LEDIG STILLING VED UNIVERSITETET I BERGEN

Seniorkonsulent - Institutt for arkeologi, historie, kultur- og religionsvitskap

Søknadsfrist: 03.08.2022

Universitetet i Bergen

Universitetet i Bergen er ein anerkjend utdannings- og forskingsinstitusjon, organisert i sju fakultet og omlag 54 institutt og faglege senter. Campus ligg i sentrale delar av Bergen med universitetsområde på Nygårdshøyden, Haukeland, Marineholmen, Møllendalsveien og Årstad.


Det humanistiske fakultet består av fire institutt og to senter. Les meir om fakultet og tilhøyrande institutt.

Kunnskap som formar samfunnet

Gjennom eit sterkt og tett samspel med omverda - globalt, nasjonalt og lokalt - skal vi medverke til eit samfunn bygd på kunnskap, ferdigheiter og haldningar.

Vil du vere med å forme framtida?

Seniorkonsulent

Velkommen som søkjar til ei 100 % stilling som seniorkonsulent ved Institutt for arkeologi, historie, kultur- og religionsvitskap. 80% av stillinga er knytt til eksamens- og undervisningsadministrasjon, medan 20% av stillinga er knytt til førstelinetenesta for SapienCE, instituttet sitt senter for framifrå forsking (SFF).

Instituttet har om lag 100 vitskapleg tilsette og om lag 1700 studentar. Fleire forskarar frå ulike fagfelt ved andre UiB-fakultet, NORCE og internasjonale samarbeidspartnarar er knytt til SapienCE. SapienCE driv forsking på åtferdsutviklinga til homo sapiens i Sør-Afrika for mellom 50.000 og 100.000 år sidan, og ei heilskapleg tilnærming vil gje banebrytande innsikt i dei ulike aspekta av kva det vil seie å vere menneske. Senteret har fem Principal Investigators (PIs), som utgjer leiargruppa saman med senterleiar.

I den administrative staben ved AHKR inngår 12 faste stillingar. Studieleiar er koordinator for studiegruppa ved instituttet, og seniorkonsulenten rapporterer til henne for hovuddelen av stillinga. Administrativ leiar for SapienCE koordinerer dei administrative tenestene ytt til senteret frå instituttet og fakultetet, og for denne delen av stillinga rapporter stillingsinnehavaren til han. Administrasjonssjefen er leiar for instituttadministrasjonen samla.

Arbeidsoppgåver:

Aktuelle arbeidsoppgåver knytt til eksamens- og undervisningsadministrasjon

  • Planlegge undervisning og arbeide med timeplan
  • Ha ansvar for planlegging og praktisk gjennomføring av eksamen, samt etterarbeid knytt til eksamen
  • Vere sakshandsamar i saker om karakterklagar
  • Følgje med på den digitale utviklinga innan studieadministrasjon, og ta aktivt del i utprøving og implementering av nye digitale løysingar på feltet
  • Ta del i rutineutvikling
  • Ta hand om korrespondanse og drive variert sakshandsaming
  • Ta aktivt del i eksamensnettverket
  • Vere stedfortredar i instituttekspedisjonen

Det studieadministrative arbeidet krev god dialog og tett samarbeid med vitskapleg personale, og det er ein føresetnad at eksamens- og undervisningskonsulenten medverkar til god kommunikasjon mellom studiegruppa og fagmiljø.

Aktuelle arbeidsoppgåver særleg knytt til førstelinetenesta for SapienCE

  • Ta hand om bestillingar, fakturamottak og varemottak
  • Ta hand om drift og vedlikehald av maskiner og areal
  • Stå for den praktiske tilrettelegginga av ulike typar arrangement
  • Ta del i førefallande praktiske oppgåver
  • Legge til rette for mottak av nytilsette og gjestar

Arbeidet knytt til SapienCE krev tett samarbeid med administrativ leiar og dei andre som yt administrative tenester til senteret, og det krev god dialog med leiargruppa og dei ulike forskarane som er knytt til senteret. Mykje av kommunikasjonen både skriftleg og munnleg går føre seg på engelsk.

Alle i administrasjonen vil, i tillegg til dei spesifikke funksjonar lagt til si stilling, også måtte ta del i andre administrative oppgåver. Det kan verte aktuelt med enkelte justeringar av arbeidsoppgåver og arbeidsfordeling.

Kvalifikasjonar og eigenskapar:

Kvalifikasjonar

  • Høgare utdanning på bachelornivå, eller anna utdanning/erfaring tilpassa dei oppgåvene stillinga skal dekkje
  • Relevant praksis er ein klar føremon
  • Kjennskap til undervisningsplanlegging og eksamensadministrasjon er ein klar føremon
  • Kjennskap til innkjøpsrutinar og førstelinetenester er ein klar føremon
  • God kjennskap til det studieadministrative arbeidsfeltet og erfaring frå universitets- eller høgskolesystemet og offentleg forvaltning blir vektlagt
  • God skriftleg og munnleg framstillingsevne på begge målformer
  • Gode engelskkunnskapar
  • God IT-kompetanse og røynsle med program som FS, TP, Inspera, Basware og ePhorte er ein føremon

Personlege eigenskapar

  • Gode samarbeids- og kommunikasjonsevner, og god sørvisinnstilling
  • Initiativ, engasjement og fleksibilitet
  • Evne til å arbeide sjølvstendig, strukturert og målretta
  • Evne til prioritering og orden i fasar med stort arbeidspress

I vurderinga av søkjarane vert det lagt stor vekt på dei personlege kvalifikasjonane som trengst i stillinga.

Vi kan tilby:

  • Løn etter lønssteg 55-60 (kode 1363) i det statlege lønnsregulativet, for tida kroner 499 100-543 100. For særskilt kvalifiserte søkjarar kan det verte aktuelt å vurdere høgare løn.
  • Eit godt og interessant arbeidsmiljø, utfordrande oppgåver og høve til utvikling og kompetanseheving
  • Medlemskap i Statens pensjonskasse
  • Stilling i ei inkluderande arbeidslivsverksemd (IA-verksemd)
  • Gode velferdsordningar

Generell informasjon:

Utfyllande opplysningar om stillinga kan ein få ved å vende seg til:

  • Administrasjonssjef Britt Kristin Holsen ved Institutt for arkeologi, historie, kultur- og religionsvitskap, telefon 55 58 23 15, e-post Britt.Holsen@uib.no

Den statlege arbeidsstyrken skal i størst mogleg grad spegle mangfaldet i befolkninga. Personar med innvandrarbakgrunn og personar med nedsett funksjonsevne vert oppmoda om å søkje stillinga.

Den som vert tilsett må rette seg etter dei retningslinene som til kvar tid gjeld for stillinga.

Opplysningar om søkjaren kan bli gjort offentlege sjølv om søkjaren har oppmoda om ikkje å bli ført på søkjarlista. Dersom oppmodinga ikkje blir teke til følgje, skal søkjaren varslast om dette.

Søknad, CV og vedlegg skal sendast elektronisk via link på denne sida «SØK STILLINGEN».

Nærare om tilsettingsprosessen her.

UiB-ID: 22/8088

SØK STILLINGEN

Powered by Labrador CMS