Studiekonsulent (førstekonsulent) - Det samfunnsvitskaplege fakultet
Søknadsfrist: 10.05.2021
Publisert
Universitetet i Bergen
Universitetet i Bergen er ein anerkjend utdannings- og forskingsinstitusjon, organisert i sju fakultet og omlag 54 institutt og faglege senter. Campus ligg i sentrale delar av Bergen med universitetsområde på Nygårdshøyden, Haukeland, Marineholmen, Møllendalsveien og Årstad.
Gjennom eit sterkt og tett samspel med omverda - globalt, nasjonalt og lokalt - skal vi medverke til eit samfunn bygd på kunnskap, ferdigheiter og haldningar.
Vil du vere med å forme framtida?
Studiekonsulent (førstekonsulent)
Vi ønskjer deg velkomen som søkjar til ei fast stilling som studiekonsulent (førstekonsulent) ved Det samfunnsvitskaplege fakultet. Stillinga vil vere knytt til fellesadministrasjonen for Institutt for samanliknande politikk, Institutt for administrasjon og organisasjonsvitskap og Sosiologisk institutt. Stillinga vil i utgangspunktet vere todelt og ha arbeidsoppgåver knytt til to sentrale satsingar: internasjonalisering og utveksling ved dei tre institutta og det nye lektorprogrammet i samfunnsfag som ligg ved Sosiologisk institutt. Endringar i innrettinga av stillinga kan skje dersom det vert endringar i studieprogramma.
For meir informasjon om fakultetet viser vi til linken.
Arbeidsoppgåver:
Studieadministrative oppgåver knytt til internasjonalisering og utveksling:
Bidra til institutta sitt internasjonaliseringsarbeid på utdanningsfeltet
Opprette nye og halde oversikt over eksisterande utvekslingsavtalar
Rettleie studentar som ønskjer å reise på utveksling, følgje dei opp undervegs og handsame søknadar om godkjenning i etterkant.
Studieadministrative oppgåver knytt til det nye lektorprogrammet i samfunnsfag:
Administrativ kontaktperson for lektorprogrammet
Studieplanarbeid, kvalitetssikring og rutineutvikling
Studierettleiing, timeplanarbeid, rekrutterings- og informasjonsarbeid
Andre studieadministrative oppgåver
Kvalifikasjonar og eigenskapar:
Søkar må ha ein bachelorgrad, men ein mastergrad vil vere ein føremon. Det er ein føremon med samfunnsvitskaplege fag i fagkretsen. Relevant praksis kan i særskilte høve kompensere for manglande formell utdanning.
Det er ein føremon med studieadministrativ praksis
God administrativ IT-kompetanse. Kjennskap til universitetet sine administrative system er ein føremon
God evne til å kommunisere skriftleg og munnleg på norsk og engelsk
Gode samarbeids- og kommunikasjonsevner
Evne til å vere fleksibel, ansvarleg og imøtekommande
Evne til å arbeide systematisk og resultatorientert
Ved intervju vil det bli lagt stor vekt på dei personlege eigenskapane som er naudsynte for stillinga.
Vi tilbyr:
Eit godt og internasjonalt arbeidsmiljø og spanande arbeidsoppgåver ved eit fakultet med fagmiljø som hevdar seg godt nasjonalt og internasjonalt.
Faglege utfordringar med gode høve for personleg utvikling og kompetanseutvikling.
Løn som førstekonsulent etter kode 1408/LR21 etter hovudtariffavtalene i staten, ltr.51-55 avhengig av tenesteansiennitet. For tida utgjer det mellom 458.900 og 490.600 pr. år. For spesielt godt kvalifiserte søkjarar kan høgare løn vurderast.
Søknad, CV, attestar og vitnemål sendast elektronisk via «Søk stillinga».
Søknadsfrist: 10.05.2021
Søknaden skal merkast: 2021/5316
Den statlege arbeidsstyrken skal i størst mogleg grad spegle mangfaldet i befolkninga. Det er difor eit personalpolitisk mål å få ei balansert alders- og kjønnssamansetjing og rekruttere personar med innvandrarbakgrunn. Personar med innvandrarbakgrunn vert oppmoda om å søkje stillinga.
Opplysningar om søkjaren kan bli gjort offentlege sjølv om søkjaren har oppmoda om ikkje å bli ført på søkjarlista. Dersom oppmodinga ikkje blir teke til følgje, skal søkjaren varslast om dette.
Søknad, CV og vedlegg sendes elektronisk via lenke på denne sida.
Den som vert tilsett, må rette seg etter dei retningslinjene som til kvar tid gjeld for stillinga.