Seniorkonsulent (studiekonsulent) - Institutt for klinisk odontologi
Søknadsfrist: 09.08.2020
Publisert
Universitetet i Bergen
Universitetet i Bergen er ein anerkjend utdannings- og forskingsinstitusjon, organisert i sju fakultet og omlag 54 institutt og faglege senter. Campus ligg i sentrale delar av Bergen med universitetsområde på Nygårdshøyden, Haukeland, Marineholmen, Møllendalsveien og Årstad.
Gjennom eit sterkt og tett samspel med omverda - globalt, nasjonalt og lokalt - skal vi medverke til eit samfunn bygd på kunnskap, ferdigheiter og haldningar.
Vil du vere med å forme framtida?
Seniorkonsulent
Ved Institutt for klinisk odontologi, studieadministrasjonen, er det ledig ein fast stilling som seniorkonsulent (100 %) med tilsetjing snarast. Me ser etter deg som likar å jobba med studentar og som har interesse for digitalisering av utdanning og har høg digital kompetanse. Stillinga inngår i studieadministrasjonen saman med fire andre studiekonsulentar, som er leia av studiekoordinator.
Arbeidsoppgåver:
Høgt kvalifiserte saksbehandlingsoppgåver, utgreiings- og utviklingsoppgåver som krev stor grad av sjølvstende og problemløysingsevne
Arbeidsleiar for studieseksjonen ved instituttet
Sentral rolle i implementering av ny studieplan
Studentmobilitet
Implementering og støtte av digitale formar for undervisning og digitale arbeidsverktøy for administrasjonen
Det kan verte aktuelt å leggje andre oppgåver til stillinga.
Kvalifikasjonar og eigenskapar:
Søkjar må ha mastergrad. Lang relevant praksis kombinert med relevant etter- og vidareutdanning kan i særskilte høve kompensere for manglande formell utdanning
Høg digital kompetanse
Flytande munnleg og skriftleg norsk og engelsk
Det er ein føremon med erfaring frå UH-sektoren
Det er ein føremon med erfaring frå omorganisering og/eller endringsprosessar
Vi søkjer ein person som
har gode kommunikasjons- og samarbeidseigenskapar
høg digital kompetanse og evne til å tileigne seg nye ferdigheiter
Ved vurdering av søkjaren vil vi legge stor vekt på dei personlege eigenskapane som er naudsynte for stillinga.
Vi kan tilby:
Spanande og utviklande arbeidsoppgåver i eit sterkt fagmiljø
Stilling som seniorkonsulent (kode 1363) i lønssteg 55-61 i det statlege lønsregulativet. Dette utgjer for tida brutto årslønn kr. 488 000-542 400. For særleg kvalifiserte søkjarar kan høgare løn vurderast.
Den statlege arbeidsstyrken skal i størst mogleg grad spegle mangfaldet i befolkninga. Personar med innvandrarbakgrunn og personar med nedsett funksjonsevne blir oppmoda om å søkje stillinga.
Opplysningar om søkjaren kan bli gjort offentlege sjølv om søkjaren har oppmoda om ikkje å bli ført på søkjarlista. Dersom oppmodinga ikkje blir teke til følgje, skal søkjaren varslast om dette.