LEDIG STILLING VED UNIVERSITETET I BERGEN

Læreplass i byggdriftarfaget

Søknadsfrist: 01.03.2021

Universitetet i Bergen

Universitetet i Bergen er ein anerkjend utdannings- og forskingsinstitusjon, organisert i sju fakultet og omlag 54 institutt og faglege senter. Campus ligg i sentrale delar av Bergen med universitetsområde på Nygårdshøyden, Haukeland, Marineholmen, Møllendalsveien og Årstad.

Vil du bli lærling ved Universitetet i Bergen?

Som lærling i byggdriftarfaget ved Eigedomsavdelinga ved UiB kan du få arbeide med en bygningsmasse som spenner frå museum til avanserte laboratoriebygg, frå nye teknologiske bygg til freda kulturminne. Du kan vente ein kvardag med varierte og spanande arbeidsoppgåver. Du vil få opplæring etter læreplanen i byggdriftarfaget, og utvikle ei heilskapleg forståing for tekniske installasjonar i bygg, og korleis dei fungera. Du vil også ta del i eit arbeidsfellesskap med eit dyktig fagmiljø om viktige utviklingsoppgåver for heile universitetet. Eigedomsavdelinga har tilsette med høg kompetanse innanfor fleire fagfelt, og du vil kunne få eit breitt nettverk av personar innan relevante fagområde.

Arbeidssted

Som lærling i byggdriftarfaget vil du vere tilknytt Eigedomsavdelinga ved UiB. Eigedomsavdelinga er ansvarleg for forvalting, drift, vedlikehald og utvikling av alle universitetet sine bygningar, tekniske anlegg og uteareale.

Kvalifikasjonar

Me søker i hovudsak kandidatar som har fullført eller er i ferd med å fullføre Vg1 Bygg og annleggsteknikk på vidaregåande skule. Det er også mogleg å søke med andre fagbakgrunnar, men ein må då pårekne ei noko lenger læretid.

Oppstart

Etter avtale i juni-august.

Søknad

Søknad med CV, vitnemål/karakterutskrift og referansar sendast til Eigedomsavdelinga på post@eia.uib.no innan 15. februar.

Vil du vite meir?

Klikk deg inn på uib.no/lærling for å lese meir om lærlingordninga ved UiB, eller ta kontakt med Eigedomsavdelinga på post@eia.uib.no.

Powered by Labrador CMS