LEDIG STILLING VED UNIVERSITETET I BERGEN

Seniorkonsulent (økonomi og administrasjon) - d Det medisinske fakultet

Søknadsfrist: 14.08.2022

Universitetet i Bergen

Universitetet i Bergen er ein anerkjend utdannings- og forskingsinstitusjon, organisert i sju fakultet og omlag 54 institutt og faglege senter. Campus ligg i sentrale delar av Bergen med universitetsområde på Nygårdshøyden, Haukeland, Marineholmen, Møllendalsveien og Årstad.


Det medisinske fakultet består av fem institutt og sju senter. Les meir om fakultet og tilhøyrande institutt.

Kunnskap som formar samfunnet

Gjennom eit sterkt og tett samspel med omverda - globalt, nasjonalt og lokalt - skal vi medverke til eit samfunn bygd på kunnskap, ferdigheiter og haldningar.

Vil du vere med å forme framtida?

Seniorkonsulent

Ved Det medisinske fakultet, Broegelmanns Forskningslaboratorium, Klinisk institutt 2 er det ledig ei fast stilling som seniorkonsulent 100%. Broegelmanns Forskningslaboratorium er organisert ved Klinisk institutt 2, men er også underlagt Broegelmanns Legat som finansierer deler av verksemda ved laboratoriet. Broegelmanns Forskningslaboratorium består av vitskapeleg- og tekniske personer samt administrasjon. Våre vitskapelege kollegaer driv med undervisning og forsking innan faget immunologi, nærare bestemt translasjonell inflammasjonsforsking retta spesielt mot revmatisk sjukdom. Det er seniorkonsulenten si oppgåve å yte god administrativ og økonomisk støtte og oppfølging til den faglege verksemda ved laboratoriet.

Seniorkonsulenten handterer administrasjon og økonomi ved laboratoriet og samarbeider tett med leier for forskningslaboratoriet og dei vitskapelige og tekniske tilsette i forskningsgruppa. Som tilsett vil du også tilhøyra ein høgt kompetent og inkluderande administrasjon ved Klinisk institutt 2. Vi søkjer deg som trivs i eit travelt miljø med høgt tempo, som samarbeider og kommuniserer godt med andre og som har høg evne til gjennomføring.

Arbeidsoppgåver:

  • Leierstøtte- og rådgjeving i økonomi- og administrative spørsmål til leier av Broegelmanns Forskningslaboratorium (BFL) og forskarar tilknytt forskingsgruppa
  • Være knutepunkt for forskarer, PhD kandidater og teknikere ved BFL
  • Økonomistyring av BFLs økonomi og eksterne prosjekt ved forskningsgruppa
  • Økonomioppfølging; ansvar for budsjettering og økonomirapportering
  • Støtte til forskarane ved søknader og drift av forskingsprosjekt
  • Rutinearbeid opp mot regnskap og økonomi
  • Behjelpelig med anna administrative oppgåver som seminara, konferanser etc.

Det kan verte aktuelt å leggje andre oppgåver til stillinga.

Kvalifikasjonar og eigenskapar:

  • Søkjar må ha mastergrad i økonomisk-administrative fag. Lang relevant praksis kombinert med relevant etter- og vidareutdanning kan i særskilte høve kompensere for manglande formell utdanning.
  • Relevant erfaring frå tilsvarande verksemd er ynskelig
  • Kjennskap til Universitetet i Bergen sin organisasjon er eit føremon
  • God forståing og erfaring frå alle prosesser i økonomiarbeid, særleg proskjektøkonomi er ein føremon
  • Gode datakunnskap, ferdigheiter i Excel el.
  • Evne til å uttrykke deg godt skriftlig og munnleg både på norsk og engelsk

Vi søkjer ein person som 

  • Er serviceinnstilt og positiv
  • Har gode kommunikasjons- og samarbeidsegenskapa
  • Er strukturert, målretta og har god evne til gjennomføring
  • Har stor grad av sjølstende og evne til problemløysing og likar ei travel arbeidshverdag
  • Har digital kompetanse og evne til å tileigne seg nye ferdigheter

Ved vurdering av søkjaren vil vi legge stor vekt på dei personlege eigenskapane som er naudsynte for stillinga.

Vi kan tilby:

  • Spennande og utviklande arbeidsoppgåver i et sterkt fagmiljø
  • Stilling som seniorkonsulent (kode 1363) i lønssteg 57-62 i det statlege lønsregulativet. Dette utgjer for tida brutto årslønn kr. 516 100- 563 900. For særs kvalifisert søkjar kan høgare løn vurderast.
  • Medlemsskap i Statens pensjonskasse
  • Gode velferdsordningar

Generell informasjon:

Utfyllande opplysningar om stillinga kan ein få ved å vende seg til:

  • Professor Helena Erlandsson Harris, helena.harris@uib.no, telefon 55 974649 eller +46 70 730 0348

Den statlege arbeidsstyrken skal i størst mogleg grad spegle mangfaldet i befolkninga. Personar med innvandrarbakgrunn og personer med nedsett funksjonsevne blir oppmoda om å søkje stillinga.

Opplysningar om søkjaren kan bli gjort offentlege sjølv om søkjaren har oppmoda om ikkje å bli ført på søkjarlista. Dersom oppmodinga ikkje blir teke til følgje, skal søkjaren varslast om dette.

Nærare om tilsettingsprosessen her.

Søk på stillingen

Powered by Labrador CMS