Seniorkonsulent innan etter- og vidareutdanning og eksamensadministrasjon
Søknadsfrist: 14.08.2022
Publisert
Universitetet i Bergen
Universitetet i Bergen er ein anerkjend utdannings- og forskingsinstitusjon, organisert i sju fakultet og omlag 54 institutt og faglege senter. Campus ligg i sentrale delar av Bergen med universitetsområde på Nygårdshøyden, Haukeland, Marineholmen, Møllendalsveien og Årstad.
Gjennom eit sterkt og tett samspel med omverda - globalt, nasjonalt og lokalt - skal vi medverke til eit samfunn bygd på kunnskap, ferdigheiter og haldningar.
Vil du vere med å forme framtida?
Seniorkonsulent i studieseksjonen
Ved Det psykologiske fakultet er det ledig ei fast stilling som seniorkonsulent i fakultetsadministrasjonen med oppstart så snart som mogleg.
Stillinga inneber mellom anna ansvar for drift, kvalitetssikring, utviklings- og utgreiingsarbeid innan fakultetets tilbod om etter- og vidareutdanning, samt eksamensavvikling av emne som stillinga har ansvar for.
Arbeidsoppgåver:
Programkoordinator for fakultetets etter og vidareutdanningstilbod
Sikre drift, kvalitetsutvikling samt oppfølging av studentar knytt til EVU tilbodet
Planlegge, koordinere og utføre praktisk arbeid omkring eksamensavviklinga
Sakshandsaming knytt til EVU og eksamensarbeid
Oppdatering og vedlikehald av nettsider og studentinformasjon
Andre arbeidsoppgåver kan bli lagt til stillinga
Kvalifikasjonar og eigenskapar:
Søkaren må:
ha bachelorgrad og helst mastergrad. Relevant realkompetanse kombinert med relevant etter- og videreutdanning kan i nokre tilfelle vege opp for utdanningskravet.
ha relevant administrativ praksis
ha god IT-kompetanse
kunne arbeide sjølvstendig og vere initiativrik
vere strukturert og nøyaktig
Det er ein føremon om søkaren:
har god kjennskap til universitets- og høgskulesektoren og offentleg forvaltning. Det same gjeld erfaring frå studieadministrativt arbeid og sakshandsaming innan offentlig forvaltning.
kjenner til Felles Studentsystem (FS) og andre digitale verkty
Relevant praksis (erfaring frå studieadministrativt arbeid, sakshandsaming o.l.) og personlege eigenskapar nødvendige for stillinga vil bli særskild vektlagt.
Vi kan tilby:
Spennande og utviklande arbeidsoppgåver i eit sterkt fagmiljø
Stilling som seniorkonsulent (kode 1363) i lønssteg 53 - 59 (for tida kr 483 700 - 534 400 ) i det statlege lønsregulativet. For særleg kvalifiserte søkjarar kan det verte aktuelt å vurdere høgare løn.
Den statlege arbeidsstyrken skal i størst mogleg grad spegle mangfaldet i befolkninga. Personar med innvandrarbakgrunn, hol i CV eller personar med nedsett funksjonsevne blir oppmoda om å søkje stillinga. Opplysningar om nedsatt funksjonsevne eller hol i CV, kan verte brukt til registreringsføremål i Universitetet i Bergen sin inkluderingsdugnad.
Opplysningar om søkjaren kan bli gjort offentlege sjølv om søkjaren har oppmoda om ikkje å bli ført på søkjarlista. Dersom oppmodinga ikkje blir teke til følgje, skal søkjaren varslast om dette.