Seniorkonsulent (100%) ved Klinisk institutt 2 - Det medisinske fakultet
Søknadsfrist: 14.04.2024
Publisert
Universitetet i Bergen
Universitetet i Bergen er ein anerkjend utdannings- og forskingsinstitusjon, organisert i sju fakultet og omlag 54 institutt og faglege senter. Campus ligg i sentrale delar av Bergen med universitetsområde på Nygårdshøyden, Haukeland, Marineholmen, Møllendalsveien og Årstad.
Gjennom eit sterkt og tett samspel med omverda - globalt, nasjonalt og lokalt - skal vi medverke til eit samfunn bygd på kunnskap, ferdigheiter og haldningar.
Vil du vere med å forme framtida?
Seniorkonsulent
Ved Det medisinske fakultet, Klinisk institutt 2, er det ledig stilling som seniorkonsulent (100 %) i instituttadministrasjonen med tilsetjing snarast.
Klinisk institutt 2 er eit av dei største institutta ved Universitetet i Bergen med 350 tilsette, og ein administrasjon på 20 personar. Våre vitskaplege kollegaer driv med undervisning og forsking innan eit bredt spekter av fagområde som kreft, hjarte, lunge, geriatri, pediatr med meir. Det er administrasjonens oppgåve å gje god administrativ støtte og oppfølging til den faglege verksemda. Vi forvaltar eit budsjett på over 200 millionar kronar.
Arbeidsoppgåver:
Sakshandsamingsoppgåver, utgreiings- og utviklingsoppgåver som krev stor grad av sjølvstende og problemløysing
Støtte instituttets leiing innan administrative oppgåver (herunder sakshandsaming innan HR, økonomi, møterverksemd, arrangement og andre oppgåver som tilfaller instituttets administrasjon)
Følgje opp instituttet sine doktorgradskandidatar frå søknad om opptak til disputas
Førebuing og oppfølging av honorar
Kontroll og rapportering av publikasjonar
Utarbeiding av kontraktar og arbeidsavtalar
Administrasjon av forskarkurs og forskarskuler
Informasjonsoppgåver (til dømes nyhetsbrev og nettsider)
Det kan verte aktuelt å leggje andre oppgåver til stillinga.
Kvalifikasjonar og eigenskapar:
Søkjar må ha mastergrad. Relevant realkompetanse kombinert med relevant etter- og vidareutdanning kan i særskilte høve kompensere for utdanningskravet.
Må ha evne til å uttrykkje seg godt skriftleg og munnleg både på norsk og engelsk
Gode samarbeidsevner og serviceinnstilling
God administrativ IT-kompetanse
Erfaring frå administrativt arbeid i UH-sektoren vil vere ei føremon
Det er ynskjeleg med erfaring og kjennskap til fellessystema som UiB nyttar til forskningsadministrativt arbeid
Erfaring med koordinering og samarbeid
Vi søkjer ein person som:
har gode kommunikasjons- og samarbeidseigenskapar
har digital kompetanse og evne til å tileigne seg nye ferdigheiter
er nøyaktig, fleksibel og kan handtere mange oppgåver samstundes i ein hektisk kvardag
er god på problemløysing
har stor grad av sjølvstende
har stor grad av serviceinnstilling
vil bidra til det faglege og sosiale fellesskapet
Ved vurdering av søkjaren vil vi legge stor vekt på dei personlege eigenskapane som er naudsynte for stillinga.
Vi kan tilby:
Spennande og utviklande arbeidsoppgåver i et sterkt fagmiljø
Løn som seniorkonsulent (kode 1363) er for tida kr 557.100 - 615.700,- (lønssteg 57-63) i det statlege lønsregulativet. For særs kvalifiserte søkjarar kan det verte aktuelt å vurdere høgare løn.
Utfyllande opplysningar om stillinga kan ein få ved å vende seg til:
Administrasjonssjef Maria Holmaas, tlf. 55 58 54 09 eller 99 59 30 25, epost: maria.holmaas@uib.no
Den statlege arbeidsstyrken skal i størst mogleg grad spegle mangfaldet i befolkninga. Personar med innvandrarbakgrunn og personer med nedsett funksjonsevne blir oppmoda om å søkje stillinga.
Opplysningar om søkjaren kan bli gjort offentlege sjølv om søkjaren har oppmoda om ikkje å bli ført på søkjarlista. Dersom oppmodinga ikkje blir teke til følgje, skal søkjaren varslast om dette.