Seniorkonsulent (2 x HR) - Det medisinske fakultet
Søknadsfrist: 18.05.2022
Publisert
Universitetet i Bergen
Universitetet i Bergen er ein anerkjend utdannings- og forskingsinstitusjon, organisert i sju fakultet og omlag 54 institutt og faglege senter. Campus ligg i sentrale delar av Bergen med universitetsområde på Nygårdshøyden, Haukeland, Marineholmen, Møllendalsveien og Årstad.
Gjennom eit sterkt og tett samspel med omverda - globalt, nasjonalt og lokalt - skal vi medverke til eit samfunn bygd på kunnskap, ferdigheiter og haldningar.
Vil du vere med å forme framtida?
Seniorkonsulent
Ved Det medisinske fakultet er det ledig to stillingar som seniorkonsulent (100 %) med administrative oppgåver innan HR, hovudsakeleg rekrutteringsarbeid. Noko personalarbeid kan og bli aktuelt. Omfanget av dei ulike felt vil variere over tid. Anna administrativt arbeid kan og verte aktuelt. Seniorkonsulentane rapporterer til seksjonsleiar for HR-seksjonen.
Fakultetet har om lag 1 200 tilsette, fem institutt og to senter for framifrå forsking. Fakultetet har forskingsaktivitet på høgt internasjonalt nivå, og utdanningsprogram i medisin, odontologi, farmasi, ernæring og andre bachelor- og masterprogram i helserelaterte fag. Fakultetet samarbeider tett med sentrale aktørar i helsevesenet og med andre utdanningsinstitusjonar. Fakultetsadministrasjonen tel om lag 55 medarbeidarar. Rekrutteringsseksjonen og personalseksjonen ved fakultetet er nyleg samanslege til ein HR-seksjon. Den nye seksjonen vil bestå av 12 tilsette og har ansvar for dei samla HR-tenestene på fakultetet.
Hovudarbeidsfeltet vil vere oppgåver knytt til utlysing og tilsetjing. I tillegg vil sakshandsamingsoppgåver knytt til oppfølging gjennom tilsetjingsforholdet og leiarstøtte vere aktuelt.
UiB arbeider med standardisering av administrative tenester generelt, inkludert digitalisering av rekrutteringsprosessar. Endringar i arbeidsfelt og arbeidsrutinar vil derfor måtte påreknas
Arbeidsoppgåver:
Sakshandsaming innan seksjonens ansvarsfelt, ml. a.:
oppgåver knytt til utlysing og tilsetjing
sakshandsaming ved tilsetjing og arbeidsavtaler
saksførebuing til tilsetjingsorgan
leiarstøtte ved oppfølging av tilsette i tilsetjingsforholdet
bidra i utviklingsoppgåver knytt til saksfelta
generell rådgjeving, mellom anna knytt til lovverk og reglar
Det kan verte aktuelt å leggje andre oppgåver til stillinga.
Kvalifikasjonar og eigenskapar:
Søkjar må ha bachelorgrad. Lang og relevant praksis kan i særskilte høve kompensere delvis for manglande formell utdanning.
Relevant erfaring eller utdanning innan HR-arbeid, er eit krav.
Det er ein føremon med kunnskap i statleg lov- og avtaleverk innan HR-feltet.
Kjennskap til arbeidsverktøy som SAP, Office, ePhorte/Elements er ein føremon
Gode kunnskapar i norsk og engelsk, skriftleg og munnleg. Det er ein føremon med båe målføre.
Vi søkjer ein person som
har stor grad av sjølvstende og evne til problemløysing
har gode kommunikasjons- og samarbeidseigenskapar
har digital kompetanse og evne til å tileigne seg nye ferdigheiter
arbeider systematisk og nøyaktig
Ved vurdering av søkjaren vil vi legge stor vekt på dei personlege eigenskapane som er naudsynte for stillinga.
Vi kan tilby:
Spanande og utviklande arbeidsoppgåver i eit sterkt fagmiljø
Stilling som seniorkonsulent (kode 1363) i lønssteg 57-62 i det statlege lønsregulativet. Dette utgjer for tida brutto årslønn kr. 516 100- 563 900. For særs kvalifisert søkjar kan høgare løn vurderast.
Den statlege arbeidsstyrken skal i størst mogleg grad spegle mangfaldet i befolkninga. Personar med innvandrarbakgrunn og personer med nedsett funksjonsevne blir oppmoda om å søkje stillinga.
Opplysningar om søkjaren kan bli gjort offentlege sjølv om søkjaren har oppmoda om ikkje å bli ført på søkjarlista. Dersom oppmodinga ikkje blir teke til følgje, skal søkjaren varslast om dette.