnstilling overfor studentar og fagmiljø.
  • Interesse for kunstnarlege fag og kjennskap til kultursektoren.
  • Kjennskap til offentleg forvalting og universitets- og høgskulesystemet.

Vi søkjer ein nytenkjande, resultat-/utviklingsorientert leiar med evne til heilskapleg og strategisk vurdering, som skal vere pådrivar i utviklinga av eit godt arbeidsmiljø for studentar og tilsette ved fakultetet. Personlege eigenskapar som er naudsynte for stillinga vil bli vektlagt, særleg gode kommunikasjons- og samarbeidsevner, initiativ, fleksibilitet og sjølvstende.

Vi tilbyr:

  • Spennande leiarstilling og utviklande arbeidsoppgåver i eit godt fagmiljø.
  • Medverknad til utvikling av nye måtar å organisere verkstader på i eit universitetsmiljø.
  • Inspirerande arbeidsmiljø.
  • Opplæring og moglegheit for leiarutvikling.
  • Stilling som seksjonsleiar (kode 1211) i lønssteg 60 - 75 (for tida kr 532 300 – 704 900) i det statlege lønsregulativet. For særleg kvalifiserte søkjarar kan det bli aktuelt å vurdere høgare løn.
  • Medlemskap i Statens pensjonskasse.
  • Gode velferdsordningar som bedriftsidrettslag, bedriftshytter, kulturarrangement og bedriftsbarnehage.

Generell informasjon:

Utfyllande opplysningar om stillinga kan ein få ved å vende seg til:

  • Fakultetsdirektør Synnøve Myhre: synnove.myhre@uib.no eller mobil 93484614

Den statlege arbeidsstyrken skal i størst mogleg grad spegle mangfaldet i befolkninga. Personar med innvandrarbakgrunn og personar med nedsett funksjonsevne blir oppmoda om å søkje stillinga.

Universitetet i Bergen arbeider målbevisst for auka likestilling og legg vekt på kjønnsbalanse og mangfald i leiargruppene. Kunnskap om og resultat frå aktivt likestillings- og mangfaldsarbeid blir tillagt vekt ved rekruttering av leiarar.

Opplysningar om søkjaren kan bli gjort offentlege sjølv om søkjaren har oppmoda om ikkje å bli ført på søkjarlista. Dersom oppmodinga ikkje blir teke til følgje, skal søkjaren varslast om dette.

Nærare om tilsettingsprosessen her.

Søk på stillingen

Powered by Labrador CMS