Seniorkonsulent (Undervisning, vikariat) - Institutt for biomedisin
Søknadsfrist: 10.10.2021
Publisert
Universitetet i Bergen
Universitetet i Bergen er ein anerkjend utdannings- og forskingsinstitusjon, organisert i sju fakultet og omlag 54 institutt og faglege senter. Campus ligg i sentrale delar av Bergen med universitetsområde på Nygårdshøyden, Haukeland, Marineholmen, Møllendalsveien og Årstad.
Gjennom eit sterkt og tett samspel med omverda - globalt, nasjonalt og lokalt - skal vi medverke til eit samfunn bygd på kunnskap, ferdigheiter og haldningar.
Vil du vere med å forme framtida?
Seniorkonsulent
Ved Det medisinske fakultet, Institutt for biomedisin, studieseksjonen, er det ledig eit vikariat som seniorkonsulent (100 %) i åtte (8) månader frå desember 2021. Det kan verte aktuelt med forlenging av tilsetjingsperioden. Stillinga vil ha ansvarsområde knytt til administrativt og praktisk tilretteleggingsarbeid for instituttets emnar. Stillinga har eit særskilt ansvar for fakultetet sitt masterprogram i biomedisin.
Arbeidsoppgåver:
hovudansvar for administrativ oppfølging av masterprogrammet i biomedisin
opptak av nasjonale og internasjonale studentar
mottak og rettleiing/bistand undervegs av masterstudentar, arbeid mot mastereksamen
kontakt med nettverksgruppe for masterprogram ved fakultetet
timeplanlegging og eksamensarbeid
kvalitetsutvikling og oppfølging av instituttet sine emne og studieplanar
tilrettelegging og deltaking i praktisk undervisning ved instituttet
Det kan verte aktuelt å leggje andre oppgåver til stillinga.
Kvalifikasjonar og eigenskapar:
søkjar må ha mastergrad i mastergrad innan eit av instituttets fagområde eller tilsvarande utdanning. Lang relevant praksis kombinert med relevant etter- og vidareutdanning kan i særskilte høve kompensere for manglande formell utdanning.
må ha evne til å uttrykke seg godt skriftleg og munnleg, både på norsk og engelsk
ønskeleg med erfaring og kjennskap til elektroniske studieadministrative verktøy
ønskeleg med erfaring frå studieadministrativt arbeid
Vi søkjer ein person som
har gode kommunikasjons- og samarbeidseigenskapar
digital kompetanse og evne til å tileigne seg nye ferdigheiter
relevant erfaring frå studieadministrativt arbeid vil være ein fordel
ed vurdering av søkjaren vil vi legge stor vekt på dei personlege eigenskapane som er naudsynte for stillinga.
Vi kan tilby:
spennande og utviklande arbeidsoppgåver i et sterkt fagmiljø
stilling som seniorkonsulent (kode 1363) i lønssteg 55-61 i det statlege lønsregulativet. Dette utgjer for tida brutto årslønn kr. 499 500- 553 500. For særs kvalifisert søkjar kan høgare løn vurderast.
en statlege arbeidsstyrken skal i størst mogleg grad spegle mangfaldet i befolkninga. Personar med innvandrarbakgrunn og personar med nedsett funksjonsevne blir oppmoda om å søkje stillinga.
Opplysningar om søkjaren kan bli gjort offentlege sjølv om søkjaren har oppmoda om ikkje å bli ført på søkjarlista. Dersom oppmodinga ikkje blir teke til følgje, skal søkjaren varslast om dette.