Universitetet i Bergen er ein anerkjend utdannings- og forskingsinstitusjon, organisert i sju fakultet og omlag 54 institutt og faglege senter. Campus ligg i sentrale delar av Bergen med universitetsområde på Nygårdshøyden, Haukeland, Marineholmen, Møllendalsveien og Årstad.
Gjennom eit sterkt og tett samspel med omverda - globalt, nasjonalt og lokalt - skal vi medverke til eit samfunn bygd på kunnskap, ferdigheiter og haldningar.
Ved Det medisinske fakultet, Institutt for klinisk odontologi (IKO), er det ledig ei 100% fast stilling som seniorkonsulent (prosjektøkonom/prosjektadministrator).
60% av stillinga er knytt til forskingsgruppa Tissue Engineering som ein del av det store samarbeidsprosjektetfinansiert av Trond Mohn Stiftelsen, Olav Thon Stiftelsen, Forskningsrådet NFR og EU-kommisjonen.
Forskingsgruppa Tissue Engineering er ei av dei største forskingsgruppene ved Det medisinske fakultet, både når det gjeld talet på forskarar og budsjett. Det er administrasjonen si oppgåve å gje god økonomisk og administrativ støtte til aktivitetar og prosjekt. Ein person med kompetanse innan økonomi, leiing og rapportering er naudsynt.
40% av stillinga vil i ei overgangsfase vere knytt til Det medisinske fakultet. På grunn av ein krevjande omleggingsfase av økonomiarbeidet, vil den nye seniorkonsulenten vere ei ekstra støtte for økonomiseksjonen ved fakultetet, truleg t.o.m. april 2021. Etter dette vil stillinga vere 100% knytt til Institutt for klinisk odontologi.
Arbeidsoppgåver:
økonomisk styring av eksterne og internt finansierte forskingsprosjekt
ansvar for budsjettering og økonomisk rapportering i prosjekta
støtte til forskarar i applikasjonar og drift av forskingsprosjekt
administrasjons-, leiings- og rapporteringsstøtte til leiar av forskargruppa
støtte og råd innan økonomi til forskargruppas leiar
rutinemessig rekneskaps- og økonomiarbeid
koordinere møter og skrive referat frå møter innanfor prosjekta.
Det kan verte aktuelt å leggje andre oppgåver til stillinga.
Kvalifikasjonar og eigenskapar:
Søkjar må ha mastergrad. Lang relevant praksis kombinert med relevant etter- og vidareutdanning kan i særskilte høve kompensere for manglande formell utdanning
Relevant erfaring frå tilsvarande verksemd er ynskjeleg
God forståing og erfaring frå alle prosessar i prosjektøkonomi er ein føremon
Gode ferdigheiter i Excel
Evne til å uttrykke deg godt skriftleg og munnleg både på norsk og engelsk
Gode samarbeidsevner og serviceinnstilling
Vi søkjer ein person som
har gode kommunikasjons- og samarbeidseigenskapar
er serviceinnstilt og positiv
er strukturert, målretta og har god gjennomføringsevne
har stor grad av sjølvstende og evne til problemløysing
har digital kompetanse og evne til å tileigne seg nye ferdigheiter
har interesser for forbetringsarbeid og nye løysingar
bidrar til vårt gode arbeidsmiljø
Ved vurdering av søkjaren vil vi legge stor vekt på dei personlege eigenskapane som er naudsynte for stillinga.
Vi kan tilby:
Spennande og utviklande arbeidsoppgåver i et sterkt fagmiljø
Stilling som seniorkonsulent (kode 1363) i lønssteg 55-61 i det statlege lønsregulativet. Dette utgjer for tida brutto årslønn kr. 488 000 - 542 400. For særleg kvalifiserte søkjarar kan høgare løn vurderast.
Den statlege arbeidsstyrken skal i størst mogleg grad spegle mangfaldet i befolkninga. Personar med innvandrarbakgrunn og personer med nedsett funksjonsevne blir oppmoda om å søkje stillinga.
Opplysningar om søkjaren kan bli gjort offentlege sjølv om søkjaren har oppmoda om ikkje å bli ført på søkjarlista. Dersom oppmodinga ikkje blir teke til følgje, skal søkjaren varslast om dette.