Seniorkonsulent (prosjektøkonom) - Det medisinske fakultet, klinisk odontologi (IKO)
Søknadsfrist: 07.06.2020
Publisert
Universitetet i Bergen
Universitetet i Bergen er ein anerkjend utdannings- og forskingsinstitusjon, organisert i sju fakultet og omlag 54 institutt og faglege senter. Campus ligg i sentrale delar av Bergen med universitetsområde på Nygårdshøyden, Haukeland, Marineholmen, Møllendalsveien og Årstad.
Gjennom eit sterkt og tett samspel med omverda - globalt, nasjonalt og lokalt - skal vi medverke til eit samfunn bygd på kunnskap, ferdigheiter og haldningar.
Vil du vere med å forme framtida?
Seniorkonsulent
Ved Det medisinske fakultet, klinisk odontologi (IKO), er det ledig ei 50% stilling som konsulent (prosjektøkonom/prosjektadmistrator) for en periode på 2 år, med moglegheit for forlenging. Stillinga er knytt til forskningsgruppa Tissue Engineering som ein del av store samarbeidsprosjekt finansiert av Trond Mohn Stiftelsen (BFS2018MT10), Olav Thon Stiftelsen (PA815331), Forskningsrådet, NFR (PA814555) og EU-kommisjonen (PA815544).
Forskningsgruppa Tissue Engineering er ei av dei største forskingsgruppene ved Det medisinske fakultet, både når det gjeld talet på forskarar og budsjett. Det er administrasjonen si oppgåve å gje god økonomisk og administrativ støtte til aktivitetar og prosjekt. Ein person med kompetanse innan økonomi, leiing og rapportering er naudsynt.
Arbeidsoppgåver:
økonomisk styring av eksterne og internt finansierte forskingsprosjekt
økonomisk og administrativ leiing; ansvar for budsjettering og økonomisk rapportering
støtte til forskarar i applikasjonar og drift av forskingsprosjekt
administrasjons-, leiings- og rapporteringsstøtte til leiar av forskargruppa
støtte og råd innan økonomi til forskargruppas leiar
rutinemessig rekneskaps- og økonomiarbeid
Det kan verte aktuelt å leggje andre oppgåver til stillinga.
Kvalifikasjonar og eigenskapar:
søkjar må ha mastergrad. Lang relevant praksis kombinert med relevant etter- og vidareutdanning kan i særskilte høve kompensere for manglande formell utdanning
relevant erfaring frå tilsvarande verksemd er ynskjeleg
god forståing og erfaring frå alle prosessar i prosjektøkonomi er ein føremon
gode ferdigheiter i Excel
evne til å uttrykke deg godt skriftleg og munnleg både på norsk og engelsk
gode samarbeidsevner og serviceinnstilling
Vi søkjer ein person som
har gode kommunikasjons- og samarbeidseigenskapar
er serviceinnstilt og positiv
er strukturert, målretta og har god gjennomføringsevne
har stor grad av sjølvstende og evne til problemløysing
har digital kompetanse og evne til å tileigne seg nye ferdigheiter
har interesser for forbetringsarbeid og nye løysingar
bidrar til vårt gode arbeidsmiljø
Ved vurdering av søkjaren vil vi legge stor vekt på dei personlege eigenskapane som er naudsynte for stillinga.
Vi kan tilby:
spanande og utviklande arbeidsoppgåver i eit sterkt fagmiljø
stilling som seniorkonsulent (kode 1363) i lønssteg 55-61 i det statlege lønsregulativet. Dette utgjer for tida brutto årslønn kr. 488 000-542 400. For særleg kvalifiserte søkjarar kan høgare løn vurderast.
Utfyllande opplysningar om stillinga kan ein få ved å vende seg til:
Administrasjonssjef Signe Solberg, signe.solberg@uib.no , telefon 55 58 66 88 eller
Professor Kamal Mustafa, kamal.mustafa@uib.no, telefon 55 58 60 97
Den statlege arbeidsstyrken skal i størst mogleg grad spegle mangfaldet i befolkninga. Personar med innvandrarbakgrunn og personar med nedsett funksjonsevne blir oppmoda om å søkje stillinga.
Opplysningar om søkjaren kan bli gjort offentlege sjølv om søkjaren har oppmoda om ikkje å bli ført på søkjarlista. Dersom oppmodinga ikkje blir teke til følgje, skal søkjaren varslast om dette