Universitetet i Bergen er ein anerkjend utdannings- og forskingsinstitusjon, organisert i sju fakultet og omlag 54 institutt og faglege senter. Campus ligg i sentrale delar av Bergen med universitetsområde på Nygårdshøyden, Haukeland, Marineholmen, Møllendalsveien og Årstad.
Gjennom eit sterkt og tett samspel med omverda - globalt, nasjonalt og lokalt - skal vi medverke til eit samfunn bygd på kunnskap, ferdigheiter og haldningar.
Vil du vere med å forme framtida?
Seniorkonsulent
Ved Det medisinske fakultet, fakultetsadministrasjonen, er det ledig ein stilling i studieseksjonen som seniorkonsulent (100 %) med tilsetjing frå 1. mars 2024. Stillinga har administrative oppgåver knytt til medisinstudiet ved UiB, studiemodell Vestlandslegen. Arbeidsstaden for stillinga er i Stavanger.
UiB har etablert ein regional studiemodell for medisinutdanning, kalt Vestlandslegen. Frå og med hausten 2023 gjennomfører ei gruppe studentar dei tre siste åra av medisinstudiet sitt i Stavanger. Undervisninga skjer i Stavanger i eit samarbeid mellom Helse Stavanger HF, primærhelsetenesta og Universitetet i Bergen. Stillinga vil saman med fagmiljøa ha ei sentral rolle i å drifte studiemodellen i Stavanger.
Arbeidsoppgåver:
Bidra til den praktiske gjennomføringa av utdanninga: undervisningsplanlegging, studentmottak, eksamen
Informasjonsarbeid og rettleiing til studentane
Administrativ støtte til fagleg studieleiar og fagansvarlege for undervisning i Stavanger
Samarbeid med studieadministrasjonen og programleiinga for medisinstudiet i Bergen
Sakshandsaming
Rutineutvikling og utgreiingsarbeid
Evaluering og kvalitetssikring
Det kan verte aktuelt å leggje andre oppgåver til stillinga.
Kvalifikasjonar og eigenskapar:
Søkjar må ha høgare utdanning, fortrinnsvis på masternivå. Lang relevant praksis kombinert med relevant etter- og vidareutdanning kan i særskilte høve kompensere for manglande formell utdanning.
Minimum to års relevant erfaring frå administrativt arbeid
God digital kompetanse og ferdigheiter innan administrative IT-verktøy
God skriftleg og munnleg framstillingsevne på norsk (bokmål og nynorsk) og engelsk
Vi søkjer ein person som
Har gode kommunikasjons- og samarbeidseigenskapar
Har digital kompetanse og evne til å tileigne seg nye ferdigheiter
Er initiativrik og kan arbeide sjølvstendig
Er fleksibel, ansvarleg og imøtekommande
Har stor arbeidskapasitet og god evne til å følgje opp både fortløpande driftsoppgåver og prosessar som går over lenger tid.
Ved vurdering av søkjaren vil vi legge stor vekt på dei personlege eigenskapane som er naudsynte for stillinga
Vi kan tilby:
Spanande og utviklande arbeidsoppgåver i eit sterkt fagmiljø
Løn som seniorkonsulent (kode 1363) er for tida kr 557 100 – 615 700 (lønssteg 57 - 63). For særs kvalifisert søkjar kan høgare løn vurderast.
Den statlege arbeidsstyrken skal i størst mogleg grad spegle mangfaldet i befolkninga. Personar med innvandrarbakgrunn og personer med nedsett funksjonsevne blir oppmoda om å søkje stillinga.
Opplysningar om søkjaren kan bli gjort offentlege sjølv om søkjaren har oppmoda om ikkje å bli ført på søkjarlista. Dersom oppmodinga ikkje blir teke til følgje, skal søkjaren varslast om dette.