Vikariat som konsulent (100 %) - Fakultet for kunst, musikk og design
Søknadsfrist: 12.02.2023
Publisert
Universitetet i Bergen
Universitetet i Bergen er ein anerkjend utdannings- og forskingsinstitusjon, organisert i sju fakultet og omlag 54 institutt og faglege senter. Campus ligg i sentrale delar av Bergen med universitetsområde på Nygårdshøyden, Haukeland, Marineholmen, Møllendalsveien og Årstad.
Gjennom eit sterkt og tett samspel med omverda - globalt, nasjonalt og lokalt - skal vi medverke til eit samfunn bygd på kunnskap, ferdigheiter og haldningar.
Vil du vere med å forme framtida?
Konsulent
Ved Fakultet for kunst, musikk og design er det ledig eit vikariat i 100 % stilling ut juni 2023 som konsulent knytt til skranke-/førstlinjeteneste.
Som konsulent inngår du i ein administrasjon på i underkant av 30 medarbeidarar fordelt på 4 administrative område. Konsulenten rapporterer direkte til assisterande fakultetsdirektør. Arbeidsstad vil kunna variere mellom fakultetets lokasjonar i Møllendalsveien og Lars Hilles gate. Meir informasjon om KMD finn du på vår nettside.
Arbeidsoppgåver:
Vera eit naturleg kontaktpunkt og sikra eit godt mottak av studentar, tilsette og gjestar
Resepsjonstenester, svare på telefon i skranke
Studieadministrativ saksbehandling, mellom anna støtte til undervisnings- og timeplanlegging og mottak av nye studentar i samband med semesterstart
Enklare saksbehandling innan økonomiområdet, mellom anna bestilling av varer og tenester
Støtte til planlegging og gjennomføring av møter og arrangement
Daglege driftsfunksjonar knytt til booking av rom og utstyr
Kvalifikasjonar og eigenskapar:
Søkarar må normalt ha utdanning på bachelornivå. Relevant praksis kombinert med relevant etter- og vidareutdanning kan kompensere for manglande formell utdanning
Søkar bør ha relevant praksis innan offentleg administrasjon og kjennskap til universitets- og høgskulesektoren
Det vil vere ein fordel med kjennskap og bruk av TEAMS, Unit4, og Ephorte
Du må vere serviceinnstilt og omgjengeleg, fleksibel og engasjert, god på samarbeid og mellommenneskelege relasjonar, initiativrik, grundig, open og raus
Personlege eigenskapar som er naudsynte for stillinga vil bli vektlagt.
Vi tilbyr:
Varierte og utfordrande arbeidsoppgåver i eit spanande og internasjonalt fagmiljø
Løn som konsulent etter lønssteg 38 - 46 (kode 1065, for tida kr. 397 100 - 441 900). For særs kvalifiserte søkarar kan høgare løn vurderast
Den statlege arbeidsstyrken skal i størst mogleg grad spegle mangfaldet i befolkninga. Personar med innvandrarbakgrunn og personar med nedsett funksjonsevne blir oppmoda om å søkje stillinga.
Opplysningar om søkjaren kan bli gjort offentlege sjølv om søkjaren har oppmoda om ikkje å bli ført på søkjarlista. Dersom oppmodinga ikkje blir teke til følgje, skal søkjaren varslast om dette.
Søknad, CV og vedlegg sendes elektronisk via lenke på denne sida.