Ledig stilling ved Universitetet i Bergen

Seniorkonsulent (studiekonsulent) - Institutt for geovitenskap (GEO)

Søknadsfrist: 25.05.2020

Universitetet i Bergen

Universitetet i Bergen er ein anerkjend utdannings- og forskingsinstitusjon, organisert i sju fakultet og omlag 54 institutt og faglege senter. Campus ligg i sentrale delar av Bergen med universitetsområde på Nygårdshøyden, Haukeland, Marineholmen, Møllendalsveien og Årstad.


Det matematisk-naturvitenskapelige fakultet består av sju institutt og en rekke sentre. Les meir om fakultet og tilhøyrande institutt.

Kunnskap som formar samfunnet

Gjennom eit sterkt og tett samspel med omverda - globalt, nasjonalt og lokalt - skal vi medverke til eit samfunn bygd på kunnskap, ferdigheiter og haldningar.

Vil du vere med å forme framtida?

Seniorkonsulent (studiekonsulent)

Ved Institutt for geovitenskap (GEO) er det ledig ei fast stilling som seniorkonsulent (studiekonsulent).

Instituttet er eitt av Europa sine største geofaglege miljø, og har over 170 tilsette og omtrent 300 studentar. Geologar og geofysikarar sit på nøkkelkompetanse for å løyse mange av morgondagens utfordringar, noko som synast i instituttet sine strategiske satsingsområde: energi, ressursar, klima, miljø og geofarer/naturkatastrofar.

Undervisninga ved instituttet femner om eit bredt spekter av geofaglege disiplinar. Instituttet har eit bachelorprogram i geovitskap med ei studieretning i geologi og ei i geofysikk med til saman 80 studieplassar per kull. I tillegg har instituttet eit masterprogram i geovitskap med 52 studieplassar, med rom for fordjuping innan geodynamikk og bassengstudiar, Geokjemi og geobiologi, Geofysikk eller Kvartærgeologi og paleoklima. GEO har og til ei kvar tid rundt 55 doktorgradsstudentar som tar forskarutdanning ved instituttet.

Stillinga vil vere ein del av instituttet sin studieseksjon med til saman 3 tilsette. Seksjonen har administrativt ansvar for instituttet sine studieprogram på bachelor-, master- og doktorgradsnivå. Seksjonen er og sekretariat for instituttet sitt studieprogramstyre og forskarutdanningsutval. Studieseksjonen samarbeider tett med iEarth (Senter for framifrå utdanning i geovitskap) om læringsmiljø, undervisningsutvikling og utdanningsprosjekt. Den som vert tilsett, vil få delegert administrativt ansvar for eit studieprogram eller studieretning ved instituttet enten aleine eller saman med andre.

Arbeidsoppgåver

  • Sakshandsaming i studierelaterte saker
  • Timeplanlegging og eksamensadministrasjon
  • Koordinering/informasjon mot studentar/studentorganisasjonar/undervisarar/andre program og emne
  • Informasjons- og formidlingsarbeid, både knytt til rekruttering og generelt informasjonsmateriell om studiet (inkludert webinformasjon)
  • Studentopptak og -mottak
  • Studierettleiing
  • Internasjonalisering (studentmobilitet, administrasjon av eksternfinansierte prosjekt retta mot internasjonalt studiesamarbeid, kontakt og rettleiing av prosjektleiarar på slike prosjekt, koordinering mot internasjonalt kontor, etc.)
  • Delta i utvikling av dei respektive programma/retningane og emna saman med emneansvarlege, fagansvarlege, faggruppeleiarar, programstyret og iEarth
  • Utdanningsfaglege utgreiingar knytt til etablering, evaluering, utvikling og kvalitetssikring av studieplanar og -emne
  • Støtte til aktuelle forskings- og utviklingsprosjekt innan utdanning, i nært samarbeid med iEarth

Andre studieadministrative oppgåver kan også verte aktuelle.

Universitetet i Bergen er ein organisasjon som i særleg grad må vere tilpassingsdyktig til endringar i omgivnadene, og må vere førebudd på åmøte skiftande utfordringar. Den som vert tilsett, må difor vere førebudd på at arbeidsoppgåvene kan bli endra.

Kvalifikasjonar og eigenskapar

  • Søkjarar må ha utdanning på mastergradnivå innan geovitskap (geologi eller geofysikk). Lang, relevant praksis kombinert med relevant etter- og vidareutdanning kan i særskilte høve kompensere for manglande formell utdanning.
  • Det er ynskjeleg med erfaring frå universitets- og høgskulesektoren.
  • Det er naudsynt med god administrativ IT-kompetanse.
  • Kjennskap til og erfaring i bruk av Felles Studentsystem (FS), ePhorte og elektroniske portalar er ein føremon.
  • Det vil bli lagt vekt på erfaring med relevant studie- og utdanningsrelatert arbeid, sakshandsaming og administrasjon.
  • God evne til å kommunisere skriftleg og munnleg både på norsk og engelsk.
  • Relevant praksis er eit krav.

Personlege eigenskapar som er naudsynte for stillinga, vil bli vektlagt.

Vi kan tilby

  • eit godt og fagleg stimulerande arbeidsmiljø.
  • stilling som seniorkonsulent (kode 1363) i lønssteg 53 – 57 (for tida kr 472 000 – 504 700) i det statlege lønsregulativet. For særleg kvalifiserte søkjarar kan høgare løn vurderast.
  • spanande og varierte arbeidsoppgåver i eit anerkjent utdannings- og forskingsmiljø.
  • høve til å delta i arbeid med utvikling av innovative og framifrå undervisingsopplegg innan geovitskap.
  • høve til fagleg og personleg utvikling i nært samarbeid med våre vitskapleg tilsette som driv undervisning.
  • medlemsskap i Statens pensjonskasse.
  • gode velferdsordningar

Meir informasjon om kva UiB kan tilby som arbeidsgjevar finn ein på UiB sine nettsider http://www.uib.no/hr/74687/hva-kan-universitetet-tilby-sine-medarbeidere

Generell informasjon

Utfyllande opplysningar om stillingane kan ein få ved å vende seg til administrasjonssjef Andrea Grimnes (andrea.grimnes@uib.no), telefon 55 58 33 00.

Den statlege arbeidsstyrken skal i størst mogleg grad spegle mangfaldet i befolkninga. Det er eit personalpolitisk mål å få ei balansert alders- og kjønnssamansetning.

Personar med innvandrarbakgrunn og personar med nedsett funksjonsevne blir oppmoda om å søkje stillinga.

Opplysningar om søkjaren kan bli gjort offentlege sjølv om søkjaren har oppmoda om ikkje å bli ført på søkjarlista. Dersom oppmodinga ikkje blir teke til følgje, skal søkjaren varslast om dette.

Nærare om tilsettingsprosessen her.

Søk på stillingen

Powered by Labrador CMS