LEDIG STILLING VED UNIVERSITETET I BERGEN

Studiekonsulent (seniorkonsulent / førstekonsulent)

Søknadsfrist: 30.06.2021

Universitetet i Bergen

Universitetet i Bergen er ein anerkjend utdannings- og forskingsinstitusjon, organisert i sju fakultet og omlag 54 institutt og faglege senter. Campus ligg i sentrale delar av Bergen med universitetsområde på Nygårdshøyden, Haukeland, Marineholmen, Møllendalsveien og Årstad.


Det matematisk-naturvitenskapelige fakultet består av sju institutt og en rekke sentre. Les meir om fakultet og tilhøyrande institutt.

Kunnskap som formar samfunnet

Gjennom eit sterkt og tett samspel med omverda - globalt, nasjonalt og lokalt - skal vi medverke til eit samfunn bygd på kunnskap, ferdigheiter og haldningar.

Vil du vere med å forme framtida?

Seniorkonsulent

Ved Kjemisk institutt er det ledig ei fast stilling i studieadministrasjonen som studiekonsulent (seniorkonsulent eller førstekonsulent, avhengig av kvalifikasjonane til den som vert tilsett).

Instituttet utfører forsking og gir utdanning av høg internasjonal kvalitet innan kjemi og nærskylde område, med særleg fokus på molekylær livsvitskap og energi og bærekraftig produksjon. Kjemisk institutt har det administrative og faglege ansvaret for disiplinstudiet i kjemi (BSc og MSc) samt dei fleirdisiplinære studieprogramma BSc i nanoteknologi, MSc i nanovitskap, og det integrerte 5-årige MSc-studiet i medisinsk teknologi. BSc-studiet vårt i kjemi er sertifisert som EuroBachelor, og instituttet koordinerer også eit europeisk masterstudium i analytisk kjemi (EMQAL). Vidare er instituttet ein sentral bidragsytar til studieprogramma i farmasi (integrert, 5-årig MSc), lektorutdanning, og energi, og bidrar elles til ei rad andre studieprogram ved det Matematisk-naturvitskaplege fakultetet i form av einskildemne.

Studiekonsulenten inngår i ein instituttadministrasjon på 5 medarbeidarar og rapporterer til administrasjonssjefen som er dagleg leiar av administrasjonen. Målsetjinga for administrasjonen er å leggje til rette for at det kan drivast forsking, formidling og utdanning av høg kvalitet ved instituttet.

Studiekonsulenten jobbar direkte mot studentar og vitskapleg tilsette og har ansvar for administrativ sakshandsaming knytt til utdanningstilbod og studentar ved instituttet. Studieadministrasjonen ved Kjemisk institutt har eit tett samarbeid med studiekonsulentane ved fakultetet og dei andre institutta.

Arbeidsoppgåver:

Hovudarbeidsoppgåvene for stillinga er innan studieadministrasjon og omfattar mellom anna

  • Daglig drift av og kontaktperson for studieprogramma nanovitskap og -teknologi (nanoVT) og medisinsk teknologi
  • Vere sekretær for programstyra i nanoVT og medisinsk teknologi
  • Studierettleiing og informasjonsverksemd
  • Rekruttering og fråfallsarbeid
  • Administrasjon av praksisplasstilbod
  • Internasjonal studentmobilitet
  • Innpassing av norsk og utanlandsk utdanning
  • Generelt studieadministrativt arbeid innan fleire av dei felta studieseksjonen arbeidar med

Kvalifikasjonar og eigenskapar:

  • Utdanning på mastergradsnivå. Lang, relevant praksis kombinert med relevant etter- og vidareutdanning kan i særskilte høve kompensere for manglande formell utdanning
  • Relevant praksis er eit krav
  • God digital kompetanse og evne til å tileigne seg nye ferdigheiter
  • Kjennskap til dei felles studieadministrative systema på universitetet er ein føremon
  • Erfaring med sakshandsaming og studieadministrativt arbeid frå universitets- og høgskulesektoren og frå eit internasjonalt miljø er ein føremon
  • Gode skriftlege og munnlege ferdigheiter på båe målformer, nynorsk og bokmål samt på engelsk
  • Evne til å arbeide sjølvstendig, strukturert og målretta
  • Fleksibel, initiativrik og serviceinnstilt

Det vil bli lagt stor vekt på dei personlege eigenskapar som er naudsynte for stillinga.

Vi kan tilby:

  • Spennande og utviklande arbeidsoppgåver i eit sterkt og internasjonalt fagmiljø
  • Løn som seniorkonsulent (kode 1363) i lønssteg 53 – 57 (for tida kr. 483 700 –
  • 516 100) i det statlege lønsregulativet, alternativt som førstekonsulent (kode 1408) i lønssteg 51 – 55 (for tida kr. 468 300 – kr. 499 500). For særskilt kvalifiserte søkjarar kan høgare løn vurderast.
  • Medlemsskap i Statens pensjonskasse
  • Nettverk for studiekonsulentar ved fakultetet, som bidreg til fagleg utvikling
  • Gode velferdsordningar

Generell informasjon:

Utfyllande opplysningar om stillinga kan ein få ved å vende seg til:

  • Administrasjonssjef Kari Nordvik, e-post Kari.Nordvik@uib.no, tlf. 55 58 31 99

Den statlege arbeidsstyrken skal i størst mogleg grad spegle mangfaldet i befolkninga. Personar med innvandrarbakgrunn og personer med nedsett funksjonsevne blir oppmoda om å søkje stillinga.

Opplysningar om søkjaren kan bli gjort offentlege sjølv om søkjaren har oppmoda om ikkje å bli ført på søkjarlista. Dersom oppmodinga ikkje blir teke til følgje, skal søkjaren varslast om dette.

Nærare om tilsettingsprosessen her.

Søk på stillingen

Powered by Labrador CMS