Universitetet i Bergen er en anerkjent utdannings- og forskningsinstitusjon, organisert i syv fakulteter og rundt 54 institutter og faglige sentre. Campus ligger i sentrale deler av Bergen med universitetsområder på Nygårdshøyden, Haukeland, Marineholmen, Møllendalsveien og Årstad.
Sentraladministrasjonen gir råd og bistand til ledelse og fakulteter ved Universitetet i Bergen.
Sentraladministrasjonen er organisert i syv avdelingar. Les meir om økonomiavdelinga her.
Kunnskap som formar samfunnet
Gjennom eit sterkt og tett samspel med omverda - globalt, nasjonalt og lokalt - skal vi medverke til eit samfunn bygd på kunnskap, ferdigheiter og haldningar.
Vil du vere med å forme framtida?
Seniorkonsulent - Lønnsnær HR fagspesialist
UiB tok 1. januar 2021 i bruk SAP som nytt personal- og lønnsdatasystem. I den samanheng vart det etablert fagspesialistteam innan lønn og lønnsnær HR knytt til Økonomiavdelinga. Teamet består av tilsette som har erfaring innan fagfeltet HR, økonomi, og lønn. I samanheng med etablering av teamet, vil det vere behov for å styrke bemanninga med fleire stillingar.
Saksbehandling av oppgåver knytt til lønnsnær HR i samsvar med regelverk og rutinar
Ansvar for å sikre god datakvalitet i systemløysinga innanfor ferie- og tidregistrering
Kontroll, kvalitetssikring og rapportering
Ressurs ved lønnsforhandlingar
Rettleiing (rettleiingsoppgåver), til dømes i samanheng med kompetanseoppbygging innanfor eit spesielt saksområde eller fagfelt
Brukar- og leiarstøtte knytt til sjølvbetjeningsløysingar og regelverk
Rettleiing mot fakultet/einingar
Fagspesialistteamet skal ha ei aktiv rolle internt ved UiB. Dette omfattar å bidra til opplæring, rettleiing og systemstøtte til organisasjonen. Stillinga gir moglegheit for å delta i utvikling av standardisering av nye rutinar og prosessar ved UiB.
Kvalifikasjonar og eigenskapar:
Høgare utdanning på fortrinnsvis bachelor- eller masternivå, innan HR, administrasjon, eller andre relevante fag. Lang, relevant praksis kombinert med relevant etter- og vidareutdanning kan i særlege tilfelle kompensere for manglande formell utdanning.
God kunnskap om lovverk, tariffavtaler og regelverk knytt til tilsetjingsforhold i staten
Gode munnlege og skriftlege kunnskapar på norsk og engelsk
Det er ein fordel med HR-kompetanse frå offentleg verksemd
Det er også ein fordel med kompetanse i personal- og lønnsdatasystemet SAP
Evne til å arbeide sjølvstendig, systematisk og effektivt
God problemløysingsevne
Evne til å prioritere oppgåver og vere leveransedyktig
Gode kommunikasjons- og samarbeidsevner
Vi kan tilby:
Eit positivt og inkluderande arbeidsmiljø med fagleg tyngde
Lønn etter lønnstrinn 56- 62 (for tida kr. 507 600 – 563 900) for seniorkonsulent (kode 1363) avhengig av kvalifikasjonar. For særskilt godt kvalifiserte søkarar kan ein vurdere høgare lønn
Den statlege arbeidsstyrken skal i størst mogleg grad spegle mangfaldet i befolkninga. Personar med innvandrarbakgrunn og personar med nedsett funksjonsevne blir oppmoda om å søkje stillinga.
Opplysningar om søkjaren kan bli gjort offentlege sjølv om søkjaren har oppmoda om ikkje å bli ført på søkjarlista. Dersom oppmodinga ikkje blir teke til følgje, skal søkjaren varslast om dette.
UiB er underlagt regelverket for eksportkontroll og regelverket kan komme til anvending ved behandling av søknader til stillinga