LEDIG STILLING VED UNIVERSITETET I BERGEN

Studiekonsulent (100%) - Fakultet for kunst, musikk og design (KMD)

Søknadsfrist: 21.05.2021

Universitetet i Bergen

Universitetet i Bergen er ein anerkjend utdannings- og forskingsinstitusjon, organisert i sju fakultet og omlag 54 institutt og faglege senter. Campus ligg i sentrale delar av Bergen med universitetsområde på Nygårdshøyden, Haukeland, Marineholmen, Møllendalsveien og Årstad.


Fakultet for kunst, musikk og design består av tre institutt. Les meir om fakultet og tilhøyrande institutt.

Kunnskap som formar samfunnet

Gjennom eit sterkt og tett samspel med omverda - globalt, nasjonalt og lokalt - skal vi medverke til eit samfunn bygd på kunnskap, ferdigheiter og haldningar.

Vil du vere med å forme framtida?

Studiekonsulent (Førstekonsulent)

Ved Fakultet for kunst, musikk og design (KMD) er det ledig 100 % fast stilling som studiekonsulent. Stillinga er særleg knytt til studieprogramma i kunst og design. Stillinga vil koplast til fleire studierelaterte prosessar ved fakultetet.

Som studiekonsulent inngår du i ei studieadministrativ gruppe på om lag 12 medarbeidarar ved fakultetet. Stillinga rapporterer til studiesjef, og samarbeider i det daglege tett med emneansvarlege og fagkoordinatorar, og med studentar på kunst og design. Meir informasjon om fakultetet finn du på vår nettside.

Arbeidsoppgåver:

  • Følgje opp studentane ved studieprogramma, mellom anna bidra med rettleiing og informasjon om undervisning og studiekvardag
  • Samarbeid om oppgåver knytt til læringsmiljø og gjennomføring av studia.
  • Greia ut og førebu saker innanfor ansvarsområdet.
  • Sakshandsaming av studentsaker.
  • Vedlikehald av arkiv og studiedata (ePhorte, FS, Mitt UiB, mm).
  • Samarbeid om emne- og studieplanar, og informasjon til studentar.
  • Følgje opp og koordinere arbeid med fakultetets student-mentorer.
  • Bidra i nettverksgrupper ved universitetet.
  • Støtte til ulike arrangement relatert til studieverksemda (eksamen, semesterstart, seremoniar).
  • Støtte i studieadministrative prosessar, som opptaksarbeid av studentar, studentmobilitet/internasjonalisering, eksamensavvikling og korrektur av vitnemål.

Arbeidsstad og arbeidsoppgåver kan variere. Den som vert tilsett må òg rekne med å gjere generelt sakshandsamingsarbeid innanfor studieadministrasjonen sitt ansvarsområde.

Kvalifikasjonar og eigenskapar:

Fakultetet søker ein erfaren medarbeidar som raskt kan sette seg inn i arbeidsprosessar, og legge til rette for ein god arbeidsflyt mellom fagmiljø og studieadministrasjon i det aktuelle fagfeltet. Kunstfagleg bakgrunn eller erfaring frå tilsvarande utdanningar kan være ein føremon.

  • Søkjar må ha høgare utdanning helst på masternivå, og gjerne innafor relevant fagområde for stillinga. Lang, relevant praksis kombinert med relevant etter- og vidareutdanning kan i særskilte høve kompensere for manglande formell utdanning.
  • Søkjar må kunne uttrykkje seg godt skriftleg og munnleg både på norsk og engelsk.
  • God kjennskap til, eller røynsle særleg frå kunstfaga i universitets- og høgskulesystemet, er eit føremon.
  • Røynsle frå studieadministrativt arbeid i universitets- og høgskulesystemet og/eller offentleg forvaltning generelt vektleggjast.
  • Det er naudsynt med god IT- kompetanse. Kjennskap til Felles Studentsystem (FS) og god erfaring med andre digitale verktøy er ein føremon (særleg Ephorte, FS, Office-pakken, Canvas/MittUiB), samt ev andre digitale kommunikasjonsverktøy.
  • Ved vurdering av kandidatane vil vi leggje vekt på personlege eigenskapar som er naudsynte for stillinga, til dømes:
    • du er sjølvstendig og ansvarsbevisst.
    • du trivst med detaljarbeid, og kan sjå samanheng og heilskap i arbeidet.
    • du har god evne til å planlegge, koordinere og gjennomføre arbeidsprosessar.
    • du er strukturert og nøyaktig, og har god gjennomføringsevne.
    • du har god systemforståing og analytiske evner.
    • du er positiv, serviceinnstilt og imøtekomande.
    • du har svært gode kommunikasjons- og samarbeidsevner.
    • du har god evne til å handtere store arbeidsmengder og høg aktivitet med tidsfristar.

Vi tilbyr:

  • Varierte og utfordrande arbeidsoppgåver i eit spanande og internasjonalt fagmiljø, mellom utdanning- og det profesjonelle kunstfeltet.
  • Moglegheit for vidareutvikling og kompetanseheving.
  • Stilling som førstekonsulent (kode 1408/LR 21) med løn kr. 451 700 - 490 600 (lønssteg 50 – 55). For særleg godt kvalifiserte søkjarar kan høgare løn vurderast.
  • Medlemsskap i Statens pensjonskasse.
  • Gode velferdsordningar

Søknaden skal innehalde:

  • Søknadsbrev der du seier noko om din motivasjon for stillinga, kvifor du søkjer og kvifor du passar til stillinga.
  • Attestert kopi av vitnemål og relevante attestar.
  • To referansar (namn og kontaktinformasjon).

Søknadane vert vurdert med den informasjonen og dokumentasjonen som ligg i Jobbnorge når søknadsfristen går ut.

Generell informasjon:

Utfyllande opplysningar om stillinga kan ein får ved å vende seg til:

  • Studiesjef Hilde Skare (hilde.skare@uib.no) eller
  • Assisterande fakultetsdirektør Eli Neshavn Høie, (eli.hoie@uib.no)

Den statlege arbeidsstyrken skal i størst mogleg grad spegle mangfaldet i befolkninga. Personar med innvandrarbakgrunn og personer med nedsett funksjonsevne blir oppmoda om å søkje stillinga.

Opplysningar om søkjaren kan bli gjort offentlege sjølv om søkjaren har oppmoda om ikkje å bli ført på søkjarlista. Dersom oppmodinga ikkje blir teke til følgje, skal søkjaren varslast om dette.

Søknad, CV og vedlegg sendes elektronisk via lenke på denne sida.

Nærare om tilsettingsprosessen her.

Søk på stillingen

Powered by Labrador CMS